Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Anbefalt aktivitet for barn: – 60 minutt kan vere for lite
Ny forsking gjer grunn til å vurdere ei endring av dagens aktivitetsanbefalingar.
Ein bør vurdere å endre anbefalingane om fysisk aktivitet for barn, meiner forskarar. Mellom anna på grunn av ein stor internasjonal studie leia frå Norges idrettshøgskole.(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
60 minutt med aktivitet med moderat til høg intensitet kvar dag er det helsemyndigheiter både nasjonalt og internasjonalt tilrår barn frå 6 til 17 år i dag.
Men er det eigentleg nok?
Forskarar ved Norges idrettshøgskole (NIH) har gjort ein stor oversiktsstudie der dei har sett på 14 internasjonale oppfølgingsstudiar.
Dei har undersøkt samanhengen mellom fysisk aktivitet og stillesittande tid med ulike teikn for hjarte- og karhelse.
Legg til rette for at barna blir andpustne i løpet av dagen
Nærmare 13.000 barn og unge frå 16 forskjellige land og 4 kontinent er inkludert.
Ingen har tidlegare gjort ein så stor og liknande studie der aktivitetsnivået til barn har blitt målt med bevegelsessensorar.
– Dette er den mest omfattande studien som hittil er gjort på dette området, seier professor Ulf Ekelund ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH. Der forskar han innanfor folkehelse og fysisk aktivitet.
Funna viser også at det viktigaste du som forelder kan gjere, er å legge til rette for at barna blir andpustne i løpet av dagen.
Fysisk aktivitet med moderat til høg intensitet har ein svak, men gunstig samanheng med teikn for hjarte- og karhelse. Det er teikn som insulin, LDL-kolesterol, triglyserider og ein samla risikoscore. Slik aktivitet er rask gåing til aktivitet der du blir andpusten og sveitt.
Forskarane fann ingen samanheng mellom total mengde stillesittande tid og dårlegare risikoprofil for hjarte- og karhelse blant unge.
Fysisk aktivitet med moderat til høg intensitet over dagens anbefaling på 60 minutt per dag må kanskje til for å forbetre helsetilstanden til hjarte blant unge.
I studien har forskarar målt aktiviteten til barn med bevegelsessensorar og fylgd barna over fleire år.(Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Endre til 90 minutt kvar dag?
– Dette tyder på at det viktigaste er å sikre at barn får opp pulsen ei stund per dag, og at stillesitting i seg sjølv ikkje er ein sjølvstendig risikofaktor for hjartehelsa hos barn.
Det seier Anders Husøy ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH. Han forskar på fysisk aktivitet, stillesitting og folkehelse.
Grunnen til at forskarane meiner at aktivitetsanbefalinga kan bli høgare, er at dei såg i studien at det berre var dei mest aktive barna som hadde ein lågare sannsynligheit for høgare risikoscore for hjarte- og karhelse.
– Dei som låg i denne gruppa hadde 92,8 minutt per dag i gjennomsnitt. Det kan tyde på at anbefalinga burde ligge i nærleiken av 90 minutt per dag, seier Husøy.
Tilpasse aktivitetsråda til alder?
Dei etablerte råda om 60 minutt kvar dag kom i 1998. Ekelund meiner det er på høg tid for WHO å endre råda.
Sidan 1998 har det kome fleire og langt betre studiar på området.
Annonse
– Dei etablerte råda er i stor grad bygd på eldre tverrsnittstudiar. Det var berre tre studiar som hadde faktiske målingar av blodtrykk og blodmarkørar, seier Ekelund.
Han meiner også helsemyndigheitene bør vurdere eigne aktivitetsanbefalingar for ulike aldersgrupper. Samanhengen mellom aktivitetsnivå og risikoteikn for hjarte- og karhelse var sterkast hos dei yngre gruppene med barn.
– Nå spekulerer eg litt, men eg tenkjer at den anbefalinga som finst i dag frå 6 til 17 år, er eit altfor breitt aldersspenn. Eg trur ein burde ha ei anbefaling frå 6 til 11–12 år og ein for ungdom, seier Ekelund.
Forskarane understrekar at det krev meir forsking for å kunne konkludere med sikkerheit. Det er mellom anna fordi barn i tenåringsalder endrar seg fort på mange måtar.
Denne gruppa er aktivitet viktigast for
I studien såg dei også at det var eit sterkare forhold mellom fysisk aktivitet og teikna for betre hjarte- og karhelse blant dei med høgast BMI.
– Det tyder på at fysisk aktivitet er mest gunstig og viktig for akkurat denne gruppa.
Forskarane understrekar at i denne studien har det berre blitt sett på nokre av mange helseteikn.
– Det er sjølvsagt ein liten del av barns helse. Fysisk aktivitet gjer utruleg mykje anna bra for barn som denne studien ikkje har målt – slik som betre kognitiv funksjon og læring, betre psykisk helse og trivsel, sterkare skjelett og fysisk form, seier Jakob Tarp, som også er ein del av forskargruppa på NIH bak studien.