Denne artikkelen er produsert og finansiert av NMBU - Norges miljø- og biovitenskapelige universitet - les mer.

– I Indre Oslofjord er 70 prosent av strandsona nedbygd, seier forskar Knut Bjørn Stokke.

Strandsonen i Indre Oslofjord er bygd ut bit for bit. Resten av landet bør ta lærdom

No har også forsking stadfesta at 85 prosent av alle søknadar om dispensasjon for å få byggje i strandsona blir innvilga, slik tal frå Sivilombudsmannen viser.

I 2008 ble byggjeforbodet gjennom plan- og bygningslova stramma inn for å forsøke å bremse nedbygginga av 100-metersbeltet langs sjøen, der det i prinsippet skal vere byggjeforbod.

– Men det hjelper ikkje stort når så mange som vil byggje i strandsona, får dispensasjon frå lova og gjeldande planar, fortel førsteamanuensis Knut Bjørn Stokke.

NMBU-forskaren er medredaktør for den ferske boka Integrert kystsoneforvaltning. Boka er eit resultat av forskingsprosjektet PlanCoast, som er leia av NMBU.

– Summen av mange dispensasjonar og utbygging gjennom kommunale planar gjer at byggjeforbodet blir uthola, friluftstilboda til publikum blir reduserte, og verdifull kystnatur blir bygd ned bit for bit, seier han.

Vidare fortel han at kommunane og våre lokala folkevalde er pålagde eit stort ansvar for å ta vare på vår felles strandsone gjennom plan- og bygningslova.

– Forskinga vår viser at det i mange tilfelle er behov for å klargjere kva handlingsrom dei faktisk har, og ikkje har.

Fleire har vakna

Samtidig ser forskaren lett optimistisk på framtida til strandsona. For noko ser ut til å ha hendt i befolkninga, meiner han.

Eit auka medvit rundt kva vi er i ferd med å miste, ei større forståing for at vi ikkje kan ta fjordane og havet for gitt.

For nokre år tilbake samanlikna Stokke forvaltinga av bynære markaområde og bynær strandsone i Kristiansand og Bodø.

Han la merke til ein interessant forskjell.

Mens markaområda blei omtykt nærmast som heilage, blei strandsona bygde ned bit for bit. Og det trass i at strandsona lenge har vore underlagt eit generelt vern, noko markaområda manglar.

Markaområda har vore gjenstand for den forskaren omtalte som eit «stille vern», der sivilsamfunnet slo ring om desse områda.

– Det blei danna venneforeiningar med ein einaste gong det var snakk om utbygging av noko slag i markaområda rundt byane. Slik har det ikkje vore for strandområda, seier forskaren.

Men han trur det er ei endring på gong gjennom auka tilgang for å gå langs sjøen på grunn av det flotte arbeidet med kyststiar mange stader.

– Det hadde vore spennande å sjå nærmare på om auka bruk også har ført til større engasjement i sivilsamfunnet for å ta vare på vår felles attverande strandsone.

Tett i tett ved Oslofjorden

Presset er særleg stort i Oslofjorden, både langs strandsona, men også på sjøområda.

Sommaren sine medieoppslag med grumsete bilete av handlevogner og død fisk viste oss alle at ryktet om dårlege miljøtilstand i Oslofjorden ikkje er overdrive, heller tvert imot.

Situasjonen for Oslofjorden minner også om at utbygginga av strandsona på land påverkar arealbruken i sjø, ved at fleire hytter og hus gjerne også fører til fleire bryggjer og småbåthamner. Desse blir gjerne bygd i lunare bukter og viker som er viktige for ålegrasenger.

Ålegras er eit viktig oppvekstområde for mange marine artar, men er truga av både utbygging og forureining. Gjennom det pågåande PLanCoast-prosjektet såg forskarane at presset på strandsona dei siste åra har vore størst i Vestland, men aukande også i Trøndelag og Nord-Noreg.

Regjeringa har utarbeidt statlege planretningslinjer for differensiert strandsoneforvalting, som blei revidert i år, og der poenget er at det skal vere lettare å byggje der presset er minst.

– Ein må etter mi meining vere veldig påpasseleg med at ikkje verdifull strandsone også blir bygd ned der. Ein må ta lærdomen av det som har hendt i Indre Oslofjorden, der nå 70 prosent av strandsona er nedbygd.

Uklare retningslinjer

Stokke forklarer at i strandsoneområda på Vestlandet er det gjerne reiselivet som utgjer ein del av presset, men også grunneigarar som gjerne alltid har hevda retten til å byggje ei eiga bryggje og eit eige naust på eigedomen sin i strandkanten.

– Fungerer ikkje plan- og bygningslova slik den er meint her?

– Eit problem er at Staten er ambivalent og seier at lova skal vere restriktiv, men samtidig differensiert. Her kjem ikkje staten med nokre klare retningslinjer til kommunane, som handhevar lova, berre nokre generelle retningslinjer i dei nemnde statlege planretningslinjene for strandsona, seier han.

Stokke fortel at frå 2008 blei det krav om at kommunane skulle teikne inn anna byggjegrense i plan, som då vil erstatte det generelle byggjeforbodet i 100-metersbelte. Poenget er å sikre ei meir planstyrt og samtidig differensiert utvikling.

– Dette kan vere eit fornuftig grep, men det krev at staten gir klare føringar for kommunane korleis denne grensa i kommunale planar skal setjast, og at planane ikkje blir uthola gjennom dispensasjonar. Ingen av desse vilkåra ser ut til å vere til stades, seier han.

Summen av alt blir mykje

Sjølv om vi har lov og retningslinjer, så er strandsona enno under hardt press. I studien spør forskarane kor det buttar?

  • Kommunestyret har rett til å vedta både planar og dispensasjonar, under visse rammar.
  • Staten har innsett at vi ikkje kan ha eit rigid vern av heile 100 metersbelte og har derfor gitt kommunane denne fullmakta til å fråvike byggjeforbodet - utan klare nok retningslinjer.

– Problemet er at summen av planar og dispensasjonar om utbygging i strandsona er massiv, seier Stokke.

Forskaren fortel at prinsippet om kommunalt sjølvstyre står sterkt i Noreg, og han meiner at løysinga er todelt: Det eine er å stramme inn på høva til å få dispensasjon. Det andre er å ha klarere prinsipp om korleis kommunane kan setje den nye byggjegrensa langs sjøen i planane sine.

Rettleiar for byggjegrense

I tidlegare Vestfold fylke har fylkeskommunen laga ein eigen rettleier for korleis kommunane kan teikne anna byggjegrense, saman med utarbeiding av ny regional kystsoneplan.

Eit viktig prinsipp i rettleiaren er at ein ikkje kan setje ny byggjegrense nærmare sjøen enn 15 meter. Ein kan ikkje teikne ny byggjegrense i ubygde område, såkalla LNFR-område (landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde) i arealdelen av kommuneplanen.

– Denne rettleiaren blir i stor grad følgt opp av kystkommunane i tidlegare Vestfold, og kommunane sjølv meiner den regionale planen med tilhøyrande rettleiar har vore viktig i eige planarbeid for strandsona. Alle kystkommunane i landet burde ha slike klare prinsipp, seier Stokke.

Vindkraft, oppdrett og reiseliv

Noregs kyst er lang. Boka Integrert kystsoneforvaltning, som Knut Bjørn Stokke har vore redaktør for, tek for seg fleire tema enn utbygging i strandsona. For konfliktpotensialet og klimaavtrykket blir stort om ikkje kystsona blir rett regulert og forvalta.

Boka har også med tema som til dømes vindkraft på land langs kysten, akvakultur i sjø, forvalting av nasjonalparkane i kystsona, berekraftig naturbasert reiseliv og sjøsamane sine fiskerettar.

– Å regulere reiseliv er nytt i Noreg. Det har ikkje vore noko ein har forvalta tidlegare, berre noko ein marknadsfører så flest mogeleg internasjonale turistar kjem. Vi må verne naturen og lokalsamfunna som får auka trykk av turisme, samtidig som vi sikrar den lokale verdiskapinga. Nå ser vi eit behov for å styre den aukande turismen på ein berekraftig måte, noko som er knytt til det framveksande fagfeltet gjestingsforvalting, seier han.

Kunnskap til dei som planlegg

Forskaren er oppteken av at kunnskapen som er opparbeidd gjennom PLanCoast-prosjektet, skal nå ut til alle som arbeider med praktisk forvalting og planlegging av kystsona på ulike nivå, både i kommune, fylkeskommune og statleg forvalting.

– Vi kan utnytte plan- og reguleringsverket som finst enda betre enn vi gjer i dag. Det er kanskje i seinaste laget for Oslofjorden, men vi kan sørgje for at vi bevarer naturen og forvaltar kystsona på ein berekraftig måte i resten av landet vårt, seier han.

Referanse:

Katrine Broch Hauge og Knut Bjørn Stokke: Integrert kystsoneforvaltning - planfaglege, samfunnsvitskapelege og juridiske perspektiv. Universitetsforlaget 2021. (Sammendrag)

Powered by Labrador CMS