Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Smartklokka viser 60-åringar at dei har kondis som 20-åringar: – Snevrar inn rommet for å bli gammal
Kondisjonsalderen på treningsklokka har blitt eit statussymbol, meiner forskar. Det kan påverke korleis vi ser på det å bli eldre.
67-åringen fekk beskjed at han hadde kondisjon som ein 20-åring og var blant dei ein prosent best trente i landet i sin årsklasse.
Likevel tikka det inn ei melding på klokka: «Søndag er din mest inaktive dag. Kva kan du gjere med det?»
– Treningsklokker kan gi ein overdriven tro på at det er mogleg å ta kontroll over eigen helse, seier forskar Marte Knutsson.
Korleis påverkar smartklokka synet på eigen kropp?
Eksempelet i innleiinga er frå ein av deltakarane i doktorgradsprosjektet til Marte Knutsson, ved Norges idrettshøgskole.
Forskaren undersøkte og intervjua 23 personar over 60 år om korleis dei brukte smartklokker og aktivitetsmålarar.
Knutsson ville finne ut korleis bruken påverka kvardagen, synet på sin eigen kropp og det å bli eldre.
Deltakarane skildrar sjølvsporinga klokkene gir dei moglegheit til som «gøy, morosamt og motiverande». Samstundes er det fleire som fortel at dei har blitt avhengige av dei digitale dingsane sine.
Mange trakk spesielt fram smartklokkenes lønningssystem som premierer vektnedgang og forbetring av kondisjon, blant anna gjennom å gje brukarene sin eigen «kondisjonsalder».
– Låg kondisjonsalder blir eit symbol på at den enkelte har skjøtta kroppen riktig gjennom livet. Det gir status når kondisjonsalderen er lågare enn kronologisk alder, seier Knutsson.
Optimalisering inn i høg alder
Forskingsfunna hennar viser også at idealet om optimalisering varer inn i høg alder og at det eksisterer eit sterkt ideal om å eldast på ungdommelege måtar.
– Det å få ei bekrefting på at kondisjonsalderen er lågare enn den kronologiske alderen, bidreg til å forsterke dette idealet. Klokka fortel deg at viss du berre får betre maksimalt oksygenopptak, da skjer det ein slags forynging av kroppen, seier Knutsson.
Psykolog og professor ved Universitetet i Oslo, Ole Jacob Madsen, har tidlegare skrive om korleis smartklokkene påverkar oss.
Han ser prestasjonskulturen som brer om seg blant dei eldre.
– Ein merkar også denne prestasjonskulturen blant dei eldre. Det å ha lågast mogleg kondisjonsalder og klare seg mest mogleg sjølv er eit ideal for mange. Og kanskje er det heilt menneskelege behov og ynskje å klare seg mest mogleg sjølv, seier Madsen.
– Mi bekymring er at det blir eit slags moralsk hierarki over dei som klarer å oppnå det vi definerer som vellukka aldring. Det blir eit individuelt ansvar å ivareta eigen helse, som på mange måtar kanskje er litt urimeleg, legg Knutsson til.
Ei innsnevring av livet
Psykologen åtvarar mot å stirre seg blind på tala og meldingane frå klokka.
– Kanskje må ein droppe sosiale aktivitetar fordi ein må kome seg tidleg i seng, eller at dei inneber mat og alkohol, som ikkje er foreinleg med å få god nok søvnscore eller optimalt kaloriinnntak. Det blir ein innsnevring av livet, og det skjer kanskje gradvis utan at ein heilt merkar det sjølv, seier Madsen.
Knutsson trekk fram at mange eldre også får mykje bra ut av bruk av smartklokker.
Ein deltakar skildra korleis han brukte kartfunksjonen aktivt for å finne ut kor mykje av eit turområde han hadde dekka over på turane sine.
Mange opplever tilfredsstilling og glede ved å sjå innsatsen sin, som puls, skritt og kaloriar, dokumentert.
Men den kan også gjere det vanskelegare å bli eldre, meiner ho.
Vêr bevisst på smartklokka sin logikk
– Teknologien snevrar inn rommet for kva «sunn aldring» betyr. Den har ikkje plass til den menneskelege sårbarheita og den fysiske svekkinga som naturleg kan følge med det å bli eldre. Målingane bidreg til å skape ein verkelegheit der vi rangerer kroppar etter et snevert ideal om kva ein «riktig» kropp er, seier Knutsson.
Forskaren meiner eldre bør vere bevisst på at logikken til klokka er at ein aldri blir ferdig optimalisert.
Fleire av deltakarane i prosjektet var i svært god form, og hadde tidlegare drive med toppidrett.
Dei fekk beskjed av klokka om at dei var blant dei best trente i sin årsklasse, men som eksempelet i innleiinga viste, fekk dei framleis jamnlegepåminningar om at dei framleis kunne optimalisere dagen.
Sjølv om dei seks andre dagane i veka var svært aktive, kunne den rolege søndagen framleis bli betre.
– For eldre som svingar mellom aktive og inaktive periodar, kan klokka forsterke dårleg samvittigheit ved å synleggjere veldig tydeleg kva dei ikkje meistrar, seier Knutsson.
Bruk dei med leiken tilnærming
Forskaren vil ikkje råde eldre til å ikkje bruke smartklokker aktivt, men kanskje ha eit litt meir bevisst forhold til meldingane og tala som stadig tikkar inn.
– Mitt bodskap er at vi må unngå å tenkje på desse tala vi får servert som heilt nøytrale. For det er dei ikkje. Eg meiner at dei ikkje er ein spegelbilde av ei verkelegheit, men dei er med på å forme oss og kven vi kan vere. Bruk smartklokka med ein leiken tilnærming, rådar forskaren.
Psykolog Madsen er einig.
– Finn den gylne middelvegen og ikkje ta deg sjølv for høgtideleg. Det er fint å leve eit mest mogleg aktivt og sunt liv, men ikkje still deg blind på tala. Ikkje la dei bli altoppslukande og det einaste som styrer livet ditt, oppsummerer Madsen.
Kilde
Marte Knutsson: Aldring som teller? En diskursanalyse av hvordan eldre over 60 år bruker smartklokker og aktivitetsmålere for å fremme fysisk aktivitet og helse (samandrag). Doktorgradsavhandling, Norges idrettshøgskole, 2026.
Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
-
– Viss Olaf Tuftes død endar med at folk er mindre aktive, så hadde han vore forbanna nå, seier hjartelege
-
Anbefalt aktivitet for barn: – 60 minutt kan vere for lite
-
Bytta ut kanonball med boksing og parkour
-
Forskerne ble overrasket da de testet supersko
-
Professor: – Styrketrening er trygt for barn
-
Desse spelarane lykkast i straffekonk