Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Bytta ut kanonball med boksing og parkour

Ikkje alle elevar trivst i gymtimen. Ein kroppsøvingslærar prøver nye aktivitetar for at fleire skal oppleve glede og meistring.

Kroppsøving kan by på meir enn ballspel. Boksing er éin måte å få elevane i aktivitet på.
Publisert

Kva er det som fyrst dukkar opp i minnet når du tenkjer på dine eigne gymtimar frå skuletida?

Om det er kanonball og hjørnefotball så er du langt frå aleine.

Men er desse ballaktivitetane eigentleg god kroppsøving?

Podcast: Kva er god kroppsøving?

Denne episoden av NIH-podden handlar om korleis skulen og kroppsøvingstimane kan bidra til betre folkehelse. Du høyrer kroppsøvingslærar Maria Moen i samtale med professor Mats Hordvik. Du finn episoden nedst i artikkelen.

Kva vil elevane?

– Den største utfordringa med kroppsøving er lærarar som ikkje har kompetanse i faget. Da er det lett å ty til enkle løysingar. Kanskje spør dei elevane om kva dei vil, eller vel aktivitetar som dei er kjent med frå eigne gymtimar, seier kroppsøvingslærar Maria Moen

Tal frå NIH og Folkehelseinstituttet viser at aktivitetsnivået og den fysiske forma har gått ned, ifølge denne artikkelen på forskning.no.

Spesielt blant dei minst aktive barna.

Da hjelper det ikkje at dei elevane som ropar høgast og får påverke innhaldet i timane, er dei som er trygge i aktivitetane og driv med organisert idrett.

Når timane blir fylt opp med ballaktivitetar er det mange elevar som fell utanfor og ikkje kjenner på glede eller meistring i kroppsøvingsfaget, meiner Moen.

– Det er ikkje noko gale med desse aktivitetane i seg sjølv, men det er mange som ikkje opplever meistring i dei. Da trekkjer dei seg heller unna. Viss elevane skal få ein positiv oppleving, må det vere positive kjensler rundt aktivitetane, seier Moen.

Ho fryktar desse elevane får eit vanskeleg forhold til å vere fysisk aktiv.

Maria Moen tok master på NIH og er i dag kroppsøvingslærar på Sinsen skole. Mats Hordvik er professor på NIH.

Desse grepa har læraren tatt

Derfor har ho tatt tydeleg grep på sin barneskule i Oslo over fleire år som kroppsøvingslærar.

Ved å ta kontakt med lokale klubbar og felleskap i lokalmiljøet, vil Maria Moen vise elevane at det finst langt fleire måtar å vere fysisk aktiv på.

– Elevane treng å få sjå at det finst meir enn det dei blir tatt med på av foreldra eller vener på. Mange finn ikkje plassen sin i dei største idrettane, seier ho.

Moen nemner parkour, dans, bryting, boksing, volleyball, innebandy og crossfit som aktivitetar ho har tatt med klassene sine på.

– Dei synest det er så artig. Det er fleire elevar som har starta på ein ny aktivitet. I staden for å slutte heilt med idrett da dei ikkje ville spele fotball eller handball meir, har dei i staden begynt på bryting og funne eit fellesskap der, nemner ho som eit eksempel.

I tillegg brukar Moen ein god del av timane dei har til rådigheit i Fysisk aktivitet (FYSAK) på sosial kompetanse.

– Vi snakkar mellom anna om kva dei ulike bevegelsane og aktivitetane faktisk gjer med deg og kroppen din, seier ho.

Nær halvparten har ikkje kompetanse

Nesten 50 prosent av lærararane som underviser i kroppsøving i grunnskulen, har ikkje utdanning i faget.

Professor Mats Hordvik forskar på både kroppsøvingsfaget og lærarutdanning.

Han meiner eksempla barneskulelæraren kjem med, viser kvifor det er så viktig med kompetanse i faget også for dei yngste elevane.

– Det Maria gjer er akkurat det vi treng. Det handlar om tilpassa opplæring som i alle andre fag. Vi må tilpasse til dei som er gode i idrett, dei midt på treet og dei som er lite aktive. Da treng vi lærarar som klarer å undervise på ein måte som treff fleire, seier Hordvik.

Statsråd vil gjere fag obligatorisk i lærarutdanninga

I vår heldt kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun eit innlegg på eit frukostseminar ved NIH - se video her.

Temaet var kva rolle kroppsøving kan spele for folkehelsa i framtida.

Statsråden fortalde at ho jobbar for å gjere det obligatorisk med minst eit praktisk-estetisk fag, som kroppsøving, i lærarutdanninga.

Kari Nessa Nordtun besøkte NIH i mai og kom med fleire forslag og lovnadar for å styrke kroppsøvingsfaget.

Nordtun sa at mange lærarstudentar vel bort praktisk-estetiske fag, sjølv om dei har lyst til å ta dei. Grunnen er at dei gjerne berre skal undervise i to–tre fag.

Kunnskapsministeren vil arbeide for at studentane tek fleire fag, slik at skulane får meir av denne kompetansen.

Hordvik som forskar og underviser på lærarutdanninga på NIH meiner dette – og meir satsing på etter- og vidareutdanning – er svært viktig i grunnskulen.

– Det er ein draum viss lærarutdanninga kan ha krav om eit praktisk-estetisk fag. Det vil heve kvaliteten på faga. Nordtun kom med veldig positive lovnadar, så nå håpar me det vil bli fylgd opp også, seier Hordvik.

Høyr episoden her:

Powered by Labrador CMS