Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
– Framtidshåp kan handle om natur like mykje som arbeidsplassar
Når arbeidsplassar blir sette opp mot naturvern, kan lokalsamfunn bli splitta. Men nokre argument har vanskelegare for å bli høyrde.
Kva er viktigast – Fisket i fjorden? Samisk reindrift? Kobbar til vindmøller og elbilar? Å hindre fråflytting, eller å ha nok pengar i kommunekassa til å halde skular og sjukeheim ved like? Bildet er frå Repparfjorden.(Foto: Helene Lind Jensen)
Kva skjer når ei bygd som er truga av
fråflytting må velje mellom fjorden sin og nye jobbar? Det har Hildegunn
Mellesmo Aslaksen undersøkt i Kvalsund i Finnmark. Der har debatten om
gruveavfall i Repparfjorden vart i tjue år.
Ho finn at frontane kan bli så harde at folk sluttar å helse på kvarandre.
– Folk som har kjempa hardt imot gruva fortel at dei ikkje lenger blir inviterte med på samankomstar. Dei kjenner seg forlatne i ei bygd som nærast ikkje lenger vil ha dei. Andre unnlèt å snakke om saka for å unngå konflikt og usemje, sjølv om det er ei sak som påverkar dei, seier Aslaksen.
I fire år har ho følgt striden om Nussir-gruva i Kvalsund i arbeidet med doktorgrada si ved Universitetet i Agder.
150 jobbar eller rein
fjord
Kvalsund har mista halvparten av
innbyggjarane sidan 1970-åra. Mange ønskjer seg liv og røre tilbake i
lokalsamfunnet.
Hildegunn Mellesmo Aslaksen har tatt doktograd på konfliktar mellom utvikling og naturvern.(Foto: UiA)
Gruveselskapet lovar bygda 150
arbeidsplassar. Men dei får også lov til å dumpe 30 millionar tonn gruveavfall
i Repparfjorden. Gruva berører også samiske beiteområde for rein.
Slike saker set lokalbefolkninga i et
dilemma der dei må ta stilling til kva som skaper ei god framtid for bygda. For
kva er viktigast? Fisket i fjorden? Samisk reindrift? Kopar til vindmøller og
elbilar? Å hindre fråflytting, eller å ha nok pengar i kommunekassa til å halde
skular og sjukeheim ved like?
– Ein av dei eg snakka med, fortalde meg at
han vil at sonen skal ha ein jobb i bygda når han veks opp. Sjukeheimen må
pussast opp. Folk saknar tida då det var liv i bygda, seier Aslaksen.
Men ikkje alle er villige til å ofre
fjorden. Nokon fryktar at fisken ikkje vil vere etandes lenger. Andre er redde
for at det ikkje blir meir fisk igjen.
– Fjorden slit allereie. Skal vi drepe
resten av livet som finst der? spør dei som er imot. For dei er livskvalitet og
framtidshåp tett knytt til naturen. Gruveprosjektet vert ei trugsel ikkje berre
mot naturen, men mot verdifulle relasjonar og måtar å vere i verda på, seier
Aslaksen.
Kjensler får ikkje plass
Aslaksen fann, kanskje ikkje overraskande,
at folk har sterke kjensler for staden der dei bur. Men desse kjenslene kjem
ikkje fram i avisene.
– Den offentlege debatten handlar om fakta
og tal. At du er glad i å fiske eller gå tur, får ikkje plass. Det blir sett på
som ubetydeleg, seier ho.
Ho bruker omgrepet «økosorg» om
fortvilinga mange kjenner. Dei er redde for å miste noko dei er glade i. Men
dei seier det sjeldan høgt.
– I slike saker får såkalla rasjonelle
argumenter forrang i debatten. Meiningsfulle relasjonar, uro og tvil vert
undertrykt. Dette inneber at viktige sider av konflikten mellom arbeidsplassar
og naturomsyn ikkje kjem til uttrykk.
Samisk konflikt
Saka har også skapt ein sår debatt om kva
som er samisk kultur og kven som kan kalle seg same.
Annonse
Ordføraren i Kvalsund, som har kalla seg
kystsame, støtter gruva sjølv om den rammar reindrifta. Han har fått hard
kritikk for «å dra den samiske identiteten ut av hatten» for å
forsvare prosjektet, fortel Aslaksen.
– Politikken med fornorsking har gjort
dette området veldig sårbart. Diskusjonen om kven som får snakke for samane,
svir, seier Aslaksen.
Medan gruvetilhengjarane snakkar om
arbeidsplassar for dei neste 20-30 åra, tenkjer reindriftssamane mange
generasjonar fram i tid. Mister dei beiteområdet no, er det tapt for alltid.
– Men dei lokale reineigarane sine
synspunkt var knapt synlege i lokalavisa medan debatten gjekk. Perspektiva
deira kom ikkje fram, og misoppfatningar og mistru fekk bre seg i bygda, seier
forskaren.
Ulike syn på utvikling
Aslaksen meiner vi må tenkje nytt om kva
utvikling betyr.
– Det eksisterer en djupt festa logikk som
seier at nye arbeidsplassar skapar vekst og utvikling. At nye arbeidsplassar er
grunnleggjande bra. Men er det slik? Blir Kvalsund ein betre stad å bu med
gruva? Blir staden betre om folketalet aukar? Den diskusjonen får vi ikkje,
seier ho.
Ho peikar på at trivsel og utvikling handlar
om meir enn jobbar. For nokon betyr det like mykje å ha ein frisk fjord.
– Framtidshåp kan handle om natur like
mykje som arbeidsplassar. Begge delar er viktige.
Rammer heile Noreg
Liknande konfliktar finst over heile
landet. Stadig fleire naturområde går tapt til industri og nye arbeidsplassar.
Aslaksen meiner lokalpolitikarar står i ei
klemme. Plutseleg får dei ei stor bedrift i fanget som lovar jobbar og pengar
kommunen kan bruke til å pusse opp skule og eldreheimar.
Annonse
– Alle er entusiastiske. Då er det
vanskeleg å vere den som seier vent no litt. Det er lett å kjenne på
at det hastar.
Ho ønskjer meir ærlege samtalar om kva vi
vil med stadene våre.
– Vi må tore å snakke om kva vi bryr oss
om. Ikkje berre gøyme oss bak fakta og tal, seier ho.