Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskarane må velja om produktet deira er kosmetikk eller legemiddel
Forskarane har tru på nanopartiklar mot munntørrheit. No står dei framfor valet: Er løysinga deira eit legemiddel, medisinsk utstyr eller kosmetikk?
Ei grunnleggjande utfordring med medisinar som skal verka i munnhola, er den store gjennomgangstrafikken der. Vi tyller i oss mat og drikke, og dei fleste av oss skil ut spytt som vi så svelgjer eller spyttar ut. Dermed vert det vanskeleg, sjølv med sugetablettar, å halda verkestoff i munnen lenge nok til at dei kan verka effektivt.
Hjå personar med plagsamt tørr munn er det riktig nok snarare mangelen på spytt som er problemet. Men løysinga kan likevel vera den same, meiner professor Marianne Hiorth ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho leiar eit prosjekt som tek sikte på å finna den løysinga.
Står ved korsveg
– Vi har vist at ein type nanopartiklar som heiter liposom, har stort potensial for å levera legemiddel eller væske til munnhola. Vi kan verka dei til slik at dei festar seg til tenner, tannkjøt eller kinnvegg, og langsamt slepper ut innhaldet sitt, forklarar Hiorth.
Nanopartikkel er ifølge Store norske leksikon ein partikkel som består av nokre få atom og er mellom 1 og 100 nanometer i diameter. Nanopartikler skaper nye mogelegheiter innanfor fleire fagområde, da partiklane kan skreddarsyast til forskjellig bruk.
No er forskargruppa tekne opp i eit innovasjonsprogram kalla SPARK Norway kor dei vil få bistand til å utvikla ideen vidare mot kommersialiseringsmålet som vinkar i det fjerne. Men dei står ved ein korsveg.
– I løpet av året som SPARK prospect må vi ta ei avgjerd om korleis løysinga vår skal kategoriserast. Som det går fram ovanfor, er ikkje liposom eigentleg eit legemiddel i seg sjølv, men det kan brukast til å distribuera andre substansar, forklarar Hiorth.
Grundigare og dyrare prosess
Dermed kan løysinga deira potensielt kategoriserast på fleire måtar: som legemiddel, der den aktive substansen er inkludert, som medisinsk utstyr, eller som kosmetikk.
For både kosmetikk og legemiddel er det krav til sikkerheit, men krava til effekt er heilt ulike. Kosmetikkreklame kan riktig nok innehalda meir eller mindre uttalte lovnadar om skjønnheit og lukke, men i verkelegheita er det få som trur om grøn augneskugge at den skal gje deg noko anna enn grøne augnelok.
– For at noko skal godkjennast som legemiddel eller medisinsk utstyr, er det derimot heilt andre krav som vert stilt. Då vert prosessen sjølvsagt grundigare, meir omstendeleg og dermed mykje dyrare, seier Hiorth.
– Men på den andre sida har jo eit legemiddel ein heilt annan status i augo til både forbrukar og helsepersonell.
Dermed vert avveginga mellom kortare veg til marknaden eller ein lengre prosess som vil gje meir fagleg tyngd ei av avklaringane som må gjerast.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning