Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Når laksen blir mindre, kan elva oppføre seg annleis
Visste du at laksen utviklar seg evolusjonært som respons på menneskeleg aktivitet? Det kan påverke både naturmangfald, elveforvalting og flaum.
Når elvar blir bygde ut med kraftverk og reguleringar, er det ikkje berre vassføring og landskap som endrar seg.
Fisken tilpassar seg óg – genetisk og evolusjonært.
– Fisken bur ikkje berre i elva – endringane påverkar han også. Og laksen endrar seg som ein respons på menneskeleg aktivitet, seier forskar Xiatong Cai.
Ny forsking som Cai har leia, peikar på at slike endringar kan påverke heile økosystem – og dermed óg bruk og forvalting.
Mindre laks – store konsekvensar
Forskarane viser mellom anna til utviklinga i norsk atlantisk laks. Regulering av elvar kan favorisere mindre fisk, fordi større individ slit med å nå gyteområda.
– Vi ser at seleksjonen formar fisken sine særdrag og eigenskapar, og dette skjer med heile gruppa av fisk, forklarer Cai.
Over tid betyr det at laksebestandar kan bli mindre i storleik. Dette har konsekvensar langt utover sjølve arten.
Stor laks flyttar meir grus når han gyter, noko som påverkar elvebotnen og vass-straumen. Når fisken blir mindre, blir denne effekten svakare.
– Storleiken på fisken kan endre korleis elva oppfører seg, seier Cai.
Viktige funn for både natur og samfunn
Dette er ikkje berre eit spørsmål om biologisk mangfald. Ifølgje forskarane kan endringar i fisk påverke korleis lause massar på botnen av elva beveger seg og elveløp.
I ytste konsekvens kan det påverke flaumrisiko.
– Evolusjonen til fisken er ikkje berre eit spørsmål om bevaring – han har også konsekvensar for vassforvalting, understrekar Cai.
For Noreg, som har omfattande vasskraftproduksjon og sterke interesser knytte til villaks, er denne forskinga særleg relevant.
Villaksen er både ein nøkkelart i økosystema og ein viktig del av friluftsliv og lokal kultur.
Samstundes er ferskvassfisk globalt under press, der inngrep i vassdrag er ei hovudårsak til tap av naturmangfald.
Krev nye måtar å tenkje forvalting på
Det finst ikkje ein fast naturtilstand som ein kan restaurere ei elv tilbake til.
Studien introduserer eit nytt rammeverk – «eco-evo-hydraulics» – som koplar saman ingeniørfag, økologi og evolusjon.
Cai utfordrar ideen om at vi kan restaurere elvar tilbake til ein historisk «naturleg» tilstand.
I staden må forvaltinga ta høgd for at både naturen og artane er i kontinuerleg endring.
Planlegging for framtida – ikkje fortida
Forskarane meiner at forvalting av elvar og laksebestandar må inkludere genetisk overvaking, betre utforming av fiskepassasjar og meir kunnskap om korleis artar tilpassar seg.
Poenget er at utviklinga skjer raskare enn mange trur: Evolusjon kan skje innanfor levetida til eit kraftprosjekt.
– Dersom vi utformar elvene som om fisken vil vere heilt lik, planlegg vi for fortida – ikkje for framtida, seier Cai.
Korleis vi byggjer og forvaltar norske elvar i dag, vil ikkje berre påverke laksen, men óg leggje premiss for framtidige endringar i elva.
Referanse:
Xiatong Cai mfl.: Eco-Evo-Hydraulics: Integrating Fish Evolution Into Ecohydraulics for Conservation. Water Resources Research, 2026. Doi.org/10.1029/2025WR040498
Les også disse sakene fra Nord universitet:
-
Europa bør føre register over kinesisk aktivitet i Arktis
-
Ny rapport: EU bør få et eget senter for Arktis innen ett år
-
Slik bruker Tromsø-firmaet KI for å nå kunder i Japan
-
Helsebudsjettene sprekker år etter år. Hvorfor fortsetter kommunene å styre på samme måte?
-
Slik blir taren mer hardfør – og lønnsom
-
Korleis vert korallar påverka av kjemikaliar frå oppdrettsnæringa?