Anna Fürstenberg ved Universitetet i Agder (UiA) forskar på diktaren Anne Carson.
Ho er ikkje overraska over at den gjeve Nobels litteraturpris går til kanadiaren.
– Det hadde overraska med om ha vann prisen da eg byrja lese henne for 10 år sidan, men ikkje no. Dei siste åra har ho vorten enormt populær. Mange les henne og har fleire gonger føreslått henne til Nobelprisen, seier Fürstenberg.
– Rød selvbiografi er ein god inngang til heile forfattarskapen hennar, seier forskar Anna Fürstenberg.(Foto: Privat)
Ho kan lesast på norsk
Fürstenberg minner om at Carson også har ein akademisk karriere.
– Ho er skulert i klassisk antikk litteratur og går i eigne bøker i dialog med greske mytar og karakterar. Carson tek ofte utgangspunkt i antikk litteratur som ho sjølv har omsett frå gresk til engelsk, seier Fürstenberg.
Dialogen med klassisk litteratur bidreg til at Carson bevegar seg fritt mellom fortid og notid.
På same vis bevegar ho seg fritt mellom ulike sjangrar og litterære former, forklarar Fürstenberg.
– Ei og den same boka av Carson kan innehalde både essay, dikt, omsetjingar og gresk mytologi. Denne djerve og grenseoverskridande stilen er eit særmerke ved hennar skrivemåte, seier Fürstenberg.
Filosofisk poetikk
Fürstenberg argumenterer for at Anne Carson etablerer ein spesifikk minnepoetikk.
Minnepoetikk er eit litteraturvitskapleg og kulturteoretisk omgrep som skildrar korleis erindring, minne og fortid blir kunstnarisk utforma og tematiserte i litteraturen.
Kort sagt handlar det om korleis vi hugsar gjennom tekst, og kva for litterære verkemiddel forfattarar bruker for å gjenskape, arbeide med eller utfordre fortida.
Carson bevegar seg fritt mellom ulike epokar og flettar saman det antikke med det moderne og det moderne med det antikke.
– Tida er aldri lineær hos Carson, men fungerer snarare som ein straum som er feilplassert i tid. Bildeassosiasjonar erstattar ei kronologisk tidsløp, seier forskaren.
Fürstenberg forankrar dette synet på tida ved hjelp av dei tidlege 1900-talsfilosofane Aby Warburgs og Walter Benjamin.
– Min tese er deira idear er fundamentet for Carsons høgst filosofisk poetikk, seier Fürstenberg.
Gjennombrot med sjølvbiografi
Annonse
Forskaren rår nye lesarar til å starte med romanen Autobiography of Red (1998). Romanen er skriven på vers, altså enda ei sjangerblanda Carson-bok.
På norsk heiter boka Rød Selvbiografi og er gjendikta av Tone Hødnebø.
– Det var denne boka Anne Carson slo gjennom med hos eit breiare publikum. Trass i den uvanlege forma, vart boka veldig populær også blant yngre lesarar, seier forskaren.
Boka inneheld både essay, omsetjingar, fleire vedheng (appendiks), sjølve romanen og eit avsluttande oppdikta intervju med ein antikk poet.
– Carson forvandlar undervegs det mytologiske stoffet til ein slags moderne danningsroman, seier Fürstenberg,
Nox er ei bok om sorg
– Rød selvbiografi er ein god inngang til heile forfattarskapen hennar. Her viser Carson fram si leikne haldning til skriving og ho utnyttar møtet mellom det antikke og moderne. Dessutan skriv ho det eg synest er ei utruleg gripande kjærleiksskildring, seier Fürstenberg.
Ho viser også til Nox (2010) som ein god start for nye Carson-lesarar. Nox er ei bok om sorg tileigna Michael, bror til Carson som er gått bort.
Til liks med andre Carson-bøker, består også denne av poesi, omsetjingar og korte sitat frå ulike kjelder.
– Nox er ein collage av bilde, fotografi, brev og handskrivne tekstar som Carson vev saman med ei omsetjing av den romerske poeten Catullus, seier Fürstenberg.
Fleire av Anne Carsons bøker er omsette og gjendikta til norsk:
Flyte, 2026
Albertine-økt. Dikt, 2026
Korte foredrag. Dikt, 2024
Rød selvbiografi. Gjendiktning, 2021
Glass, ironi og Gud. Gjendiktning, 2014
Annonse
Referanse:
Anna Fürstenberg: Två verkligheter till priset av en: Anne Carson och fragmentets estetik. Information och Kunskap, Axel och Margaret Ax:son Johnson Stiftelse för allmännyttiga ändamål, 2019.