Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Desse spelarane lykkast i straffekonk

Kva er det som gjer at nokon taklar det enorme presset frå straffemerket betre enn andre?

Fotballspiller i gult tar straffe mot keeper i blått foran mål.
Kanskje følger milliardar det eine sparket på ballen. Presset er enormt.
Publisert

Kvar gong eit fotballmeisterskap går over til sluttspelfasen og moglegheita for straffesparkkonkurranse opnar seg, får ein fotballforskar i Noreg telefonar frå heile verda.

Ingen har forska meir på straffespark enn Geir Jordet. 

Det er få som veit meir om kva som skal til for å takle det umenneskelege presset det er å skulle avgjere ein VM-kamp for nasjonen din, når du veit at millionar, kanskje milliardar følger det eine sparket på ballen.

En skallet mann sitter i et radiostudio foran en mikrofon og mikrofonarm.
Geir Jordet er professor ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH og forskar blant anna på press, stress og kroppsspråk i fotball.

Podcast: Derfor takler noen spillere press bedre enn andre

I denne episoden av NIH-podden kan du høyre Geir Jordet fortelle om kvifor nokon taklar press betre enn andre i fotball.

Du finn lenke til episoden nedst i denne artikkelen.

Ein av fem VM-kampar blir avgjort på straffer

– Alle forventar at du scorar, for cirka 70–80 prosent av straffesparka blir jo mål. Du har eigentleg alt å tape. Viss du bommar, så er det dette alle kjem til å hugse i alle år.

Han kallar straffesparkkonkurransar eit perfekt laboratorium for å studere effektane av stress og press.

Og det er ikkje sjølve sparket på ballen han er fascinert av.

– Sparket er på ein måte det kjedelegaste. Det er jo alt som skjer før sparket som betyr mest for meg. Det er kanskje det mest intense presset og stresset du kan oppleve som fotballspelar, kanskje som idrettsutøvar, forklarer Jordet.

Heile ein av fem sluttspelkampar i den moderne VM-historia har gått til straffer. Kva er det forskaren har sett som spesielt interessant?

Fotballspiller med nummer 5 sett bakfra løfter begge tomlene på en opplyst stadion.
Jubling etter straffespark har vist betydeleg effekt viser tidlegare studiar. Kan Erling Braut Haaland og resten av gjengen juble seg til siger i ein eventuell straffesparkkonkurranse?

Benkeslitarane må ofte avgjere straffekonk

Noko av det siste han har sett på, er at det i moderne fotball ofte er innbyttarane på benken som endar opp med å ta straffe i ein straffekonk.

I 2022 gjekk ein frå tre til fem innbyttarar.

60 prosent av dei som tar straffesparkkonkurranse i nyare tid, er spelarar som ikkje starta kampen.

– Det betyr at når ein trenar planlegg ein straffekonk, må dei tenkje meir på kven dei ser for seg skal avslutte kampen enn dei som skal starte.

Effekt av jubel etter scoring

Viss du jublar uhemma etter eit mål på straffespark, så aukar faktisk sjansen for at den neste motspelaren bommar med 10–15 prosent, viser ein av studia til Jordet.

Når keeper prøver å psyke ut straffeskyttaren før eit straffespark, viste ein studie at prestasjonen sank med cirka 10 prosent.

Forsking har vist at det å bruke kort tid på eit straffespark, gir lågare sjanse for mål.

– Det handlar kanskje litt om at ein vil bli fort ferdig og kome seg vekk fortast mogleg, seieri Jordet.

Jordet trekk også fram eit motsett eksempel frå EM-finalen i 2021 mellom England og Italia.

Marcus Rashford tok straffe for England, og på dei ti siste straffesparka hadde han tatt seg god tid.

– Han overkompliserte det

Normalt stod han 6–7 sekund etter at dommaren blåste i fløyta. I finalen stod han dobbelt så lenge: 12 sekund.

– Eit stort raudt flagg, seier Jordet.

Rashford sa i intervju etter kampen at han prøvde litt for mykje og ville ta eit perfekt spark.

– Han overkompliserte det, seier Jordet.

Dei siste ti åra har spelarane begynt å bruke lengre tid enn dei gjorde på 1970-, 1980- og 1990-talet. Da brukte dei i gjennomsnitt under eit sekund på å ta sjølve straffa.

Nå går det 3–4 sekund frå dommaren bles til spelarane treffer ballen.

Trenarrolla

– Trenaren er kjempeviktig, både før kampen og dei tre minutta mellom ekstraomgang til straffekonken startar, seier Jordet.

Han kjem med eksempel frå førre VM-finale mellom Argentina og Frankrike som blei avgjort på nettopp straffer.

Kontrasten var stor mellom den franske trenaren Didier Deschamps og Argentinas Lionel Scaloni.

– Deschamps visste tydeleg ikkje kva han skulle gjere. Du kunne sjå han tenkje og konferere med assistenten sin og brukar frykteleg lang tid på å bestemme kven som skulle ta straffer, seier han.

Det var ikkje tilfelle med argentinske Scaloni. Dette laget enda etter kvart med å ta VM-gullet.

– Han brukar 20 sekund på å fortelje spelarane om kven som skal ta straffe. Det var tydeleg at spelarane nok visste kven som skulle ta straffer i forkant og hadde brukt god tid på å førebu seg, seier Jordet.

Dette bør du som TV-sjåar sjå etter

Heime hos professoren i idrettspsykologi er nok fokuset litt annleis enn hos den vanlege fotballsjåaren.

Kva er det han ser etter i kroppsspråket til spelarane som kan påverke straffesparket?

– Dynamikken mellom spelarar, samspelet i eit lag, konfrontasjon med ein motstandar. Kommunikasjon med dommaren og korleis spelarane oppfører seg rundt trenaren, seier Jordet.

Men handlar ikkje ein straffesparkkonkurranse aller mest om flaks?

– Det er sjølvsagt ein del flaks involvert. Men du kan absolutt auke sannsynet for at du lykkast med eit spark ved å gjere ting riktig i trening, i førebuing og i den mentale inngangen til sparket.

Jordet meiner lag bør begynne å førebu seg fleire månader før ein eventuell straffekonk.

– Viss eg skulle stått der og tatt eit sånt type spark, skulle eg jo ynskt at eg hadde begynt å trene på dette god tid i forvegen sånn at eg hadde ein straffeteknikk og ein rutine som eg stolte 100 prosent på, seier Jordet.

Den beste straffeskyttaren i VM

Dei beste straffeskyttarane har ein rutine dei alltid skal gjennom. Noko dei gjer rett før sparket som dei kan fokusere på.

– Sjølv om stresset tyt ut av øyra mine, så veit eg akkurat kva eg skal gjere. Den rutinen er kjempeviktig, seier han og held fram:

– Dei beste er også frykteleg vanskeleg å førebu seg mot fordi dei er så uføreseielege. Dei har eit knippe med ulike straffesparkteknikkar som dei trekk fram litt vilkårleg. Som keeper veit du aldri kva som dukkar opp, seier Jordet.

Nyleg skreiv han ein artikkel i New York Times der han trekte fram VMs ti beste straffeskyttarar. Lionel Messi og Cristiano Ronaldo var faktisk ikkje ein del av lista.

Englands storscorar Harry Kane kapra fyrsteplassen på Jordets liste.

– Kane har teke så mange straffespark, men måten han framleis utviklar seg på er svært imponerande. Han er uføreseieleg, svært stabil og ekstrem effektiv, skriv Jordet.

Høyr heile episoden nedanfor:

Referanse:

Geir Jordet: Pressure - Lessons from the psychology of the penalty shootout (samandrag). New River Books Ltd, 2024.

Powered by Labrador CMS