Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Dette meiner forskar om revisorar i det offentlege
– Dei er ein skjult ressurs for offentleg sektor, seier ho.
Heimlandet Ukraina var i 2018 på veg i ei meir europeisk retning, fortel ho. Eitt av tiltaka var å tilsetje revisorar i det offentlege.(Foto: Scott Graham / Unsplash)
I 2018 var Volodina i gang med ein mastergrad ved Taras Shevchenko National University of Kyiv.
Seinare vart det vidare studiar ved Nord universitet før ho fekk ei forskarstilling.
Tamara Volodina har studert korleis europeiske revisorar i offentleg sektor sjonglerer den tradisjonelle rolla og etablerte verdiar med kravet om å tilpasse seg ei ny digital verd.(Foto: NU)
Vegen mot offentleg revisjon
Heimlandet Ukraina var den gongen på veg i ei meir europeisk retning, fortel ho. Eitt av tiltaka var å tilsetje revisorar i det offentlege.
Dette hadde ikkje vore vanleg.
– Det fekk meg til å skjøne kor viktig det er at denne profesjonen fungerer. Etter det har eg vore lidenskapeleg oppteken av verdien offentlege revisorar tilfører når dei forvaltar offentlege pengar, seier Tamara Volodina.
Ho seier dei er ein skjult ressurs som kan bidra til å forbetre og effektivisere offentleg sektor.
Ein bransje i identitetskrise
I forskinga si har ho sett nærare på korleis europeiske revisorar i offentleg sektor sjonglerer den tradisjonelle rolla og etablerte verdiar med kravet om å tilpasse seg ei ny digital verd.
Det viste seg å ikkje vere enkelt. Ho møtte ein bransje som opplevde dette som ein krevjande balansegang. Det var i stor grad i ei identitetskrise.
– Kven er vi i desse endringstider, var spørsmålet som stadig kom opp. Eg møtte uro og strev, seier Tamara.
Sterkare saman
Det neste ho ville finne ut, var korleis revisorane handterte dette stresset. Svaret blei nettverksbygging på tvers av landegrensene.
Rundt 100 representantar for offentlege revisorar møttest jamleg både fysisk og digitalt. Det var for å sortere og navigere i ei verd med krav om digital transformasjon.
– Der fann dei rom for å diskutere endringar. Dei jobba også med ei felles forståing av problematikken.
Effektivitet kjem ikkje av seg sjølv
Etiske problemstillingar var ofte på agendaen. Med tilgang til nesten uendelege mengder data, tilgjengelege på sekund, kjem nye utfordringar. Kven skal ha tilgang til kva? Når er det på tide å stoppe?
Med auka tilgang kjem òg nye krav om effektivitet.
Annonse
– Det overordna målet med digital transformasjon og auka effektivitet må vere at offentleg sektor tener på det. For å oppnå dette må vi òg anerkjenne dei menneskelege ressursane. Dei har behov for støtte, utdanning, trening og samarbeid.
Håp og frykt i revisjonsforsking
Tidlegare forsking har ofte fokusert på teknologi og automatisering, men arbeidet til Volodina går djupare inn i dei menneskelege aspekta ved digital transformasjon – som håp, frykt og identitetsarbeid.
– Dette funnet er særleg interessant. Det viser at digital transformasjon ikkje berre handlar om teknologiske endringar. Det handlar òg om korleis desse endringane påverkar profesjonelle identitetar og arbeidspraksis.
Volodina fortel at det gjev ein ny dimensjon til forståinga av digital transformasjon i offentleg sektor.
– Det understrekar behovet for å ta omsyn til dei menneskelege og emosjonelle aspekta ved slike endringar.
Mogleg å bli meir effektive
Forskinga viste tydelege teikn på at revisjonsprofesjonen sjølv ser på digital transformasjon som ei moglegheit til å forbetre effektiviteten og nøyaktigheita.
– Dette kan potensielt auke verdiskapinga i offentleg sektor, seier Tamara Volodina.
Døme på dette kan vere bruk av avanserte dataanalysar. Det kan hjelpe med å identifisere ineffektive område og foreslå forbetringar.
– Slik kan bransjen sjølv bidra til betre ressursforvalting og auka openheit i offentlege institusjonar, seier Tamara Volodina.
Referanse:
Annonse
Tamara Volodina: Digital Transformation and the Audit Profession: tensions in the public sector. Doktorgradsavhandling ved Handelshøgskolen, Nord universitet, 2025. (Nettside på Nord universitet om avhandlingen)