Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Studie: Nokre intravenøse legemiddel har for strenge retningslinjer

Retningslinjene seier at to bestemte stoff som er vanleg i kreftbehandling, ikkje skal blandast. Forskarane ville undersøkja om det alltid stemte.

Kor mykje av dei studerte legemidla pasientar med kreft skal ha, varierer med vekt og overflata på huda.
Publisert

Når barn skal få legemiddel intravenøst på sjukehus, skjer det ofte gjennom eit venkateter med ein eller kanskje to innfartar. 

Skal barnet ha fleire medisinar samstundes, vert dei kombinerte i den same slangen. Dei vert kopla saman med Y-ventilar, som når ein røyrleggjar koplar saman ulike vassrøyr.

Men nokre legemiddel kan reagera med kvarandre og fella ut partiklar. 

Partiklar kan tette ei blodåre

Desse partiklane kan tetta igjen slangen, eller endå verre, tetta ei blodåre hjå pasienten dersom dei er store nok. Og dei treng ikkje vera særleg store – dei minste blodårene er rundt fem mikrometer i diameter.

Kaveh Teimori forskar på slike utfellingar. Han er tilsett på Sjukehusapoteket Oslo og tek doktorgrad på Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

– Vi ville undersøkja om det finst ein terskel ein må over for at utfelling skal skje, seier Teimori.

– Eg jobbar tett opp mot kliniske farmasøytar ved Oslo universitetssjukehus. I denne studien har vi undersøkt eit spørsmål dei har ynskt å få svar på, seier han.

To tredelar av dei som får diagnosen er under 18 år

Spørsmålet var ikkje om verkestoffa i to legemiddel kan gje utfelling når dei vert kombinerte, for det veit vi at dei gjer, fortel forskaren.

– Spørsmålet var snarare når dei gjer det, altså kor store mengder som skal til før utfelling skjer, og om det vil skje i dosar og konsentrasjonar som vert brukte i behandling av barn.

Bakgrunnen er behandling av ein sjukdom som heiter akutt lymfoblastisk leukemi, eller ALL. Det er den vanlegaste kreftforma hjå barn, og to tredelar av dei som får diagnosen er under 18 år. Eit av legemidla som vert brukte ved ALL, er cellegifta metotreksat.

– Dei to legemidla vi snakkar om, vert brukte til å skola metotreksat ut av kroppen når det har fått verka to døgn, forklarar Teimori.

Ville undersøkja om det alltid stemte

– Det eine er kalsiumfolinat, som nøytraliserer effekten av metotreksat. Det andre er bikarbonat, som aukar pH-verdien i urinen, noko som fører til at metotreksat vert skilt ut raskare.

Når løysingar av desse to vert blanda under riktige forhold, kan dei reagera med kvarandre og danna kalsiumkarbonat, som er vanskeleg å løysa i vatn. Men ikkje umogleg.

– Retningslinjene seier at desse to stoffa ikkje skal blandast på grunn av faren for utfelling. Vi ville undersøkja om det alltid stemte, eller om det finst ein terskel ein må over for at utfelling skal skje, seier Teimori.

Trygg å bruka

– Kor mykje av dei studerte legemidla eit barn skal ha, varierer med vekt og overflata på huda. Dessutan overvakar vi kor mykje metotreksat barnet har i blodet, og justerer dei relative mengdene av kalsiumfolinat og bikarbonat ut frå det.

I laboratoriet simulerte dei kva som ville skje med dosar tilpassa ein eittåring, ein niåring og ein fjortenåring. Sjølvsagt kan det vera store variasjonar i vekt og hudoverflate mellom jamaldrande, men dei tok utgangspunkt i standardverdiar for desse aldersgruppene.

Dei resulterande løysingane undersøkte dei med såkalla lysblokade, der dei brukar lys til å avsløra partiklar som vi ikkje kan sjå med augo. Mengda av partiklar over fem mikrometer var godt under grenseverdiane som dei europeiske tilsynsmyndigheitene har sett. 

– Blandinga skulle dermed vera trygg å bruka, under desse forhalda, trass retningslinjer som seier det motsette, seier Teimori.

Ikkje slik i verkelegheita

Dei brukte òg ein teknikk som heiter Raman-spektroskopi til å fastslå at utfallet faktisk er kalsiumkarbonat. 

– Det rekna vi jo med, men så vidt eg veit er det ingen tidlegare som har dokumentert at det faktisk er kalsiumfolinat og bikarbonat som har reagerte med kvarandre med Raman-metoden i klinisk setting. Legemiddel inneheld jo hjelpestoff i tillegg til verkjestoffa, så vi har utelukka at det er dei som er involverte i reaksjonen, seieri forskaren.

Han meiner tidlegare studiar ikkje har teke nok omsyn til korleis ting skjer på eit sjukehus.

– Ein har gjerne teke eitt legemiddel og testa det med ein del andre, i volumforholdet 1:1. Får ein ei utfelling, vert det tolka som at legemidla ikkje er forlikelege, som det heiter når to legemiddel kan reagera med kvarandre, seier han.

– Men det er ikkje slik stoffa vert blanda på sjukehus i verkelegheita. Snarare er det eit spekter av relative mengder og kor fort dei intravenøse legemidla vert gjevne.

Referanse:

Kaveh Teimori mfl.: Strategies for Assessing Physical Compatibility of Calcium Folinate with Bicarbonate During Methotrexate Rescue Therapy in Pediatric Patients with Acute Lymphoblastic Leukemia. Pharmaceutics, 2025. Doi.org/10.3390/pharmaceutics17091155

Powered by Labrador CMS