Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Polarinstitutt - les mer.
Pelslus-plage: Reven riv av seg håret i desperat kløe
Blodsugarane går etter hovudet, nakken og ryggen til fjellreven. Eit kraftig luseangrep kan få alvorlege følgjer.
Ein smitta rev klør seg intenst på dei angripne stadene, noko som fører til at pelsen dett av.
– Når pelsen fell av i store flak, mistar reven isolasjonen sin. Det kan føra til at dyret rett og slett frys i hel, seier forskar Eva Fuglei ved Norsk Polarinstitutt.
Vinterpelsen er fjellreven sitt viktigaste vern mot den arktiske sprengkulda. Pelsen er tjukk, med tett botnpels og lange dekkhår.
Når pelsen vert tynna ut, minkar sjansen for at fjellreven overlever vinterkulda.
Ein rev som er hardt råka kan ha lus over heile kroppen.
– I dei mest ekstreme tilfella fann me nærmare 11.000 lus i pelsen til ein rev, fortel Fuglei.
Har slått rot på Svalbard?
Fem år etter at pelslus først vart påvist på Svalbard, viser ein rapport frå Norsk Polarinstitutt og Veterinærinstituttet at lusa har fått fotfeste i bestanden.
Fjellrev med pelslus på Svalbard auka frå om lag 10 prosent i 2019–2020 til 76 prosent i 2021–2022. Vinteren 2022–23 hadde førekomsten gått ned til 42 prosent.
Tettheita av rev var lågare vinteren 2022–23 enn året før, noko som kan forklara nedgangen i smitten, seier Fuglei.
– Smitte skjer gjennom kontakt mellom rever, og når det er færre dyr, er det òg mindre smittepotensial.
– Det kan henda at revene etter kvart utviklar delvis immunitet mot lusa, men unge og gamle dyr kan vera meir sårbare.
Trass i nedgangen i smitte, uroar forskarane seg over at parasitten framleis finst i så stort omfang på Svalbard.
– Smittetalet er for høgt. Helst skulle ingen rever vore smitta, seier Fuglei.
Smitte på tvers av landegrenser
Pelslus vart for første gong påvist hos fjellrev på Svalbard i november 2019. Samstundes blei det gjort liknande funn hos fjellrev i Nunavut i Canada.
Undersøkingar viste at luseparasitten i både Canada og på Svalbard høyrer til den blodsugande Linognathus-arten, og at lusa er genetisk ulik dei som finst på hund i Noreg.
– Det tyder på at lusa truleg vart introdusert til revene gjennom kontakt med rev frå andre delar av Arktis, seier Fuglei.
Fjellrev kan vandra langt – over havis, brear, tundra og strender – og ta med seg lusa til nye område.
Riv av seg håret i desperasjon
Pelslusa likar ikkje kulde. Parasitten lever djupt inne i pelsen og bit seg gjennom huda for å suga blod.
Då forskarane undersøkte huda på dei smitta dyra, oppdaga dei at lusa forårsakar kronisk hudirritasjon, men ikkje betennelse.
– Det tyder på at håret ikkje dett av på grunn av skader i huda, men fordi reven sjølv riv det av i desperat kløe, fortel Fuglei.
I tillegg til kløe og hårtap kan pelslus føra til vekttap.
– Fjellrev med mykje lus vog vesentleg mindre enn dei som var lusefrie eller hadde færre lus.
Undersøkjer både døde og levande dyr
Forskarane veit ikkje kvifor luseparasitten dukka opp. Men truleg har fjellrev med pelslus vandra over havisen frå Canada til Svalbard og smitta fjellrev der.
Revejakta tek slutt 15. mars kvart år, så korleis lusa oppfører seg etter midten av mars, visste forskarane lite om.
24.000 bilete frå kamerafellene dokumenterte at graden av luseangrep aukar utover våren og toppar seg i mai–juni.
Kamerafellene gav forskarane innsikt i korleis pelslusa utviklar seg over lengre tid.
– Vårens naturlige pelsskifte kan spela ei viktig rolle i å redusera mengda lus, sidan hår med luseegg dett av når fjellreven mistar vinterpelsen. Men det er framleis uvisst korleis lusa påverkar reven om sommaren, fortel Fuglei.
Ei ny utfordring
Pelslusa er ei ny utfordring for fjellreven, som frå før av må tilpassa seg eit Arktis i rask endring.
Den globale oppvarminga går fortare og hardare føre seg i Arktis enn andre stader på kloden.
Fjellrevene er tett knytt til havisen, dei følgjer i fotspora til isbjørnen og et restar etter bjørnen si selfangst. Dersom isen smeltar endå meir, forsvinn viktige leveområde for dyra i Arktis.
– Vi veit ikkje endå korleis luseparasitten vil påverka revebestanden på lang sikt, men éin ting er sikkert; vidare overvaking av fjellreven er heilt naudsynt, seier Fuglei.
Referanse:
Eva Fuglei mfl.: Fur lice in Arctic foxes in Svalbard: prevalence, intensity and impacts on health status and demographics. Rapportserie (Norsk polarinstitutt), nr.: 159 / Veterinærinstituttets rapportserie, nr.: 19-2025, 2025.
Fikk du med deg disse artiklene fra Norsk Polarinsitutt?
-
Turister avslørte voldelig hvithval-sex
-
Blue er verdens eldste polarlomvi
-
Hva skjer med Barentshavet når det blir varmere?
-
Advarer mot farlig parasitt på Svalbard: Lav spredning, men høy smittefare
-
Dette fant forskerne i støvete skipslogger fra Antarktis
-
Vil skyene forsterke eller dempe den globale oppvarmingen?