Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
– Lektorane har mista status i samfunnet
I dei aller fleste samfunn er skule og lærarar sentrale, men noko har skjedd med statusen til lektorane.
– Vi, som samfunn, må gi lektorar og lærarar moglegheit til sjølvstendig utvikling av kunnskap og yrkespraksis. Vi må gi dei rom til å vere gode. Kanskje det då blir lettare å halde lærarane i skulen, seier forskar Lars Erik Larsen ved OsloMet.(Foto: NTB)
Endringa i lektorane sin status var noko av det Lars Erik Larsen oppdaga i arbeidet med doktorgraden om lærarprofesjonalitet i den vidaregåande skulen.
Ved hjelp av tidlegare unytta kjeldemateriale, nemleg referat frå lærarmøte, har han danna seg eit bilde av kva som kjenneteikna lektorkulturen i skulen.
Han har også undersøkt korleis reformane i skulen endra råderetten over lektorane si eiga praksis og statusen til lektorane.
– Høg status på 60-talet
Tidlegare hadde lektorane høg status i samfunnet. Lektorane var kunnskapsberarar i samfunnet, nærast som professor «light», fortel Larsen.
– Utdanninga tok opp mot sju år og fagkunnskap stod i høgsete. I tillegg vart det sett på som ei eliteutdanning som rekrutterte frå dei som hadde dei beste eksamensresultata, seier han.
Forskar Larsen meiner at autonomi må til for at lektorane skal få høgare status i dagens samfunn. Og utviklinga må komme innanfrå lektoryrket.(Foto: Benjamin A. Ward)
Larsen meiner at bakgrunnen for lektoryrket sin høge status på 60-talet var at lektorane hadde stor påverknad over sitt eige yrke.
Dei hadde eit tydeleg oppdrag, dei var nært tilknytt universiteta og hadde mykje sjølvbestemming i korleis dei utøvde yrket sitt.
– Forskinga mi viser at lektorane var opptekne av å tileigne seg ny kunnskap, samarbeide med andre og å praktisere det dei hadde lært, seier han.
I forlenging av dette hadde lektorane ei stor vilje til å vidareutvikle fagkompetansen sin, utan involvering frå arbeidsgjevar, legg han til.
Dette endra seg på 80- og 90-talet
Då føregjekk det ifølgje forskaren ein deprofesjonalisering av lektorane sin posisjon i skulen.
Det betydde i praksis at lektorane fekk mindre råderett over eiga utvikling.
– Innføringa av mål- og resultatstyring, desentralisert skuleadministrasjon og utbreiing av meir hierarkisk organisert skulestruktur, avgrensa lektorane sin autonomi og deltaking i skulen sin utvikling, seier han.
Det har hatt mykje å seie for den statusnedgangen lektorane har hatt, sjølv i dag, legg han til.
Larsen viser til ein viss ironi i myndigheitene sin framgangsmåte for å styrke læraryrket.
– På 1990- og 2000-talet arbeidde myndigheitene for ei styrkt profesjonalisering av læraryrket. Samstundes bygde dei ned den lærarkulturen som hadde desse kjenneteikna, seier han.
– Kan berike kvarandre
Annonse
I 1994 vart førskulelærarutdanninga (no barnehagelærarutdanning) lagt inn under universitets- og høgskulelova. Det har vore med å endre lærarutdanningane i sin heilheit.
– Om vi skal sjå vekk frå det ein kan kalle ein statussenking av lektorutdanninga, samanlikna med andre yrkesutdanningar, ser vi at utdanningane kan berike kvarandre, seier Larsen.
Han meiner at det kan føre til at lærarutdanningane kan få ei styrka fagleg orientering, medan lektorutdanningane kan få ei styrka pedagogisk orientering.
Det kan også skape eit godt samspel mellom utdanningane at dei er plasserte saman.
– Samstundes står ein i fare for å tåkeleggje skilnadane mellom dei ulike lærargruppene sine oppdrag og utdanning. Lektortittelen har blitt stadig meir ein lønskode enn ein spesifikk utdanningstype, seier han.
Eit overordna prosjekt om felles lærarprofesjon vil uansett måtte svare på ulike utfordringar og problemstillingar i dei ulike skuletrinna, legg han til.
– Må få styre den faglege utviklinga sjølve
Larsen meiner at autonomi må til for at lektorane skal få høgare status i dagens samfunn. Og utviklinga må komme innanfrå lektoryrket.
Det må leggast til rette for at det ikkje berre er leiarane på skulane som skal styre kva fagleg utvikling lektorane skal ha, meiner Larsen.
– Vi, som samfunn, må gi lektorar og lærarar moglegheit til sjølvstendig utvikling av kunnskap og yrkespraksis. Vi må gi dei rom til å vere gode. Kanskje det då blir lettare å halde lærarane i skulen, seier han.
Larsen si forsking handlar om lektorane i eit historisk perspektiv som lærarar på gymnas og i vidaregåande skule. I dag er skilnaden mellom lærar og lektor følgjande:
Ein kan kalle seg lektor dersom ein fullfører ein mastergrad i undervisningsfag.
Mange forbinder lektor med å vere lærar på vidaregåande skule, men ein er også lektor dersom ein har fullført ei femårig lærarutdanning.
Det finst i dag eit titals integrerte lektorprogram ved ulike universitet i Noreg, som kvalifiserer til å undervise i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Ved OsloMet blir du lektor dersom du fullfører grunnskulelærarutdanning eller lærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Du blir lærar dersom du fullfører barnehagelærarutdanninga eller yrkesfaglærarutdanninga.