Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Forskarar åtvarar: Barns frie leik er trua

Risikofylt utandørsleik er viktig for barns psykiske, sosiale og fysiske utvikling, viser forsking.

– Vi har sett ein negativ trend der barn får stadig mindre fridom. Det kan få store konsekvensar for helsa vår, meiner forskar.
Publisert

– Da vi gjekk på skulen leika vi Kongen på haugen og aka alltid i akebakken sjølv om det var isete. Da eg var tilbake som vikar var akebakken stengt av for barna og Kongen på haugen forbode, seier ein av studentane i førelesningssalen.

Studentane på emnet Samfunnsvitenskapelige perspektiver på idrett rekk ivrig henda i vêret når dei får spørsmål om kva dei hugsar av risikofylt leik frå barndomen.

Dei er på førelesinga Overbeskyttar vi barn ute i Noreg? med ei av verdas leiande ekspertar på feltet, Ellen Beate Sandseter.

– Vi har sett ein negativ trend der barn får stadig mindre fridom. Det kan få store konsekvensar for helsa vår, meiner Ellen Beate Sandseter.

Auka sikkerheit gjorde barn mindre aktive

Nå slår ei ny internasjonal kunnskapsoppsummering, der Sandseter har bidratt, fast at risikofylt leik er avgjerande for helsa vår.

For ti år sidan viste det seg at canadiske barn var alarmerande lite aktive.

– Det var delvis fordi dei ikkje fekk lov å drive med utandørs-leik. Det auka søkjelyset på sikkerheit var ein av grunnane. Canada har sett på seg sjølv som friluftsfolk som oss, så dette blei eit stort varsko for dei.

Ellen Beate Sandseter har forska på barn og leik sidan slutten av 90-talet. Forskaren meiner ho såg ei dreining på norske skular på starten av 2000-talet.

I 2015 kom eit opprop frå forskarar om å legge til rette for meir utandørs-leik. I etterkant har det skjedd mykje i Canada, og dei er i ferd med å snu den negative trenden.

Denne veka kjem eit nytt opprop frå ei enda større forskargruppa frå heile verda.

Også norske barn blir i større grad enn før overbeskytta og må ofte nøye seg med kjedelege leikeplassar som ikkje utfordrar dei, meiner Sandseter, som er professor ved barnehageutdanninga på Dronning Mauds Minne høgskole i Trondheim.

Psykiske, fysiske og sosiale fordelar ved risikofylt lek

Forskaren har solid dokumentasjon på dei positive helseeffektane barn får av å drive riskofylt leik, utan at vaksne blir involvert.

– Leiken har ein anti-fobisk effekt, byggjer sjølvtillit og motstandskraft. Vi veit at overbeskytting kan føre til angst og psykiske problem, seier ho.

Ho trekk også fram dei fysiske helseeffektane, som at det betrar motorikken, balansen, styrken og evna til å vurdere rom, fart og avstand.

Dei sosiale effektane dei ser frå forsking er at leiken fremjar samarbeid, problemløysing og forståing av sosiale roller.

Norsk forsking omtalt i internasjonal bestseljar

I boka Generasjon Angst av Jonathan Haidt som har blitt svært mykje omtalt og referert til over heile verda sidan han kom ut i 2023, er norsk forsking og Sandseter nemnt spesielt.

Haidt nemner i boka at det er sterkare kultur for å la barn utforske verda på eigenhand og delta i risikoleik i Noreg og Skandinavia.

Han meiner det bidreg til at barn i Noreg utviklar betre meistringsferdigheiter og motstandskraft mot angst.

Men Sandseter har også eksempel frå norske barnehagar og skular som har avgrensa den frie leiken og moglegheita barna har til å vurdere risiko sjølve.

– Barns moglegheit til den frie leiken er også her til lands trua av det auka sikkerheitsfokuset, meir organisert aktivitet og foreldre si frykt. Dette fører til kjedelege leikeområde og barn som ikkje får bygd den robustheita dei treng for framtida, seier professoren.

Risikofylt lek fører ikkje til fleire alvorlege skadar

Ho trekk også fram at forsking viser at risikofylt leik ikkje fører til fleire alvorlege skadar.

– Det gjer tvert i mot barn betre til å vurdere risiko, som reduserer skadar totalt sett og gjer dei flinkare til å handtere farlege situasjonar, som til dømes i trafikken.

Det er tre viktige årsakar til at norske barn har mindre av denne viktige leiken i 2025, meiner forskaren.

  • Dagens foreldre blir konstant eksponerte for katastrofenyheiter, noko som aukar bekymringa.
  • Eit overdrive fokus på å sikre leikeplassar fjernar spenninga og skapar kjedelege miljø.
  • Dagens foreldregenerasjon har mindre eiga erfaring med risikofylt leik og blir derfor meir engstelege for eigne barn.

Seks kategoriar for risikofylt leik

  • Leik i store høgder, som klatring.
  • Leik med stor fart, som aking, sykling.
  • Kamp- og slåssleikar, som leikebryting.
  • Leik ved farlege stader/element, som vatn, bål.
  • Leik med farlege reiskap, som kniv, øks.
  • Leik der barn kan gå seg bort, som utforsking åleine.

Vaksne bør også leike

Oppropet blei lansert frå Canada torsdag 25. september. Denne gongen gjeld det heller ikkje berre barna våre. Vaksne blir i like stor grad utfordra til å ta tilbake leiken.

– Når kjente du det sist at det kila i magen? spør Ellen Beate studentane på Noregs idrettshøgskole.

Og legg til:

– Alle bør kjenne på den kjensla i løpet av ei veke.

Tips til foreldre

Som forskar jobbar også professor Sandseter med å gjere ein ny standard for leikeplassar kjent. 

I staden for å fjerne all mogleg risiko, handlar metoden om å vurdere fordelane og den positive verdien leiken gir barn når ein planlegg leikeplassar og leikemiljø.

– Leikeplassar skal ikkje berre vere trygge, dei skal også vere stimulerande og vere ein stad der barn kan ha det moro, lære og utvikle seg. Viss fordelen med ein aktivitet er stor, kan ein også akseptere ein viss grad av risiko, meiner Sandseter.

Ho oppmodar foreldre og andre som jobbar med barn til å legge til rette for at barn får leike meir i naturen, utanom standardiserte leikeplassar.

– Om barna treng hjelp til å kome i gang, så allier deg med andre foreldre og ta dei med ut i naturen saman. Observer eller delta i leiken for å sjå kor kompetente barna faktisk er, seier Sandseter og legg til:

– Naturen er overlegen som leikearena fordi den er ustandardisert og krev at barnet sjølv må vurdere risiko, som for eksempel om ei grein vil halde eller knekke, når dei klatrar i tre.

Les meir om oppropet frå den internasjonale forskargruppa.

Referansar:

Ellen Beate Hansen Sandseter og Ole Johan Sando: We Don't Allow Children to Climb Trees: How a Focus on Safety Affects Norwegian Children's Play in Early-Childhood Education and Care Settings. American Journal of Play,  2016.

Ellen Beate Hansen Sandseter mfl: Injuries in Norwegian early childhood and care (ECEC) institutions. Nordisk barnehageforskning (NBF), 2017.

Ellen Beate Hansen Sandseter mfl: The Prevalence of Risky Play in Young Children’s Indoor and Outdoor Free Play. Early Childhood Education Journal, 2020.

Powered by Labrador CMS