Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Toppidrett: Slik kan unge utøvarar unngå fysisk og psykisk overbelastning
20 toppidrettsskular har tatt i bruk nytt verktøy.
NIH-studentar testar «Nærmere Best-boksen». Den gir utøvarane samtalestartarar om dei ulike tema som dei saman kan reflektere rundt.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
Sjå for deg at du er 16
år og har ein stor draum om å bli best i idretten din. Og du får gå på ein skule og i
ei klasse der alle medelevane dine meir eller mindre har den same
draumen.
Plutseleg har du sjansen til trene også i skuletida, i tillegg til dei faste øktene med klubben.
Det er lett å forstå at iveren etter å bli best, kan gje ei for stor belastning.
– Forsking viser at overgangen til ein toppidrettskule der ein gjerne begynner å trene ganske mykje meir totalt sett, er sårbar, seier stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag, Hege Heiestad.
Hege Heiestad viser fram Nærmere Best-boksen, som har spørsmål som er tilpassa kvardagen til unge utøvarar. Alle skulane som er med i programmet får tilsendt Nærmere Best-boksen gratis.(Foto: NIH)
17 prosent har til ein kvar tid ein belastningsskade.
25 prosent må redusere treningsmengda si og presterer dårlegare nettopp fordi dei er skada eller sjuke.
Dei siste to åra har 17
toppidrettsgymnas og tre idrettsungdomsskular tatt i bruk verktøyet som gir
elevane viktig kunnskap. Gjennom undervisningsmodular, korte videoar og ulike
gruppe- og refleksjonsoppgåver lærer dei om:
Vekst og utvikling
Ernæring
Restitusjon
Treningsplanlegging
Mental helse
Totalbelastning
Oppmodar trenarar til å dele både opp- og nedturar
– Vi har laga eit omfattende program, som består
av 10 undervisingsmodular, som trenarane og lærarane kan bruke etter eige
ynskje og behov. Viss du som trenar eller lærar ikkje kan nok om eit tema, så
har «Nærmere Best» forslag til kva du kan seie i kvar enkelt modul og korleis du kan underbygge det med forsking, forklarer Heiestad.
Om undervisningsmodulene
blir brukt i klasserommet, på trening eller andre arenaer er heilt opp til kvar
enkelt trener og lærar.
– Om ein som trenar har mykje erfaring sjølv, så
oppmodar vi til at dei brukar sin eigen erfaring og deler både opp- og
nedturar frå eigen karriere. Det veit vi at elevane set stor pris på.
Dei forskjellige modulane
har namn som blant anna «Psykt god», prestasjonstrening, treningsplanlegging og
OBS-perioder.
Alle modulane er knytt opp til kompetansemål og læringsmål i læreplanen.(Illustrasjon: NIH)
Skal analysere korleis
verktøyet er brukt
No skal
stipendiaten analysere korleis skulane har brukt verktøyet og korleis det kan
bli enda betre.
Ho håpar elevane blir tryggare på å kjenne etter kva som er bra for akkurat seg
sjølv.
– Eg håpar at dei blir gode på å ta sjølvstendige val, og at dei blir trygge på
kven dei kan gå til når dagen blir litt for krevjande eller totalbelastninga
for stor, seier Heiestad.
Annonse
Spørsmålskorta kan få i gang mange viktige samtalar og diskusjonar.(Foto: NIH)
Ho understreker
at det er mykje å kreve av ein ung utøvar i vekst og utvikling, men at betre
kunnskap gir moglegheit for å reflektere rundt eigne val.
– Håpet vårt er at dei
sit igjen med kunnskap som er matnyttig og relevant for dei i den
hektiske kvardagen deira som unge utøvarar.
Kan vere aktuelt for
idrettselevar også
Heiestad utelukkar ikkje
at det kan bli aktuelt å tilby «Nærmere Best» også til elevar på ordinære
idrettslinjer.
– Vi ser absolutt at tema
som blir tatt opp i de ulike modulane kan alle idrettselevar hatt nytte av,
med nokre justeringar.
Med midlar frå
Sparebankstiftinga har det også blitt laga ein spørsmålsboks med kort med
samtalestartarar om dei forskjellige tema.
Alle skulane som bruker
Nærmere Best-programmet får også et eksemplar av Nærmere Best-boksen til sin
skule i løpet av hausten.
– Dette
er spørsmålskort der elevane sjølv kan diskutere på slutten av timen eller på
tur til samling eller konkurranse. Vi trur og håpar det kan starte gode
samtalar og refleksjonar mellom elevane, seier Heiestad.