Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskarar skreddarsyr bakteriar for å lage nye vaksinar
Bakteriar lagar små, runde kuler som kan brukast i nye vaksinar. Det vanskelege er å få produsert nok av dei.
Alle celler dannar noko som heiter vesiklar. Dei er små runde kuler som er omgjevne av membran. Vesiklar som blir sendt ut frå cella, vert kalla ekstracellulære vesiklar.
– Bakteriar består av ei enkelt celle. Denne cella dannar ekstracellulære vesiklar. Vesiklane er ikkje levande sjølve. Men sidan dei er danna av membranen til cella, deler dei mange eigenskapar med den levande bakterien dei kjem frå.
Det seier forskar Verena Mertes ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Blant anna kan immunsystemet vårt kjenna dei att og reagera på dei på same måte som på bakterien. Sidan vesiklane er ufarlege, kan dei brukast i vaksiner slik at kroppen er førebudd på eit angrep frå bakterien dei stammar frå.
Viktig å forska på alternative vaksinar
Mertes har teke utgangspunkt i Yersinia ruckeri. Bakterien gjev sjukdommen yersiniose hjå atlanterhavslaks og regnbogeaure.
– Det finst vaksinar mot sjukdommen i dag, men det er likevel viktig å forska på alternative vaksinar, forklarar Mertes.
– Ved å utvikla metodar for å framstilla ekstracellulære vesiklar frå bakteriar får vi òg eit grunnlag for å utvikla vesikkelbaserte vaksinar mot andre bakteriar.
Har høgare vesikkelproduksjon
Men det trengst mange vesiklar til vaksineproduksjon. Mertes lukkast med å manipulera fram ein variant av Yersinia ruckeri-bakterien som produserer fleire vesiklar enn vanleg. På den måten er det er råd å isolera og produsera nok vesiklar for vaksineforsøk.
Slik manipulering vert kalla «bioengineering» på engelsk. Bioengineering av sjølve den sjukdomsframkallande bakterien, Yersinia ruckeri, er ikkje den einaste måten ho har funne for å auka farten i produksjonen.
– Tarmbakterien Escherichia coli har ein høgare vesikkelproduksjon enn Yersinia ruckeri. Vi kan bruka ei stamme av E. coli som ikkje er sjukdomsframkallande hjå menneske, til å produsera Yersinia ruckeri-protein ved bruk av bioengineering, forklarar Mertes.
Viktig å finna ut kva som ikkje verkar
Sjølv om forskinga hennar grensar opp mot anvend forsking, understrekar ho at det ho driv med òg er viktig grunnforsking som andre kan byggja vidare på.
– I eit forsøk med vesiklar frå ein bakterie som gjev sjukdommen francisellose hjå artane torsk og tilapia, klarte vi ikkje å oppnå beskyttelse med vesikkelvaksine, sjølv om andre har oppnådd lovande resultat i tidlegare studiar med modellfisken sebrafisk, fortel Mertes.
– Men vi hadde endra noko av framstillingsmåten. Det forklarar antakeleg at ikkje vaksinen vår verka. Slik er grunnforsking: å finna ut kva som ikkje verkar, kan vera like nyttig som å finna ut kva som verkar. Så vi ser ikkje på dette som eit tilbakesteg, men eit steg vidare framover på vegen mot fungerande vesikkelvaksinar.
Referanser:
Verena Mertes mfl.: The Use of Extracellular Membrane Vesicles for Immunization against Francisellosis in Nile Tilapia (Oreochromis niloticus) and Atlantic Cod (Gadus morhua L.). Vaccines, 2021. Doi.org/10.3390/vaccines9010034
Verena Mertes mfl.: Recombinant expression of Yersinia ruckeri outer membrane proteins in Escherichia coli extracellular vesicles. Protein Expression and Purification, 2024. Doi.org/10.1016/j.pep.2023.106409
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER