Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

For kvar gullmedalje skiskyttar Thingnes Bø vinn i VM, blir det planta eit tre i Oberhof
Årets VM i skiskyting har gjort store grep for å bli meir berekraftige. – Dei har verkeleg prøvd å sette i gang mange tiltak, seier forskar Chris Horbel som er på plass i Oberhof.
Når Johannes Thingnes Bø tar steget opp på sigerspallen i Oberhof etter nok eit imponerande renn, er det spesielt ein ting som skil seg ut frå andre meisterskap.
I staden for den vanlege blomsterbuketten blir det planta tre i eit område mellom skiarenaen og skitunnelen i Oberhof.
Kvar verdsmeister får sitt eige tre.

Går utover stemninga i VM-byen
– Det er absolutt eit fokus på berekraft frå arrangørane. Alle tiltaka er ikkje like synlege for oss tilskodarar, som blant anna energikonseptet, fortel Chris Horbel.
Ho forskar på korleis idrettsarrangement kan bli meir berekraftige. VM i Oberhof er i heilt spesielt for Horbel, sidan ho er frå byen midt i Tyskland med 1.600 innbyggarar.
Nå er det over 23.000 tilskodarar på VM-arenaen kvar dag.
– Det er kjempegod stemning, tilskodarar frå mange nasjonar og ikkje minst mange nordmenn. Det er eit veldig bra show på arenaen. Men i byen er det ikkje like stor stemning og så mange folk som det kunne vore, fortel Horbel.
Ho er forskar ved Institutt for samfunn- og idrettsvitskap på Norges idrettshøgskole (NIH).
Gratis buss til VM-stadion
Og nettopp det er på grunn av eitt av dei mange vala arrangørane har tatt for å bli meir berekraftige.
Under VM kan ikkje publikum reise i privatbil til Oberhof om dei ikkje har overnatting i sjølve sentrum. Dei må parkere på store parkeringsplassar rundt om i regionen. Derifrå får dei gratis buss direkte til stadion.
– Dette er sjølvsagt eit bra tiltak for klima, og ein unngår trafikkork, men samtidig er det kjipt spesielt for restaurantar og butikkar i byen. Og ikkje minst VM-stemninga i byen. Eg synest dette er eit godt eksempel som viser kor vanskeleg det er å bli meir berekraftig og samtidig møte interesser frå mange ulike aktørar.
Gjenbrukbare krus og koppar
Ski-VM i 2025 i Trondheim har uttalt på nettstaden sin at dei skal bli det mest miljøvenlege idrettsarrangementet i verda. Noko også forskarane ved NIH skal forske på om dei klarer.
Årets VM i skiskyting har ikkje gått ut med det same målet, men har klare mål og strategi.
– Som tilskodar får ein mest med seg gjenbrukbare krus og koppar og den utbygde kollektivtrafikken. Det eg har høyrt frå andre tilskodarar er at dei er godt fornøgd med begge delar, seier Horbel og legg til:
– Ellers er det nok ikkje tilskodarane som har hovudfokus i berekraftsstrategien.

Vanskeleg samarbeid
Horbel har også delteke på eit seminar om temaet i regi av IBU (internasjonale skiskyttarforbundet) desse VM-dagane.
– Merksemda om temaet er stort, og alle er klare over at det må skje tiltak fort. Det skjer mykje spennande, men mitt inntrykk er at det vanskelegaste er å samarbeide mellom ulike aktørar. Spesielt i idretten der ein alltid er i ein konkurransesituasjon. Det bekrefta også sport- og arrangementsdirektør i IBU, Daniel Böhm, da eg fekk ein kort prat med han.
Nå gjenstår det berre å sjå kor mange tre Johannes Thingnes Bø og resten av den sterke norske troppen klarer å plante i den tyske byen før VM er over på søndag.
Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
-
Slik vil forskarane gjere farleg OL-sport tryggare
-
Dette bør du vite om syndromet som rammar mange unge idrettsutøvarar
-
Kreatin, pre-workout og proteintilskudd: treningseffekt eller bortkastede penger?
-
Formtopping: Dette gjer du dei siste vekene før konkurranse
-
Denne forskaren har no ansvar for barnefotballen i Vålerenga
-
Suksesstrenar: – Foreldre og trenarar må dempe ambisjonane