Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Studie om diskriminering: Forskjellsbehandling rammar helsa hardt

– Mange blir utsette for fleire typar diskriminering på ein gong.

Dei som blir diskriminerte av éin grunn, har dobbelt så høg risiko for dårleg helse. Men effekten blir mykje verre når fleire grunnar blir kombinerte.
Publisert

– Diskriminering går litt under radaren i samfunnsdebatten. Vi tenkjer at vi har eit lovverk og tiltak som fungerer. Ein ny studie tyder på at det ikkje er sånn.

Det seier Jan Georg Friesinger på Universitetet i Agder (UiA).

Han står bak ei undersøking som byggjer på Folkehelseundersøkelsen i Agder frå 2023. Der deltok over 18.500 personar. 2023 var det første året undersøkinga spurde om diskriminering. 

Nærare éin av fem innbyggjarar i Agder – svarte då at dei hadde vorte diskriminerte det siste året.

Diskriminering handlar om at folk blir behandla dårleg på grunn av ting som alder, kjønn, seksualitet, etnisitet eller religion.

Bekymringsfulle funn

– Vi ser at det er ein klar samanheng mellom diskriminering og helseproblem. Det er ganske bekymringsfullt at vi ikkje har eit fungerande apparat som kan motverke det, seier Friesinger.

– Det mest overraskande funnet var korleis diskriminering verkar i kombinasjon, seier forskar Jan Georg Friesinger.

Dei som blir diskriminerte av éin grunn, har dobbelt så høg risiko for dårleg helse. Men effekten blir mykje verre når fleire grunnar blir kombinerte.

– Det mest overraskande funnet var korleis diskriminering verkar i kombinasjon. Desto fleire grunnar til at du blir forskjellsbehandla, desto verre utslag ser vi på den sjølvopplevde helsa, seier Friesinger.

To grunnar til diskriminering gir tre gonger høgare risiko. Tre eller fleire grunnar gir fire gonger høgare risiko for dårleg helse.

– Dette er særleg alvorleg fordi vi veit at dårleg sjølvopplevd helse heng saman med ein auka risiko for å døy tidleg, seier Friesinger.

Helse den vanlegaste grunnen

Helseutfordringar var den vanlegaste grunnen til at folk vart diskriminerte. Dette vart følgt av forskjellsbehandling basert på kjønn.

Andre vanlege grunnar var alder, funksjonsnedsetjing, etnisk bakgrunn og politiske synspunkt. 

Den lågaste delen av deltakarane, rundt éin prosent, oppgav seksuell identitet som grunn for diskriminering.

Det kan høyrest paradoksalt ut at det å bli diskriminert for helseutfordringar kan føre til dårlegare helse. Selv når forskarane tok omsyn til dette i analysen sin, gav diskriminering utslag.

Samanliknbare tal med Europa

Det var uventa for Friesinger at tala frå Agder ikkje skil seg nemneverdig frå resten av Europa. I undersøkinga Eurobarameter rapporterer også rundt éin av fem å ha opplevd diskriminering.

Forskaren meiner at dette utfordrar førestillinga om at Noreg er mykje betre enn andre land når det gjeld likestilling og inkludering.

– Eg hadde venta at tala var litt annleis i Noreg. Vi har jo eit inntrykk av at vi har komme lenger i kampen mot diskriminering her til lands, seier Friesinger.

Frå diskriminering til dårleg økonomi

Men kvifor rammar diskriminering helsa så hardt?

Forskinga viser at diskriminering påverkar helse både direkte og indirekte.

– Når vi blir diskriminerte, så gjer det noko med oss både på kort og lang sikt. Konsekvensar på kort sikt kan vere stress. Det igjen kan føre til høgt blodtrykk og andre kroppslege reaksjonar, seier Friesinger.

Diskriminering kan også føre til dårlegare levevilkår over tid. Om ein ikkje får den løna ein har krav på eller blir forskjellsbehandla på jobb, kan det resultere i dårlegare sosiale og økonomiske kår. Det igjen påverkar helsa.

Sosial støtte som motvekt

Det finst derimot noko som kan verke imot dei negative effektane av diskriminering. Undersøkinga viste mellom anna at personar med god sosial støtte hadde betre sjølvopplevd helse enn dei som ikkje hadde mange sosiale relasjonar å lene seg på.

Forskarane skal sjå nærare på kva som kan redusere diskriminering og dei etterfølgjande helseskadane i ein annan studie. Friesinger håpar han skal vere klar neste år.

Dei vil òg sjå nærare på korleis ulike former for diskriminering heng saman. Her vil dei undersøkje korleis ulike former for diskriminering vert kombinerte og korleis dette heng saman med helse og livskvalitet.

– Førebelse funn viser for eksempel at dei som har opplevd diskrimering på grunn av kjønn, også ofte har opplevd det på grunn av alder. Det var også noko overlapp mellom diskriminering for både politikk og religion, seier Friesinger.

Referanse:

Jan Georg Friesinger mfl.: Associations between perceived discrimination and health: a cross-sectional public health study. BMC Public Health, 2025. Doi.org/10.1186/s12889-025-23888-6

Powered by Labrador CMS