Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Historieprofessor Knut Dørum ved UiA seier Fosen-saka er ein interessekonflikt der ein må forstå både storsamfunnet og samane sitt perspektiv.
Historieprofessor Knut Dørum ved Universitetet i Agder seier Fosen-saka er ein interessekonflikt der ein må forstå både storsamfunnet og samane sitt perspektiv.

– Samane har ei moralsk rett, men kan likevel tape mot storsamfunnet

Samane har sidan 1990 vore særleg beskytta og hatt ekstraordinære rettar som urfolk, men får ikkje dermed gjennomslag i Fosen-saka, ifølgje professor.

– Samane har i dag beiterett til 40 prosent av norske landområde. Bakgrunnen for det er opparbeidd hevd over fleire hundre år, oppgjer for den norske fornorskingspolitikken og urfolksrettar. I tillegg har dei no lova på si side når Høgsterett meiner regjeringa bryt menneskerettane deira på Fosen, seier Knut Dørum.

Dørum er professor ved Universitetet i Agder (UiA). Han seier Fosen-saka er ein interessekonflikt der ein må forstå både storsamfunnet og samane sitt perspektiv.

– Ja, samane har rett på beiteområda på Fosen etter mange hundre år med bruk. Dei har også moralsk rett på det etter historisk å ha vore undertrykt av storsamfunnet i fleire tiår. Dei har rett på det etter Ilo-konvensjonen frå 1990. Konvensjonen tryggar rettane til urfolk. Og samane har no ein fersk høgsterettsdom som gir dei all rett til beiteområda, seier Dørum.

Han minner likevel om at det finst eit like klart nei på spørsmålet om rettane til beitet i Fosen.

– Nei, etter klimaløftet frå 2007 og det grøne skiftet vi er midt oppe i, står beiteområda til samane i fare i møte med større samfunnsinteresser. Ei lita næring knytt til få reindriftssamar vil ikkje greie å stå i imot den plikta regjeringa og storsamfunnet har til å arbeide for det grøne skiftet, seier Dørum.

Historisk og moralsk rett

Dørum har nettopp gått i gang med å lese rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen om korleis norske styresmakter og storsamfunnet har behandla samane opp gjennom åra. Rapporten var lagt fram i juni i fjor.

– Eg er godt kjent med samisk historie frå før. Det er vel kjent at den norske staten har søkt å utslette samisk kultur i mange år. Mindre kjent er det kanskje at det dansk-norske eineveldet fram til 1814, og styresmaktene vidare fram til 1850-åra respekterte rettane til samane meir enn dei enn norske styresmakter i tida 1850–1950, seier Dørum.

1900-talet verst for samane

Dørum seier den norske staten og det norske storsamfunnet nesten klarte å viske ut den samiske identiteten og kulturen mot slutten av 1800-talet og framover mot 1950–60-åra.

– Fornorskingspolitikken var så dominerande at mange samar etter den tida ikkje vedkjente seg den samiske kulturen sin. På den måten kunne fornorskinga av samane berre rulla vidare også etter at den politikken vart forlaten, seier Dørum.

Stor skuld overfor samisk kultur

– Det norske storsamfunnet til liks med det svenske og finske forsøkte å utrydde samane. Dei gjekk langt i retning av å drive etnisk reinsing. Det vi har gjort mot samane, har trekk frå det vi kjenner frå holocaust, seier professoren.

Her er nokre av dei forboda, pålegga og krava samane måtte rette seg etter på 1900-talet, ifølgje Dørum:

  • Du skulle lære norsk og leggje frå deg den samiske identitet og kulturen din.
  • Du fekk forbod mot å snakke samisk på skulen.
  • Du vart stempla som mindreverdig om du gjekk med samekufte.
  • Du vart latterleggjort om du joika eller på annan måte uttrykte din eigen kultur.
  • Du vart rekna som usivilisert, primitiv og ein trussel mot samfunnet.

– Det historiske og moralske perspektivet er til fordel for samane. Dei har ei moralsk rett til særleg gode avtalar med storsamfunnet fordi dei har vore utsette for massiv undertrykking. Men dei har også opparbeidd seg rettar over store landområde gjennom hevd og gamle avtalar, seier Dørum.

Samiske rettar mot det grøne skiftet

– Men reindriftssamane er i mindretal målt mot alle dei som vil ha nytte av vindturbinane. Her kjempar reindriftssamane både mot vindturbinane og litt ufrivillig mot tiltak for grøn energi og interessene til andre samar. Interessene til storsamfunnet, behovet for straum og betre klima, vil vinne over samisk reindrift i fleire område, seier Dørum.

Han vil ikkje meine noko om kva utfallet av Fosen-saka skal verte, men peiker på at samane allereie ser ut til å ha tapt saka.

– Det har kome ei løysing for sørlege delar av Fosen. Vindmøllene vert ståande og samane får økonomisk kompensasjon og andre beiteområde som erstatning. Den mellomløysinga vitnar etter mitt skjønn om eit nederlag for samane, seier Dørum.

Samenes nasjonaldag

6. februar er samenes nasjonaldag. Dagen markeres til minne om det første samiske landsmøtet som ble holdt i Metodistkirken i Trondheim i 1917. Dette var første gangen at samene var samlet for å arbeide for felles samiske saker over nasjonalstatsgrensene. Dagen ble første gang feiret i 1993.

Kilde: Sametinget

Powered by Labrador CMS