Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Er norsk ungdom meir aktive enn unge i andre land? Undersøking med 3,2 millionar ungdomar gir svar

Tala er urovekkande, meiner professor.

To jenter sitter på gule tribuner med joggesko og jeans og mobilene sine.
Jenter har i gjennomsnitt færre aktive dagar enn gutar i alle regionar, viser ny WHO-rapport.
Publisert

240 millionar ungdommar mellom 11 og 17 år hadde ikkje ein einaste dag med nok fysisk aktivitet den siste veka. 

Det viser nye tal som Verdas helseorganisasjon (WHO) publiserte denne veka. 

Tala er basert på spørjeskjema der om lag 3,2 millionar ungdomar i 140 land har svart på spørsmål om kor aktive dei har vore dei siste sju dagane.

WHO-illustrasjon med aktivitetsgrafikk øverst og tre ungdommer på en huske nederst.
Illustrasjon frå WHO sin rapport.

Fakta frå rapporten

  • I gjennomsnitt rapporterte ungdomane at dei var fysisk aktive berre 2,7 dagar i veka.

  • Berre 14 prosent oppgav at dei var aktive alle dei sju dagane og dermed oppfyller anbefalinga om fysisk aktivitet.

  • Ingen endring i fysisk aktivitet dei siste 15 åra.

Svært få er aktive nok kvar dag

Studien er publisert i det anerkjente tidsskriftet The Lancet Global Health. 

– Det er definitivt urovekkande, og spesielt bekymringsfullt er det at det ikkje har skjedd noko forbetring dei siste 15 åra. Det har blitt gjort mykje for å legge til rette for fysisk aktivitet for barn og ungdommar, likevel har ikkje fleire blitt aktive, seier Ulf Ekelund.

Han er professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH.

WHOs anbefaling er at denne aldersgruppa bør vere i moderat til høg aktivitet minimum 60 minutt kvar dag. 

I dette spørjeskjemaet blei ungdomane spurd om kor mange dagar dei hadde vore aktive i minst 60 minutt. 

Ingen framsteg siste 15 år

Ekelund er ein del av ei ekspertgruppe i WHO som har sett på befolkningsundersøkingane som er gjort mellom 2010 og 2025. 

WHO er spesielt uroa for at jenter framleis er langt mindre aktive enn gutar.

Berre 11 prosent av jentene rapporterte at dei var fysisk aktive kvar dag, mot 17 prosent av gutane. 

Jentene var mindre aktive enn gutane i nesten alle land og WHO-regionar.

På ein pressekonferanse denne veka uttrykte generalsekretær i WHO, Tedros Ghebreyesus stor bekymring. 

– På 15 år har verda nesten ikkje gjort nokon framsteg når det gjeld å få unge menneske i rørsle, og jentene blir hengande aller lengst etter. Løysinga er ikkje å be ungdommane om å prøve hardare. Vi må byggje skular, gater og lokalsamfunn der det er trygt, enkelt og naturleg å bevege seg, leike og vere fysisk aktive, sa Ghebreyesus. 

Det var også store skilnader mellom landa. I enkelte land rapporterte berre 4 prosent av ungdommane ingen aktive dagar. I andre land var delen over 40 prosent.

WHO trekk fram at det ikkje finst ei enkeltståande forklaring på den manglande globale framgangen. 

Fysisk aktivitet blir påverka av kvar ungdom bur, går på skule, reiser og bruker fritida si. 

Infografikk om norske ungdommers aktive dager med prosenttall og fargede søyler.
Tal frå rapporten.

Norske ungdommar var meir aktive

Også norske ungdommar har svart på desse spørsmåla. 

Langt færre unge her til lands rapporterer om dagar utan aktivitet, enn det internasjonale gjennomsnittet. 

Ekelund understreker at det er vanskeleg å samanlikne aktiviteten som ungdommane sjølv rapporterer gjennom spørjeskjema, med tal frå aktivitetsmålarar som blir gjort i andre undersøkingar. 

I Noreg blir barn, unge og vaksnes aktivitetsnivå jamnleg kartlagt med aktivitetsmålarar gjennom UngKan og Kan-undersøkingane av NIH og Helsedirektoratet. 

I førre undersøking frå 2019 viste kartlegginga at 15-åringane var meir aktive enn det den nye rapporten viser.

UngKan3 viste at om lag halvparten av 15-åringane oppfylte aktivitetsanbefalingane kvar dag.

Vinteren 2027 vil det kome ferske tal på både fysisk aktivitetsnivå og fysisk form blant norske barn og unge. 

Fire unge personer i en gymsal under en fysisk test, mens en instruktør holder et stoppeklokkelignende apparat.
Dei to siste åra har NIH reist landet rundt for å teste både barneskule- og ungdomsskuleelevars fysiske form. Vinteren 2027 får vi svar på kva status er nå.

WHO kjem ikkje til å nå målet sitt

Eit lite lyspunkt ser likevel den svenske forskaren.

– Ein kan sjå på det som eit lite lyspunkt at aktivitetsnivået ikkje har falt, med tanke på den kraftige auka i bruken av digitale medium dei siste 15 åra, seier han.

Samstundes har WHO hatt som mål å minske delen av inaktive personar fram til 2030, og det målet kjem ikkje til å bli nådd, konstaterer Ekelund.

Han er ein av dei mest anerkjente forskarane innan fysisk aktivitet og folkehelse internasjonalt.

Nå ber WHO om sterkare innsats frå dei enkelte nasjonane på tvers av sektorane for utdanning, transport, byplanlegging og idrett og helse.

– Fysisk aktivitet i ungdomsåra er svært viktig for mental helse og beinhelse for ungdommane, i tillegg til å førebyggje livsstilssjukdommar seinare i livet. Vi må fokusere på strukturelle endringar i miljøet – meir aktivitet i skulen, trygge gang- og sykkelvegar og betre nærmiljø. Det ansvaret og avgjerdene må myndigheitene i dei enkelte landa ta, meiner Ekelund. 

Kilde

Tessa Strain mfl.: National, regional, and global trends in adolescent physical activity from 2010 to 2025: a pooled analysis of 389 surveys with 3·2 million participants from 140 countries. The Lancet Global Health, 2026. DOI: 10.1016/j.langlo.2026.104099

Powered by Labrador CMS