Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Kva kan sekskanta brikker gjere for naturfagslærarar?

Naturfaglærarar vil lære elevar om prosessen som leiar fram til kunnskap. Forskarar har no laga eit verktøy som skal hjelpe dei med nettopp det.

Fargerike Utforsk-brikker med naturfaglige arbeidsmetoder påskrevet lagt utover en lys bakgrunn.
Utforsk-brikkene er eit verktøy som skal støtte hjelpelærarar og lærarstudentar i arbeidet med naturvitskapelege arbeidsmetodar i skulen.
Publisert

 – Naturvitskaplege arbeidsmåtar skal gå igjen i alle delar av naturfaget i skulen, men lærarar opplever at det er definert vagt i læreplanen. Vi ønskte å gjere omgrepet meir handgripeleg, både for lærarar og elevar, seier Anne Lien ved Universitetet i Agder (UiA).

Verktøyet, kalla UTFORSK, består av tolv ferdigheiter. Dei er visualiserte som fargerike sekskanta brikker.

Blant desse er det å observere, beskrive, systematisere og eksperimentere. Brikkene kan settast saman på ulike måtar.

Slik kan lærarar og elevar sjølv diskutere kva ferdigheiter ei undersøking krev.

Dei kan bli tatt i bruk både i planlegging og gjennomføring av ei undersøking og i refleksjonen i etterkant.

Eksempel med skrukketroll

Eit døme på bruk av brikkene er ved øvinga observasjon av skrukketroll.

Då får elevane delt ut levande skrukketroll i eit plastbeger som dei skal undersøke.

For å førebu og planlegge øvinga kan læraren finne dei utvalde brikkene for akkurat denne øvinga: observere, beskrive, oppdage og stille spørsmål.

Eit lite skrukketroll går over huda på ei open hand.
Eit døme på bruk av brikkene er ved øvinga observasjon av skrukketroll

Elevane kan sitte i grupper og få beskjed om å finne fram dei same brikkene og legge dei ut på bordet.

Læraren kan deretter bruke brikkene til å vise elevane kva dei skal gjere og rekkefølga på det. 

– I denne øvinga er det naturleg å starte med den brikka som heiter Observere, seier Lien. 

– Mykje av poenget er å opne den svarte boksen

 – Vi valde verb med overlegg. Naturvitskap er også noko vi gjer. Det handlar ikkje berre om å lese fakta, seier Lien.

Lien forklarar at når dei brukar kunstig intelligens-verktøy i undervisninga, fungerer KI ofte som ein svart boks.

– Med KI stiller elevane spørsmål og får raskt eit svar ut, utan at vegen fram til kunnskap blir synleg.

Det nye verktøyet skal hjelpe til med å «opne» denne boksen ved å tvinge fram samtale og aktive handlingar rundt sjølve prosessen, ikkje berre resultatet.

– Mykje av poenget er å opne den svarte boksen. Med dette verktøyet lærer elevane korleis ein kjem fram til svara gjennom å gjere eigne undersøkingar, seier ho.

Hjelpespørsmål til læraren

Lærarsettet inneheld hjelpespørsmål på baksida av kvar brikke som læraren kan stille til elevane. 

Nokre av hjelpespørsmåla på observere-brikka er: Kva legg du merke til? Er det nokon detaljar som er viktigare enn andre? Kan du observere meir ved hjelp av hjelpemiddel/ teknologi?  

På same måte kan læraren bruke dei andre brikkene beskrive, oppdage og stille spørsmål og slik leie elevane gjennom ein utforskande prosess.

Anne Lien med briller og svart genser står foran frodige grønne planter.
– Ei evaluering kan tyde på at verktøyet foreløpig er lettast å ta i bruk på lågare trinn, seier forskar Anne Lien.

Oppsummering av øvinga

Øvinga kan oppsumme øvinga ved å skrive opp på tavla kva elevane har oppdaga og kva spørsmål dei sit igjen med.

Vidare kan læraren spørje elevane om nokon av spørsmåla dei har stilt kan undersøkast vidare. Eller kva for nokre andre brikker ein bør ta i bruk for å gjere vidare undersøkingar. 

Lien forklarar at på denne måten kan brikkene også bli brukt til å reflektere over prosessen fram til kunnskap saman med elevane – både kva dei har gjort og kva dei kan gjere vidare. 

– Elevane kan bruke brikkene til å synleggjere prosessen ved å sette dei saman på ulike måtar, enten etter kvarandre på ei linje, i ein sirkel eller trinnvis, seier Lien. 

Testa i tre rundar

Utviklinga har gått føre seg gjennom designbasert forsking.

Forskartemaet som Anne Lien leiar har hatt gjentatte rundar med testing og justering, i tett samarbeid med naturfaglærarar som skal bruke verktøyet.

Ein tidleg versjon av verktøyet blei prøvd ut på ein lærarkonferanse der 22 lærarar deltok. Av 17 som svarte på ei evaluering etterpå, sa 12 at dei ville bruke verktøyet i eiga undervising.

– Det var særleg lærarar på barneskulen som var positive. Det kan tyde på at verktøyet forebels er lettast å ta i bruk på lågare trinn, seier Lien.

Lærarar er vande til å tenke på naturfag som formidling av fakta

I siste runde blei verktøyet presentert for ei breiare gruppe, inkludert skuleleiarar, i samarbeid med innovasjonstenesta på UiA.

Her oppdaga forskarane at mange lærarar er vande til å tenke på naturfag som formidling av fakta, ikkje som oppøving i undersøkande prosessar.

– Det skaper ein avstand mellom det læreplanen legg opp til og det som skjer i klasserommet, seier Lien.

Tre prinsipp for at det skal fungere

Forskarane har formulert tre prinsipp for at eit verktøy som skal bidra til utforsking skal kunne fungere i praksis:

  1. Det må vere fleksibelt og invitere til dialog.

  2. Det må sette i gang aktiv læring.

  3. Det må gi lærarar reell støtte i undervisninga.

– Prosjektet viser kor mykje ein vinnar på å utvikle undervisingsressursar saman med dei som skal bruke dei. Målet er at elevane får reiskapar dei kan bruke også utanfor naturfagtimen, seier Lien.

Kjelde

Anne Lien mfl.: Building a Scientific Skill Set: A Design-Based Research Approach to Developing a Tool for Science Education and Beyond. Journal of the International Society for Teacher Education, 2026. Doi.org/10.26522/jiste.v30i1.5268

Om UTFORSK

  • Utvikla av forskingsgruppa i naturfagdidaktikk ved UiA og Skolelaboratoriet i naturfag

  • Består av tolv ferdigheiter, visualisert som sekskanta brikker.

  • Utvikla i tre rundar med lærarar, skoleleiarar og andre aktørar.

  • 12 av 17 lærarar i ein pilottest ville bruke verktøyet i eiga undervising.

  • 100 fysiske brikkesett er kjøpt inn og kan bli bestilt av skulane, saman med ei lærarrettleiing.

På denne nettside finn du ei rettleiing til verktøyet og forslag til øvelser som viser korleis Utforsk-verktøyet kan bli brukt.

Dei sekskanta brikkene som utgjør verktøyet kan lastes ned i form av ein A3-plakat. I tillegg kan du laste ned ei fil med hjelpespørsmål som kan støtter lærarar i bruken av brikkene.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS