Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Korleis snakke om vald med gravide?

Marit Nygård Halvorsen har forska på korleis ein kan gå fram for å stille eit så personleg spørsmål.

Allereie ved første svangerskapskontroll blir jordmødrene i Noreg anbefalt å spørje gravide om vald
Publisert

«No skal eg stille deg eit litt annleis spørsmål. Det kan kanskje opplevast som litt ubehageleg.»

Det er første svangerskapskontroll på helsestasjonen. Den gravide og jordmor har akkurat møtt kvarandre for første gang. 

Til tross for dette skal jordmor stille spørsmål om eit av dei mest sensitive temaa som finst: vald.

Allereie ved første svangerskapskontroll blir jordmødrene i Noreg anbefalt å spørje gravide om vald. 

Målet er å tilby hjelp så tidleg som mogleg

Målet er å identifisere kvinner som har opplevd eller opplever vald og tilby hjelp så tidleg som mogleg. 

Men korleis kan ein gå fram for å stille eit så personleg spørsmål til nokon ein nettopp har møtt? 

Det har Marit Nygård Halvorsen ved Senter for Profesjonsforskning (SPS) på OsloMet forska på.

– Kva er den rette formuleringa? Kva er den rette timinga? Kva skal dei gjere med svaret, spør Marit Nygård Halvorsen.

– Tidlegare forsking viser at jordmødrer beskriv det å spørje om vald som krevjande, sjølv om det er noko dei veit at dei bør gjere. Nokon peiker på tidspress og manglande opplæring. Andre er usikre på korleis dei skal formulere spørsmålet og kjenner på uro på kva svaret kan vere, seier Halvorsen.

– Kjem det ut av det blå?

Forskaren har analysert 35 videoopptak frå svangerskapskonsultasjonar på helsestasjonar. I 21 av desse fekk den gravide spørsmål om vald. 

– Vi har undersøkt kva som skjer rett før spørsmålet kjem. Kjem det ut av det blå? Har jordmora førebudd temaet på ein eller anna måte? Det vi ser, er at det er særleg to tilnærmingar som blir brukt: ei oppgåveorientert tilnærming og ei samtalande tilnærming, seier ho.

Typiske spørsmål for den oppgåveorienterte tilnærminga kunne vere «Dette spør eg alle om» eller «No skal eg stille deg eit litt annleis spørsmål, som kanskje er litt ubehageleg». 

Jordmor må balansere

I eitt av opptaka blir det også referert til at dette er spørsmål som høyrer til eit standardisert skjema. 

Det er noko som fortel den gravide at dette er noko ein berre må gjennom, og at det ikkje er jordmor sjølv som har mistankar.

– Her introduserer jordmor ein tankegang om at dette er ein del av eit institusjonelt krav. I tillegg førebur ho den komande mora på at nokre av spørsmåla kanskje kan oppfattast som rare, seier Halvorsen.

Til saman er opplevinga at jordmor balanserer mellom dei institusjonelle krava og den sensitive naturen til spørsmålet, seier Halvorsen.

Samtalande tilnærming

– Den samtalande tilnærminga er meir gradvis. Her førebudde jordmora spørsmålet gjennom ein samtale om relasjonar, partnar, barndom og psykisk helse. Det kunne vere spørsmål som «Korleis er forholdet til partnaren din?» eller «Korleis var barndommen din?», seier Halvorsen.

Her blir spørsmåla stilt som ein naturleg del av samtalen. Ofte blir det gjort ved først å introdusere eit tema, som forhold til partnar eller familie, forklarar forskaren.

– Ved at den gravide først svarar på spørsmål om for eksempel partnaren sin, kan jordmor referere til dette seinare i samtalen. For eksempel ved å bruke setningar som «du nemnde dette tidlegare… » eller «du sa at… », seier Halvorsen.

– Sensitive spørsmål

Felles for tilnærmingane er at dei viser noko retningslinjer sjeldan fangar: sensitive spørsmål må førebuast. 

Halvorsen vil med forskinga si vise at retningslinjer er viktige. 

Likevel er det ikkje nok å fortelje helsepersonell at dei skal spørje. Dei må også få opplæring og støtte i korleis spørsmålet skal stillast.

– Kva er den rette formuleringa? Kva er den rette timinga? Kva skal dei gjere med svaret? spør ho.

Frå retningslinje til praksis

Målet til Halvorsen er å nå ut til jordmødrene og dei som skal stille desse viktige spørsmåla.

– Temaet for forskinga mi er korleis desse spørsmåla stillast i praksis. Korleis spør jordmødrer faktisk om vald og kvifor er det så vanskeleg å stille dessa spørsmåla og skil dei seg frå retningslinjene? spør ho.

Halvorsen meiner at noko av svaret ligg i undervisning.

– Det er behov for at undervisning blir meir praksisnær. Eg meiner at ved å bruke videoar, førebu jordmødrer på ulike scenario og å lære dei om dei ulike typane vald, kan det bli enklare for dei å ta det med seg i arbeidet, seier ho. 

Personlege eigenskapar er ofte det viktigaste

Halvorsen meiner også at personlege eigenskapar ofte er det viktigaste.

– Retningslinjer og undervisning rundt dette temaet kan ikkje erstatte personlege eigenskapar som det å vere ein menneskekjennar. Men det kan vere eit godt verktøy til dei som har behov for litt ekstra støtte og studentar som snart skal stille spørsmåla for første gong, seier ho.

Referansar:

Marit Nygård Halvorsen mfl.: More Than a Question: A Conversation Analysis of Midwives' Approaches to Addressing Violence in Antenatal Care (samandrag). Sociology of Health & Illness, 2025. Doi.org/10.1111/1467-9566.70081

Om prosjektet

Som ein del av det større prosjektet Halvorsen er involvert i, har funn frå forskinga hennar vore med på å danne grunnlaget for utvikling og utprøving av eit videobasert undervisningsopplegg om spørsmål om vald i jordmorutdanninga. Dette er eit samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge.

Powered by Labrador CMS