Kven har kunnskapen til å vise oss kva som er den rette vegen å gå? Kva vel vi i store politiske avgjerder som rører ved liv, død og grunnleggjande verdiar?
– Det er viktig å inkludere livssynsstemmene, fordi dei reelt sett vil bidra til mangfald og ikkje berre kunnskap om mangfaldet, seier Eilev Hegstad.(Foto: Sonja Balci)
Desse diskusjonane er det etikkomiteane som tek.
Det er komitear med ekspertar på etikk, verdi og fag. Det er dei som gir styresmaktene råd om korleis dei skal handtere vanskelege etiske problemstillingar.
Eilev Hegstad har teke doktorgrad om nettopp desse etikkomiteane og forholdet mellom ekspertise og politikk.
– Mitt mål er å skape offentleg debatt om korleis desse komiteane er samansette. Tradisjonelt sett har dei bestått av representantar frå både fag og ulike livssyn, fortel han.
Han meiner det er uheldig at sentrale komitear, som Bioteknologirådet, går vekk frå å representere livssyn i rådet.
Fakta om etikkomitear
Ein etikkomite er ein offentleg komite som rådgir myndigheitene om politikken dei bør føre.
Etikkomiteane gir råd om etiske spørsmål.
Komiteane består ofte av profesjonelle etikarar, som filosofar og teologar, samt av fagekspertar.
Hegstad brukte Bioteknologirådet som case i forskinga si, der han blant anna intervjua medlemmar av rådet.
Bioteknologirådet diskuterer betente saker som surrogati, eggdonasjon og gentesting av born utanfor helsevesenet.
Han meiner at det er viktig at politikarane brukar både ekspertar og representantar frå ulike livssyn i diskusjonane om etiske spørsmål.
I tillegg opplever han at jo seinare ein etikkomite kjem på bana, jo vanskelegare er det å få til ein politisk debatt som ikkje er prega av verdisynet til dei ulike politiske partia.
– Desse sakene kjem ofte inn til komiteane etter at den politiske diskusjonen har komme ganske langt. Da kjem sakane inn i eit politisk rom der det allereie er tatt ein del avgjerder, seier han.
I desse tilfella vil det vere vanskeleg for komiteane å påverke politikarane til å ta nokre steg tilbake og potensielt gjere ei ny vurdering, meiner forskaren.
– Viktig å vere i forkant
Han meiner at det difor vil vere viktig for etikkomitear som Bioteknologirådet å vere i forkant av dei politiske behandlingane.
Eit slikt eksempel på kor viktig det er å vere i forkant, er saka om gentesting av born utanfor helsevesenet.
I 2020 gjekk Stortinget, etter råd frå Bioteknologirådet, inn for eit forbod mot gentesting av born utanfor helsevesenet. Dei meinte at å ta gentestar, utan at det er helsemessige årsaker i botn, ikkje skal kunne skje før barnet er 16 år og kan bestemme sjølv.
– I denne saka var det Bioteknologirådet som sjølv har vore i forkant, og dei politiske prosessane hadde ikkje starta for fullt. Det betyr at ekspertisen vart tatt med i betraktninga før dei ulike partia sitt verdisyn har gjort seg gjeldande, seier han.
Annonse
Hegstad synest det er viktig at representantane i komiteane representerer ulike livssyn.
Ikkje berre tekniske problem
– Samansetninga er viktig. Dersom ein berre tek med fagekspertar, kan spørsmåla bli meir tekniske og nøytrale. Ein risikerer å fjerne seg frå dei verdikonfliktane som er viktige i desse sakene, seier han.
I 2023 gjekk Bioteknologirådet vekk frå å ha livssynsrepresentantar med. Det tykkjer Hegstad er uheldig.
– Sakene som Bioteknologirådet diskuterer rører både livssyn og vår historie som menneske, i tillegg til fag. Slik eg ser det, treng ein begge aspekta for å drive god politikk, seier han.
Hegstad meiner at problemet med for stor overvekt av naturvitskaplege ekspertar, er at sakene ikkje lenger blir sett på som etiske problemstillingar, men som tekniske problem.
– Det er viktig å inkludere livssynsstemmene, fordi dei reelt sett vil bidra til mangfald og ikkje berre kunnskap om mangfaldet, seier Hegstad.