Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Desse trenarane tek livet av motivasjonen
Ein av fem norske trenarar har ein mentalitet som kan vere svært uheldig for unge utøvarar, viser ny forsking.
Eline Kulstad-Torneus (ytst til høgre) kom frå stillinga som utviklingssjef i Vålerenga fotball til Norges fotballforbund i vinter. Nå er ho landslagstrenar for J15-J17.(Foto: Norges fotballforbund)
Det tok lang tid før
Eline Kulstad-Torneus som ungdom klarte å spele fotball utan frykt. Utan å tenkje på konsekvensane på kva som ville skje om ho skulle tape ballen.
Den indre dialogen til den tidlegare toppseriespelaren var berre basert på at vi må score, vi må vinne, vi må ikkje sleppe inn mål. For då tapar vi.
På eit sommarstille Ullevaal stadion fortel landslagstrenaren at ho nå har fått ein heilt annan mentalitet.
Alt blei lettare da ho klarte å skifte mentalitet og såg på utvikling framfor resultat.
Det er noko av det viktigaste ho har teke med seg inn i karrieren som trenar.
– Når eg snakkar med
utøvarane mine er eg alltid ute etter utviklinga deira. Så lenge eg seier alt
med kjærleik, så gjer det noko med dynamikken i samtalen. Ein fotballspelar
presterer ikkje om ho ikkje er trygg, seier trenaren frå Skjervøy i Troms.
– Den tryggheita hadde eg
vel aldri, legg ho til.
Som spelar spelte Eline Kulstad-Torneus for Fløya og Røa i Toppserien. Ho starta trenarkarrieren som spelande trenar i Fløya, og har også trent herrelaget Skjervøy i 3. divisjon.(Foto: Kristian Moe)
Statisk mentalitet kan gi mangel på læring
Ny forsking frå Norges idrettshøgskole (NIH) viser at
ein av fem norske trenarar har ein statisk mentalitet.
Desse trenarane trur i
større grad at ein kan identifisere talent i tidleg alder, og at talentet har stor betydning for kor gode dei kan bli i idretten.
– Trenaren vil alltid vere ansvarleg for læringskulturen i ei gruppe. Viss den er prega av ein statisk mentalitet, kan utøvarane potensielt vere redde for å gjere feil, seier Dag André Nilsen ved Universitet i Innlandet.
– Trenaren vil alltid vere ansvarleg for
læringskulturen i ei gruppe. Viss den er prega av ein statisk mentalitet, kan
utøvarane potensielt vere redde for å gjere feil. Det kan i fyrste omgang
føre til mangel på læring, fordi ein heile tida unngår å gjere vanskelege
oppgåver, seier Nilsen.
Dei merkar at dei ikkje
har det treneren anerkjenner og ser etter på treningsfeltet.
Hovudfunna i studien
Ein av fem trenarar (19,6 prosent) i norsk idrett rapporterer om ein statisk mentalitet og trur at talent i hovudsak er medfødd.
Omtrent to av tre trenarar (67 prosent) har ein uavklart mentalitet. Dei kan bikke begge vegar, avhengig av miljøet rundt seg.
Trenarar frå friidrett, fotball og gym og turn, rapporterte i større grad om statisk mentalitet enn trenarar frå handball.
Eldre trenarar og trenarar som ikkje er fødd i Noreg rapporterte i større grad om statisk mentalitet enn trenarar frå Noreg og yngre trenarar.
Ein av fem trenarar (20 prosent) meiner ein kan identifisere talent før 12-årsalderen.
Store forskjellar mellom idrettar på når trenarar meiner ein kan identifisere talent. Trenarar frå fotball, gym og turn og symjing meiner ein kan identifisere talent tidlegare enn trenarar frå friidrett, handball og ski.
Mange med statisk
mentalitet i fotball
Forskaren meiner
trenarens mentalitet har mykje å seie for både prestasjon og trivsel i ei
gruppe.
– Viss ein trenar meiner å
kunne identifisere dei som kan bli gode i ung alder, anerkjenner det å slå og
overvinne andre utøvarar, og ser på det som viktig og gir ros for det,
meiner vi at det bidrar til eit meir resultatorientert treningsmiljø.
Ein trenar med ein
vekstmentalitet vil heller gje tilbakemelding på kva den enkelte utviklar og
får til av ferdigheitsutvikling i idretten.
– For eksempel
tilbakemeldingar om skot eller ein pasning i fotball, forklarar Nilsen.
Ifølgje kartlegginga er
fotball ein av idrettane som har ein høg andel trenarar med ein statisk mentalitet.
Annonse
Hypotesa til Nilsen er at
mentaliteten i idretten er påverka av internasjonal idrett, talentidentifisering og treningskultur.
I enkelte idrettar og
land er hovedmålet med å delta i idrett å identifisere talent i ung alder for å
kunne trene desse til internasjonal suksess og gull i VM og OL. Dette kan vere idrettar
der gjennomsnittsalderen på deltakarane i meisterskap er låg, som i turn.
I fotball kan mange
norske trenarar vere påverka av middelhavsmodellen. Der handlar det om å
identifisere dei beste tidleg for at dei skal få eit ekstra godt tilbod i en
stadig mer profesjonalisert idrett.
Statisk mentalitet og vekstmentalitet
Professor Carol Dweck med kollegaer har dokumentert at den enkeltes tru på ferdigheiter og eigenskapar viser seg gjennom ein grunnleggjande mentalitet, enten statisk mentalitet eller vekstmentalitet.
Den enkeltes mentalitet er av stor betydning for korleis ein oppgåve blir vurdert, løyst og evaluert.
Dei med vekstmentalitet legg ned større innsats og er meir tolmodige, handsamar feil og motstand på ein betre måte, og utviklar i større grad positive strategiar for læring og utvikling.
– Det blir ei fryktbasert utvikling
På Ullevaal stadion
fortel Eline Kulstad-Torneus om opplevingar med landets neste fotballstjerner
som tok EM-sølv tidlegare i sommar.
Eline Kulstad-Torneus meiner sjølv ho har ein tydeleg vekst-mentalitet. Likevel kjenner ho at den blir utfordra i mange situasjonar som trenar.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
Ein spelar hadde ikkje
vore innom landslagssystemet sidan ein talentleir i 2022. I sommar var ho tilbake
blant dei beste. Mot alle odds.
Kulstad-Torneus meiner
spelaren sjølv har ein vekstmentalitet, men har blitt møtt med trenarar med
statisk mentalitet. Dei har ikkje gitt tilbakemeldingane ho har
trengt.
– Ho er eit klart
unnatak. Eg veit om mange med liknande historie som har slutta.
36-åringen tok over som
landslagstrenar for J15-17 i vinter, og førte nyleg J-17-landslaget til
EM-finale og sølvmedaljar.
Ho kom frå jobben som
utviklingssjef i Vålerenga, og er langt frå overraska over at så mange
fotballtrenarar har eit statisk tankesett.
– Det synest eg er
frykteleg synd. Min oppfatning er at viss du har ein statisk mentalitet, så
klarer du ikkje å legge til rette for ei trygg utvikling for spelarane. Det
blir ei meir fryktbasert utvikling, seier Kulstad-Torneus.
For henne handlar det om
motivasjon til å utvikle seg vidare. Og om å ta vare på dei som ikkje er best
som barn og ungdom, men som kanskje likevel kan nå langt.
Annonse
Det er nok mange
trenarar som har bidratt til at spelarar sluttar altfor tidleg, meiner ho. Når du veke
etter veke ikkje får spele kamp, til dømes.
– Det er slik vi tar livet av motivasjonen til
spelarane våre. Vi gir dei aldri moglegheita, og dei får aldri tida til å
tilpasse seg til omstendigheitene rundt kampen, seier trenaren.
Skummelt at trenarar er
kyniske i laguttak for 12-åringar
Ho er tydeleg ein trenar
som ikkje meiner at talentet er medfødd, men at det er noko ein kan utvikle.
– At vi begynner å vere
såpass kyniske på laguttak nede i 12-årsalderen synest eg er skummelt. Det er
umogleg for oss å vite kven som kjem til å bli best, og kven som klarer å stå i
løpet og vere med heile vegen. Eg har ikkje sjanse til å seie kven av dei
jentene eg trenar som ender opp med å bli best til slutt, seier ho.
Sjølv har ho klare
verdiar ho fylgjer som trenar. Likevel veit ho at det er
situasjonar der verdiane hennar blir sett på prøve.
Det er viktige kampar som
må bli avgjort for å nå eit sluttspel eller gå vidare i turneringar.
Spelarar som kanskje hadde godt av å spele meir
for si eigen utvikling, blir tatt av banen.
– I avgjerande minutt av
ein kamp kan det vere vanskeleg å hugse på. Vala ein tek undervegs er ikkje
bestandig i tråd med vekstmentalitet. Men det viktigaste for meg er at
refleksjonane og samtalane eg har med spelarane i etterkant, skjer
med vekstmentalitet.
Kulstad-Torneus trur mange trenarar i barne- og ungdomsfotballen favoriserer spelarar dei ser på som talentfulle i 12-13-årsalderen, men at vala ofte er ubevisste. Dei mindre talentfulle får spele mindre eller blir sett på B-lag.(Foto: Colourbox)
Kan du endre mentaliteten
din?
Forskar Dag André Nilsen vil anbefale trenarar i Noreg å vere bevisste og fleksible på kva mentalitet ein har.
– Vi trur at trenarar som
har vekstmentalitet i større grad klarer å vere fleksible på kva slags mål dei
har, som grunnlag for deira val i den enkelte situasjon. Dei kan sjå verdien av
å vinne ein kamp, det er jo ikkje noko gale i det, seier Nilsen.
Annonse
Mykje idrett handlar jo om tap og vinn.
– Men om det blir tap ser dei at læringa ikkje ligg i den
statiske mentaliteten, men i at dei klarer å skifte tilbake til
vekstmentalitet og fokusere på det dei kan gjere noko med, seier forskaren.
Alle er fødd med ein form
for tendens i sin mentalitet. Den blir forma gjennom livet og oppveksten. Men er det mogleg å endre den i
vaksen alder?
Som ein del av
doktorgradsprosjektet sitt gjennomførte Dag André Nilsen også eit forsøk der
dei fylgde trenarar på ei trenarutdanning frå dei starta til halvanna år
etter.
Mentaliteten deira blei
målt både før dei starta studia, undervegs og etter at dei var i gang som
trenarar.
Funna viste at det er
mogleg å endre mentalitet.
– Fleire av trenarane fortalde at dei bevega seg
frå å vere instruktør til å bli rettleiarar i utøvaranes utvikling. Dei gjekk
frå å sjå på seg sjølv som nokon som skulle overføre sin eigen kunnskap, til
ein som skal guide utøvarane i treningskvardagen og gje dei meistring på sitt
nivå.
Eldre trenarar og trenarar med utanlandsk opphav har meir statisk mentalitet, viste kartlegginga.(Foto: Norges idrettshøgskole)
Still deg sjølv spørsmål
Det fyrste steget ligg i å vere bevisst på kva situasjonar du som trenar har statisk mentalitet og når du har vekstmentalitet, meiner forskaren.
Spør deg sjølv om korleis
du vurderer utøvarane dine. Meiner du at nokon av dei har noko som er medfødd,
som er grunnen til at dei lykkast?
Eller tenkjer du at alle
har medfødde ferdigheiter, men at det handlar om å utvikle dei, og at det er
årsaka til at nokon når lengre enn andre?
– Still deg spørsmål som:
Kva vektlegg eg som trenar? Kva gjer eg på treningsfeltet for at utøvarane skal
oppleve at eg anerkjenner læring og utvikling, og at det er viktig for meg som
trenar? seier Nilsen.
Utøvarane treng å oppleve
at dei er verdifulle sjølv om de ikkje får til ein oppgåve her og no. Eller at
de gjer ein feil som får konsekvens for den enkelte eller for laget.
Annonse
Spør også deg sjølv om
kva det er som gir deg energi som trenar, og om det er noko du er redd for. Korleis ser du på innsats, andre sin suksess og møte med utfordringar?
Nilsen meiner det er
klassiske trigger-situasjonar der du får testa din eigen mentalitet.
Ekstra viktig for barne- og ungdomstrenarar
Som barne- og
ungdomstrenar har du eit spesielt ansvar, meiner han. Hjernen er nemleg på sitt mest sårbare og formbare i barne- og ungdomsåra.
– Kva du anerkjenner og kva for strategiar du vel, vil prege dei
resten av livet, seier Nilsen.
Kulstad-Torneus meiner
utøvarar som veks opp i idretten med ein trenar med ein vekstmentalitet, får
nytte av det også utanfor idrettsarenaen.
– Det strekk seg så
forbanna langt utanfor idretten, seier ho engasjert.
Når ungdomane kjem ut i
arbeidslivet og skal ta val sjølv, har dei ein heilt annan ballast å kome inn
med.
– Viss vi da har lagt til rette for at dei er med
på å ta val om si eiga utvikling, og ikkje tar alle vala for dei og spelar
PlayStation med dei på sidelinja, fordi vi er besatt av resultatet. Då legg vi ikkje noko godt grunnlag, seier ho.