Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Para-idrett: – Idrettsmiljøet var mi absolutte redning
Vilde Nilsen takkar idretten, men mange barn står utan tilbod. – Det som uroar meg mest med paraidretten i Noreg, er at det ofte handlar om flaks, seier forskar.
Vilde Nilsen har i alle år kjent at mange ikkje ser på para-idrett som toppidrett, men som breiddeidrett. Det endra seg då para-utøvarane blei inkludert under VM på ski i Trondheim i vinter.(Foto: Sander Buraas Johansen)
– Det at eg fekk halde på
med langrenn og vere ein del av eit idrettsmiljø medan eg var sjuk, og i
ettertid, har vore min absolutte redning, seier Vilde Nilsen.
Podcast: Paraidrett og inkludering
Verdsmeistaren frå VM i Trondheim i vinter fortel si historie om å bli inkludert i idretten i NIH-podden. Episoden ligg nedst i artikkelen.
Fekk sjeldan sjukdom som
åtteåring
I Trondheim fekk ho som
para-utøvar for fyrste gong konkurrere saman med funksjonsfriske i eit VM på
ski.
Då ho fekk påvist ein
sjeldan bindevevssjukdom som åtteåring var ho redd draumen om å bli som Marit
Bjørgen aldri kunne bli oppfylt.
– Ein av dei fyrste
gongene eg var på sjukehuset etter at eg blei sjuk, hugsar eg at eg var heilt
fortvila – ikkje berre fordi eg var sjuk, men fordi eg gjekk glipp av ei
fellestrening med skiklubben.
Vilde var aktiv på ski
frå før og hadde eit miljø i klubben som tok vare på ho.
– Den støtta og
oppfylginga eg har fått frå eg var liten til der eg er nå, har vore heilt
avgjerande for at eg har blitt den idrettsutøvaren eg har blitt.
Vilde Nilsen
24 år
Merittar: 12 VM-gull, to sølv og ein bronse frå Paralympics i 2018 og
2022.
Har lineær sklerodermi, ein sjeldan bindevevssjukdom.
Sjukdomen angreip hud, musklar, og bindevev i ein femårs-periode frå ho
var åtte år.
Har 40 prosent mindre muskelmasse i foten, og ein
beinlengdeforskjell på tre centimeter.
Starta
å konkurrere som para-utøvar som 13-14-åring, etter å ha konkurrert med
funksjonsfriske fram til det.
Vilde Nilsen hadde frå tidleg alder startnummeret på brystet. Som 3-4 åring var ho godt i gang med skitreninga.(Foto: Privat)
Intervjua idrettsungdomar
Det viser ny forsking frå
NIH og arbeidet med doktorgraden til Linn Engdahl-Høgåsen.
Ho forskar på inkludering
av barn og unge med funksjonsnedsetjingar i idretten. Ho har intervjua sju
ungdomar mellom 13 og 19 år som driv med forskjellige idrettar og er frå heile
landet.
Det dei har til felles er
at alle har vald å halde fram med idretten, i alderen der vi veit at mange fell
i frå, overgangen frå barne- og ungdomsidrett.
Men mange av desse har
som Vilde Nilsen vore heldige med miljøet dei har kome inn i.
– Det som uroar meg mest
med paraidretten i Noreg, er kor mykje som handlar om flaks. Har du
tilfeldigvis hamna i ein klubb der folk er opne, motiverte og har lyst til å
inkludere, ja – då kan du få gode moglegheiter. Men det er langt frå sjølvsagt.
Altfor mange blir ståande utanfor fordi systemet ikkje automatisk fangar dei
opp, seier Engdahl-Høgåsen.
Ho meiner at det ikkje er
mangel på kunnskap som er den største hindringa.
– Eg skulle ønskje vi snakka meir om kor
viktig vilje og haldningar er, og litt mindre om kunnskap som ei inngangsport.
Linn Engdahl-Høgåsen har mastergrad frå NIH og har jobba som idrettpsykologisk rådgjevar ved Olympiatoppen. Dei siste åra har ho forska på paraidrett som stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH.(Foto: NIH)
– Det er ikkje slik at ein må kunne alt for å vere
ein god klubb for parautøvarar. Det viktigaste er at ein tek imot barn og unge med
opne armar og vilje til å finne løysingar saman, seier ho.
Trenaren spelar ei viktig rolle
Ungdomane fortel mellom anna at menneska rundt
idretten har mykje å seie.
Annonse
At dei blir stilt forventingar til dei på lik linje
med dei andre utøvarane.
– Korleis gruppa tek deg med og inkluderer deg har
veldig mykje å seie for mange. Trenaren blir trekt fram som ein veldig viktig
rolle i det.
Forskaren, som er tilknytta Forskningssenter for
barne og ungdomsidrett (FOBU), trur det framleis er stor mangel på kunnskap i
idrettslaga rundt om i landet.
– Vi veit at barn og unge med
funksjonsnedsetjingar ofte får eit dårlegare tilbod – både i skulen og i
idretten. Og det handlar ikkje berre om pengar eller utstyr, men om haldningar
og strukturar. Mange vaksne i idretten ønskjer å inkludere, men veit ikkje
heilt korleis dei skal gjere det.
Ho meiner det er mange ledd og aktørar som
påverkar para-idretten. Kommunar, skular, idrettslag og særforbund.
Men desse jobbar ikkje alltid godt saman.
– Derfor blir det ekstra viktig at vi får meir
kunnskap om kva som faktisk fungerer – og kva som hindrar deltaking, meiner
Engdahl-Høgåsen.
Foreldra til Vilde Nilsen stod på for at Vilde skulle få halde fram med langrenn og at treninga kunne bli tilpassa ho. Trenar og klubb var også forståingsfulle. Ikkje alle er like heldige som Vilde, fortel forskar Linn Engdahl-Høgåsen.(Foto: Privat)
Glad for at foreldra pusha på
Skigleda vart aldri borte hos Vilde Nilsen.
Det var utfordringar i barndomen og ungdomsåra,
men etter kvart som ho kom inn i eit miljø med andre para-utøvarar, fann Vilde
sin plass i idretten.
Ho er glad for at ho hadde foreldre som var
opptekne av at dei ikkje skulle sy puter under armane hennar.
– Dei oppsøkte klubbar og fann ut korleis det
kunne bli tilrettelagt best mogleg for min del. Da var det jo også veldig
viktig at dei som var trenarar i klubbane var opne for å finne moglegheiter for
korleis dei skulle tilrettelegge for meg, slik at eg kunne vere med på mest
mogleg av den organiserte treninga saman med andre utøvarar. At eg ikkje blei
satt på sidelinja.
Annonse
Alle må ikkje ha mål om Paralympics
I Skiforbundet såg dei potensialet hennar med ein
gong da ho var med på sin fyrste breiddesamling med andre para-utøvarar.
– Etter at eg kom inn i eit etablert paramiljø,
har alt eigentleg berre gått betre og betre. Eg har møtt folk som har tru på
meg, som ser kva eg treng – både som utøvar og som menneske.
Sjølv er ho oppteken av at ikkje alle treng å ha
mål om å bli gullvinnar i Paralympics.
– Det er mange som ikkje tør å begynne med
para-idrett fordi dei tenkjer at dei er nøydd til å bli verdsmeistrar. Dei
para-utøvarane som blir fronta i media er jo liksom dei som tar gull i
Paralympics.
Men medaljane er langt frå det viktigaste.
– Det viktigaste er jo det du gjer for helsa si,
at ein kjem seg ut og får prøve ting, og kjenne på meistring sjølv om ein har
eit litt anna utgangspunkt enn andre.
Overgangen frå barneidrett- til ungdomsidrett er ein sårbar periode for fråfall også i para-idretten. Linn Engdahl-Høgåsen har intervjua ungdomar mellom 13-19 år som faktisk har heldt fram med idretten for å finne ut kva som har vore suksessfaktorane.(Foto: Shutterstock)
Ville bli som Marit Bjørgen
For sjukdomen til Vilde har langrennstreninga vore
gull verdt. Nå er sjukdomen i remisjon, det vil seie at den er satt på pause
fordi ho fekk medisinsk behandling.
Det at ho var fysisk aktiv da sjukdomen var aktiv,
har vore veldig bra for tilstanden.
Vildes store barndomsdraum var å bli det store
førebilete, Marit Bjørgen. Å bli ei som vann dei aller største skirenna.
Da ho saman med familien fann ut at Paralympics
kunne vere ein moglegheit for å oppnå noko liknande, vart det eit
vendepunkt.
Annonse
Men det var ikkje før under VM i Granåsen i vinter
at Vilde verkeleg følte at ho opplevde å bli sett på som likeverdig.
– Kjensla i Trondheim var at nå er vi endeleg på
rett veg når det kjem til å bli sett som likeverdige som alle andre. Eg har
følt at mange har sett på para-idrett generelt som breiddeidrett, også på mitt
nivå. Men etter VM i Trondheim, når folk har sett det på den største arenaen,
så trur eg folk ser at det er eit høgt nivå.
Sunniva, Trygve, Syver, Mikkel, Pia og Peder var deltakarar i Team Pølsa og blei folkeheltar over natta. Her går dei over målstreken i Granåsen.(Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK)
Team Pølsa-effekten
Vilde trur også at vinterens store TV-suksess Team
Pølsa kan få stor betydning for inkludering av barn og unge med
funksjonsnedsetjingar landet rundt.
– Ein ser og høyrer at veldig mange av dei blir
meir verdsatt i klassa. Og får kjensla av å bli meir inkludert. At det nesten
har blitt kult og stas å inkludere, seier ho.
NIH-forskaren Linn Engdahl-Høgåsen håpar også at
serien har bidratt til sjølvrefleksjon for alle som jobbar med barn og unge.
Kva slags haldningar og korleis inkluderer eg som
trenar, lærar eller forelder eigentleg?
– Eg trur det viktigaste vi gjer er å ta andres
perspektiv på alvor, kanskje til og med klare å endre meining og sjå nytten av
å bli utfordra på det synet ein har på korleis verda skal fungere. Mange tar
dette for gitt, enda så mykje dei sanningane har å seie for dei vala me tek, og
dei handlingane vi gjer.