Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Forskarar i baugen på UiT sitt forskingsskip «Helmer Hanssen» under Outrech-toktet til Svalbard i 2023. Lanteigne sitt føredrag vart tatt opp her.

– Nei, Kina vil ikkje verte ein dominerande stat i Arktis

Forskar knuser tre mytar og spår Kina sin veg vidare.

Det kinesiske ordet for Kina er Zhōngguó, som rett og slett tyder «midtre kongedøme» «midten» eller «sentrum». 

Marc Lanteigne forskar på internasjonal politikk ved UiT Norges arktiske universitet. Han meiner desse orda kan beskrive korleis Kina tenkjer om seg sjølv på mange plan, inkludert i dei polare områda.

– Kina har prøvd å vise at dei er ein global makt, ikkje berre i sitt eige nærområde, men over heile verda. Dei ønskjer å gå frå å vere ein regionalt viktig spelar til å verte ei global stormakt, seier Lanteigne.

Podcast: Kva vil Kina gjere i Arktis?

I podcasten Lørdagsuniversitetet kan du høyre populærvitenskapelige foredrag av forskere ved UiT. Her fortel forskar Marc Lanteigne om Kina og Arktis. Du finn episoden nedst i denne artikkelen.

– Den første myten er at Kina har ein stor plan for Arktis, seier førsteemanuensis Marc Lanteigne.

Kina er forsiktige, men ambisiøse

Så kor kjem polområda inn? I planar og lovar frå Beijing, til dømes den siste femårsplanen, definerast begge polane som eit «nytt strategisk grenseland», på lik linje med verdsrommet, cyberspace og havbotnen.

– Det er ikkje tvil om at Kina ser på Arktis og Antarktisk som viktige for deira plan om å verte ei global makt, seier Lanteigne.

– Men problemet deira er at dei er nye spelarar i dei to regionane, og at dei er så forsiktige og avventande, seier han.

Lanteigne skildrar Kina som ein som berre heng i bakgrunnen med notisblokka si, og prøver å finne ut kva alle andre tenkjer. Og så, kanskje, seinare, kjem ein politikk, og dei prøver å verte meir integrerte. Kina har hatt kort tid på å verte kjent med regionen, og har berre hatt eit seriøst nærvær i Arktis i omtrent 20 år, meiner Lanteigne.

– Dei har ikkje særleg med erfaring frå området, og det kan dei heller ikkje kjøpe seg. Dei kan heller ikkje kjøpe dataa og informasjonen dei treng om kva som skjer i denne delen av verda, seier han.

Har Kina ein stor plan for Arktis?

Lanteigne understrekar at han ikkje meiner at Kina ikkje har ambisjonar, eller at ein ikkje skal vere uroa, for det skjer mykje. Men det er òg nokre myter om Kina som hindrar ei god forståing av heile biletet, trur han.

– Det er fleire ting som var akseptert som absolutt sanning, men som viste seg å ikkje vere sant i det heile tatt, seier han.

Den første myten er at Kina har ein stor plan for Arktis.

– Det er inga stor heilskapleg plan. Kina planlegg fortløpande, bit for bit, nettopp fordi dei er nye i regionen og er avhengig av data og informasjon frå andre arktiske statar, seier han.

Men kor kjem det frå at Kina har ein stor og overordna plan for Arktis? Noko av det kjem frå Beijing sjølv, meiner Lanteigne. Språkbruken frå styresmaktene har vore litt for open for tolking.

Ingen lett veg inn i Arktis

Eit omgrep frå Kina har vore at dei er «jin beiji guojia» – ein nærarktisk stat. Lanteigne seier han har kinesiske vener som seier at dei aldri skulle ha brukt dei orda, for dei har vorte vridd til nærast eit openbart bevis for at Kina vil tungt inn i Arktis. Problemet, seier han, er at det ikkje stemmer.

For det første kom omgrepet ikkje frå dei kinesiske styresmaktene. Det hadde versert i kinesisk akademia i alle fall sidan 2010, fortel Lanteigne. Dette var ei tid kor Kina såg kva som gjekk føre seg i Arktis og vart uroa for vegen det bar. På same tid vart det skrive mykje om kappløpet om ressursane i Arktis, og Ilulisat-erklæringa kom, kor dei arktiske landa vart samde om å nytte havretten som basis for Arktis.

Kina vart då uroa for at Arktisk skulle verte delt i åtte bitar og at alle andre fekk ingenting. Beijing argumenterte då med at fordi dei er ein veldig stor økonomi og fordi dei har interesser i heile verda, kunne dei ikkje verte stengde ute.

– Dei utfordra ingenting, korkje internasjonal lov eller Arktisk råd, men dei sa tydeleg at dei ikkje ville late seg sparke ut av nord, seier Lanteigne.

Han meiner det er umogleg for Kina å berre spasere inn i Arktis, seie at dei ikkje bryr seg om internasjonal lov eller havretten. Dei har ikkje styrken til det, dei er avhengige av støtte frå ikkje berre Russland, men heile den arktiske regionen.

I 2018 kom Kina med sin til no einaste rapport om kva dei vil i Arktis. Det er eit forsiktig dokument kor dei ikkje skriv om sikkerheitspolitikk, men masse om at dei treng å lære om og forstå Arktis, og at dei vil delta i styringa av regionen. 

Og Kina går forsiktig fram, skritt for skritt, meiner Lanteigne.

Lanteigne foran Kina sin forskingsbase i Ny-Ålesund. Så vidt ein veit har det ikkje vore folk der sidan 2019.

Vil Kina fange oss i ei gjeldsfelle?

Mye nummer to er at Kina sitt enorme utviklings- og investeringsprosjekt for utlandet, Belte og veginitiativet, no har ein nordleg del. Ein nordleg silkeveg kor Kina skal fange andre statar, som Noreg, i gjeldsfeller.

– Det var ambisjonar i 2017-18 om massive investeringar. Gullgruve i Nunavut, gruver over nesten heile Grønland, ei enorm hamn aust på Island, Nord-Noreg-bana og fleire andre store prosjekt. Men om du ser på den nordlege Silkevegen no, så er status at ingenting av dette vart noko av. Anten fordi det fekk politisk motstand, ikkje var økonomisk berekraftig eller praktisk mogleg, seier Lanteigne.

Sjølv i Russland er resultata ikkje noko å snakke om. Ei hamn i Arkhangelsk vart det ikkje noko av, og sjølv naturgassanlegga som ein kom i gang med er ein i ferd med å nedskalere, trur Lanteigne.

– Mange kinesiske firma er redde for å verte omfatta av dei same sanksjonane som er på russiske firma. Til dømes har det ikkje gått eit einaste kinesisk lasteskip gjennom Nordaustpassasjen. Så den nordlege Silkevegen har produsert svært lite konkret, seier Lanteigne.

Kinas president Xi på offisielt besøk i Russland i mars 2023.

Er det uungåeleg at Kina vil slå seg i saman med Russland?

Den tredje myten er at kinesisk og russisk samarbeid i Arktis er uunngåeleg, at dei vil verte pressa til partnarskap for å kunne stå imot Vesten.

Som vi har sett, har ikkje det økonomiske samarbeidet gått særleg bra.

– Sjølv om russarane no er glade for kinesiske investeringar, er Russland nøye med å peike på at det er dei som er den arktiske staten. Det har vore snakk om dette samarbeidet sidan 1990-talet, men det har ikkje materialisert seg til no. Eg trur ikkje dei har nok tillit til kvarandre, seier Lanteigne.

Han seier at vi kanskje vil sjå vitskapleg samarbeid om Arktis, men kor djupt vil det samarbeidet gå mellom ei stigande makt som Kina og eit Russland med ei særs uklar framtid? spør Lanteigne. 

Han trur Kina ikkje ønskjer å leggje seg for tett opp mot eit Russland som kanskje er eit «politisk lik».

Kina sjonglerer – og dei er ikkje så flinke

Kina seier dei er nøytrale i Ukraina-krigen. Lanteigne skildrar Kinas posisjon i verdsoplitikken som ein sjonglør som spinn tallerkar på pinnar.

– Dei prøver desperat å ha ein god relasjon til Russland, utan å distansere seg frå resten av Arktis. Og om ein ser på Kina sine relasjonar til USA, Sverige, Canada, Danmark, og til og med Noreg, så går det ikkje så bra, seier han.

Han trur mykje av godviljen som Kina har bygd opp dei siste åra er anten borte eller frynsete. Så kva skal Kina gjere? Knyte seg tett til Russland eller prøve å reparere forholda til dei andre arktiske statane?

– Så langt har kinesiske styresmakter valt nummer to. Dei prøver å byggje opp att relasjonane til landa i Norden. Men når Arktis råd no er delvis i limbo, har Kina endå mindre manøvreringsrom i sitt arktiske diplomati, seier Lanteigne.

Kina vil vere ein normskapar

Lanteigne trur Kina ser for seg å verte ein norm-entreprenør, ein som står litt på utsida og føreslår reglar og normer for korleis statar skal gå fram. Vanlegvis er det mindre aktørar som har denne rolla – til dømes har Noreg spelt det spelet lengje.

– Kina kan ikkje valse inn og diktere kva det internasjonale samfunnet skal gjere, men dei kan heller ikkje halde seg unna og ikkje få det dei vil ha. Dei må finne mellomvegen. Så dei har jobba hardt for å vere ein god samarbeidspartnar og støtta internasjonal lov, samstundes som dei prøvar å få andre med på at Arktis er internasjonalt område, seier Lanteigne.

Vil Kina vere nøgd med å berre vere ein tilskodar til at avgjerder vert tatt for Arktis? Nei, trur han.

– Og då har både vi og Kina eit problem. Så vi må anten reformere Arktisk råd, eller finne andre måtar kor Kina er med i avgjerdene på ein måte vi kan leve med. Elles, og det vil vere verre, kjem Kina til å gå vidare åleine, seier Lanteigne.

Men enn så lengje er Kina varsame og går roleg fram. Lanteigne fortel at han ofte nyttar omgrepet «No zuo, no dai» om kva Kina gjer i Arktis:

– Det tyder: Ikkje gjer noko dumt, så kjem du ikkje i trøbbel, seier han.

Merk: Episodebiletet til podcasten er laga av ein kunstig intelligens og er ikkje eit bilete av eit ekte kinesisk skip. 

Høyr episoden her:

Powered by Labrador CMS