Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges Handelshøyskole - les mer.
Denne gruppa kvinner gjorde økonomien meir robust
I fleire tiår har vi snakka om «kvinner i arbeidslivet» som ei av dei største endringane i økonomien. Men forsking viser at det avgjerande skiljet går ein annan stad.
Ein gong i tida var det vanleg at far i familien tente pengane, medan mor var heime.(Foto: Atelier Rude / Oslo Museum)
På
sosiale medium dukkar «trad wife»-idealet stadig opp. Folk spøker med å vere
eit godt koneemne eller «wifey material»: Éin jobbar, den andre er heime.
Men samfunnsøkonom Jonna Olsson peikar i motsett retning.
Då gifte kvinner braut med det tradisjonelle mønsteret for 60 år sidan, gjorde det familiane meir robuste – og påverka heile økonomien.
Far
jobba, mor var heime
Ein
gong i tida var det vanleg at far i familien tente pengane, medan mor var
heime.
– Gifte kvinner har vore ein motor for økonomisk stabilitet, seier forskar Jonna Olsson.(Foto: Hallvard Lyssand)
Men frå
byrjinga av 1960-åra til midten av 1990-åra skjedde noko dramatisk: Yrkesdeltakinga
blant gifte kvinner steig med rundt tretti prosentpoeng. Talet på single
kvinner som jobba var stort sett det same.
Dette
fekk store konsekvensar – ikkje berre for familielivet, men for heile
økonomien.
Gifte kvinner: ein motor
for stabilitet
– Gifte
kvinner har vore ein motor for økonomisk stabilitet, seier forskar Jonna Olsson ved Institutt
for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøyskole (NHH).
Då fleire
gifte kvinner byrja jobbe, bidrog det til at sysselsetjinga tok seg raskare opp
att etter økonomisk krevjande periodar.
– Då
denne veksten seinare stoppa opp, fekk det fekk konsekvensar for heile
økonomien, seier ho.
Single kvinner arbeidde allereie
I
fleire tiår har forskarar peika på auken i kvinner si yrkesdeltaking som ei av
dei viktigaste endringane i arbeidsmarknaden.
Men
Olsson viser at dette biletet er for grovt.
– Det
var ikkje slik at kvinner plutseleg gjekk inn i arbeidsmarknaden. Single
kvinner arbeidde allereie, seier ho.
– Den
store endringa kom då gifte kvinner gjekk inn i lønna arbeid.
Utviklinga
gjekk ikkje ut over menn.
–
Gifte menn vart ikkje fortrengde frå arbeidsmarknaden av ektefellane sine.
Dette var ikkje eit nullsumspel, seier Olsson.
Annonse
To-inntektsfamilien var meir robust
Når
gifte kvinner byrja jobba, fekk mange familiar to inntekter. Det gjorde dei
meir robuste.
– Hushalda
vart betre sikra mot inntektssjokk, forklarer Olsson.
Dette
endra også korleis arbeidsmarknaden reagerer i nedgangstider.
Den
sterke veksten i gifte kvinner si yrkesdeltaking fungerte som ein slags skjult
drahjelp for økonomien.
Sjølv
etter kriser heldt sysselsetjinga fram med å stige. Då denne veksten flata ut
etter 1990, forsvann også denne drahjelpa.
Resultatet:
tregare oppgang etter kriser.
Ei eiga inntekt gir fridom
I
media og på sosiale plattformer dukkar det stadig opp debattar om «trad
wife»-idealet og tilbakevending til éin-inntektsfamiliar.
– Som makroøkonom
vil eg vere varsam med å overdrive betydninga av denne trenden. Sjølv om «trad
wife»-idealet er synleg i sosiale medium, finst det så langt lite som tyder på
at fenomenet er utbreidd nok til å påverke samla arbeidstilbod eller
makroøkonomisk utvikling, seier Olsson.
– Men på individnivå er likevel lærdommen tydeleg: Ei eiga inntekt
gir fridom, motstandskraft og sjølvstende – både på kort sikt og gjennom
livsløpet, legg ho til.