Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Ho trudde dei var på ferietur. Så konfiskerte ektemannen passa til henne og barna
Vald i nære relasjonar stoppar ikkje ved landegrenser. Valdsutøvarar kan bruke familiens tilknyting til utlandet til å truge og presse familiemedlemmer.
Studien viser at valdsutøvarar utnyttar ei tilknyting til fleire land for å etablere og oppretthalde eit valds- og kontrollregime.(Illustrasjonsfoto: Colourbox)
I 15 år har ein mann brukt vald mot kona og barna. Så vil han ha
dei med på ferie til opphavslandet. Han lokkar og pressar, får dei til slutt
med, og vel framme konfiskerer han passa og returbillettane.
Han får hjelp av familien
sin, som dei bur hos, til å halde kontroll over kona og barna, også når han
sjølv reiser tilbake til Noreg.
Dette var ei av sakene Anja Bredal kom over då ho undersøkte korleis
kvinner i Noreg blir utsette for transnasjonal vald av partnar, partnars
familie eller eigne foreldre. Saka var oppe for ein norsk tingrett for nokre år
sidan. Mannen blei dømd.
Bredal har intervjua valdsutsette kvinner og studert norske
straffesaksdommar. Ho skildrar ein praksis som tidvis har fått mykje omtale i media
men nokså lite merksemd i forskinga.
– Valdsutøvarar utnyttar ei tilknyting til fleire land for å etablere
og oppretthalde eit valds- og kontrollregime. Dette kan skje på ulike måtar,
alt frå å dumpe familiemedlemmer i opphavslandet til trugslar om å drepe konas
slekt i landet ho kjem frå, seier Bredal, som er forskar ved NOVA, del av
OsloMet.
Forskar Anja Bredal meiner at folk i det norske hjelpeapparatet bør vere klare over fenomenet transnasjonal vald og korleis det kan arte seg.(Foto: StudioVest)
Rekordmange saker i 2024
Ho har ikkje undersøkt kor stort omfanget av transnasjonal vald er, men
det statlege Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert
vold rapporterte nyleg om 1402 enkeltsaker i 2024, noko som var ny rekord (bufdir.no).
Ein del av sakene var transnasjonale, for eksempel gjaldt 30 prosent ufrivillig
opphald i utlandet eller frykt for dette.
Ifølgje fagorganet Bufdir er mørketala truleg store fordi mange ikkje
tør å melde frå.
Fryktar å miste kontrollen
Bredal forklarer at kvinner eller barn som lever i eit valdsregime, kan
bli ekstra sårbare viss familien har tilknyting til eit anna land.
– Det er ofte når valdsutøvaren er redd for å miste kontrollen at det
transnasjonale blir eit element. Kanskje er det ei dotter som har ein kjærast
ho ikkje burde ha, eller ei kone som har lært seg norsk mot ektemannens vilje
og slik fått høyre om eit krisesenter. Då kan tilknytinga til utlandet gje
valdsutøvaren ei moglegheit til å oppretthalde kontrollen.
Ho intervjua rundt 97 kvinner og konsentrerte seg i studien om dei med
migrasjonsbakgrunn, som utgjorde rundt ein fjerdedel. Dei hadde bakgrunn frå
Afghanistan, Bosnia, Irak, Iran, Pakistan, Somalia, Syria, Tsjekkia og Tyrkia.
I fleire av desse landa er hjelpeapparatet svakare enn i Noreg. Kanskje
finst det få eller ingen krisesenter. Nokon land har også eit lovverk som gjev mannen
ei sterkare rettsstilling enn kvinna.
Det kan vere vanskeleg å få hjelp i utlandet
– Blir ein sendt til opphavslandet mot sin vilje, kan valdsutøvaren eller
hans kontaktar passe på at dei som er utsette, ikkje klarer å oppsøke ein norsk
utanriksstasjon, forklarer Bredal.
– Kva hjelp du kan få, avhenger av fleire variablar, mellom anna om personen
er norsk statsborgar. Å hindre kvinna i å etablere ei trygg rettsleg tilknyting
til Noreg kan være eit element i valdsregimet, seier ho.
Annonse
– Hjelpeapparatet må vite dette
Bredal meiner at det er viktig at folk i det norske hjelpeapparatet er
klare over fenomenet transnasjonal vald og korleis det kan arte seg.
Ei kvinne i ei straffesak budde i Noreg og hadde fått valdsalarm, medan
partnaren hadde besøksforbod. Likevel var kvinna fortvila fordi ingen beskytta
familien hennar i Pakistan.
– Ein må ikkje bagatellisere det om ei kvinne fortel at familien i opphavslandet
har blitt truga. Det kan vere eit reelt trugsmål. Kanskje veit ho at partnerens
familie har ressursar, og at rettssystemet i landet er svakt, seier Bredal.
Det er vanskeleg for norske styresmakter å gjere tiltak i andre land,
men eit transnasjonalt perspektiv kan gjere kvinnas frykt og strategiar meir
forståelege, legg ho til.
Kan oppretthalde valden på avstand
Bredal understrekar at transnasjonale valdsregime kan ta mange former. Vald
kan bli utført i fleire land over lang tid.
Trugslar kan ofte spele på at
kvinna kjenner norske forhold dårleg, for eksempel kan ho bli fortalt at norsk
politi vil valdta henne og sende henne til opphavslandet om ho kontaktar dei.
Trugslane kan også ha sterk effekt fordi kvinna kjenner forholda i
opphavslandet godt. For eksempel kan valdsutøvaren truge med å fortelje ting
til slektningane hennar, som at ho har vore utru. Dette kan bringe skam over
henne i eigen familie og få store konsekvensar, spesielt i opphavslandet.
I enkelte tilfelle kan valdsutøvaren ikkje berre tvangssende kvinna til
opphavslandet, men også ta over omsorga for felles barn i Noreg.
Valden kan ramme både partnarar, mindreårige og vaksne barn, og han kan
til og med skje på avstand:
– Har du levd i eit valdsregime over lang tid, er du i ein konstant
frykttilstand. Då kan valdsutøvaren oppretthalde kontrollen på telefon.
Annonse
Rettssystemet er ikkje tilpassa transnasjonal vald
Den norske straffelova omfattar lovbrot i Noreg. Skal ein straffe
lovbrot som har skjedd i andre land, må lovbrotet som hovudregel vere
straffbart i begge land.
Paragraf 5 i straffelova ramsar likevel opp
nokre unntak, altså situasjonar der lovbrot i utlandet kan bli straffa i Noreg
sjølv om det ikkje er straffbart i landet der det har skjedd.
To eksempel er kjønnslemlesting
og tvangsekteskap. Tidlegare var også mishandling i nære relasjonar eit slikt unntak,
men dette vart endra.
– Vi lever stadig meir globaliserte liv. Likevel har vi i dag ei straffelov
som er svak når det gjeld å ramme vald som skjer i utlandet, seier Anja Bredal.
Justis- og beredskapsdepartementet sende i 2020 eit lovforslag på
høyring der mishandling i nære relasjonar på nytt blir gjort til eit unntak. Sidan
har forslaget blitt utvida i utreiinga NOU 2024: 13 Lov og frihet. Ifølgje departementets kommunikasjonsavdeling vil departementet
vurdere dette utvida forslaget som eit ledd i oppfølginga av NOU-en.