Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Polarinstitutt - les mer.
Denne fuglen flyr hundrevis av kilometer for å finne mat
Då forskarane skulle studere antarktispetrellen, vart dei også vitne til eit sjeldant himmelfenomen.
Tor feltstasjon ligg i den austlege delen av Antarktis, i Dronning Maud Land. Her stikk fjelltoppane Svarthamaren og Jutulsessen opp av isen.
Nokre av klodens største koloniar av fuglen antarktispetrell held til her, i tillegg til snøpetrell og sørjo.
Fuglane kjem til fjella seint på hausten for å hekke og ruste seg for den lange antarktiske vinteren som ventar. Dei forlét ikkje reira før i februar eller mars når ungane er flygeklare.
Då set dei kursen mot Sørishavet, der dei lever resten av året.
Sébastien Descamps frå Norsk Polarinstitutt har arbeidd i fuglefjellet ved Tor feltstasjon sidan januar i år.
Descamps oppheld seg ved Tor-stasjonen saman med forskarkollega Christophe Sauser.
For forskarduoen har antarktis-sommaren vore prega av lange og arbeidskrevjande dagar i variert vær; alt frå blå himmel og solskin til snøstorm.
Fekk sjå sjeldant himmelfenomen
Mot det klare, antarktiske sommarlyset la månen seg som ein mørk skugge over delar av solskiva.
Fenomenet vart foreviga av Descamps. Solformørkinga var synleg frå delar av Antarktis og Sørpolområdet.
Solformørkinga oppstår når månen passerer mellom jorda og sola slik at delar av sola blir dekte.
Sist det var delvis solformørking i Antarktis, var i juli 2018. Det er venta ny delvis solformørking først i desember 2029.
Korleis brukar fuglane havet?
Forskarane arbeider med eit omfattande prosjekt knytt til overvaking av sjøfuglbestandane i fjella rundt Svarthamaren. Her blir utviklinga hos antarktispetrell, snøpetrell og sørjo følgd tett.
– Slik langsiktig overvaking er nødvendig for å forstå dei pågåande endringane i denne delen av Antarktis og i Sørishavet, forklarer Descamps.
I tillegg til registrering av bestanden har forskarane merkt og spora antarktispetrell for å finne ut meir om korleis arten brukar havområda.
Denne sesongen har dei óg samla inn prøver for å sjå om fuglane kan ha vore eksponerte for fugleinfluensa. Sidan 2021 har ei global bølgje av fugleinfluensa råka både fuglar og pattedyr i store delar av verda.
Isolert stasjon i høgda
Tor-stasjonen ligg rundt 90–100 kilometer frå den norske forskingsstasjonen Troll. Turen mellom stasjonane tek om lag åtte timar med tråkkemaskin, noko kortare med snøscooter.
Feltstasjonen ligg 1.625 meter over havet og om lag 200 kilometer frå kysten.
Stasjonen blir berre brukt i sommarsesongen. Han består av ei containerhytte med sengeplass til fire personar, samt fleire mindre bygningar for lagring av utstyr.
I fleire år har fugleforskarar brukt stasjonen som base for arbeidet i fjellområdet.
Snart heimreise
Om få dagar blir fugleforskarane henta frå feltstasjonen. Mot slutten av februar forlét dei Antarktis etter ein intensiv sommarsesong i isøydet.
Planen er å vende tilbake til Svarthamaren neste år for å halde fram med det langsiktige forskingsarbeidet – i eit av verdas mest utilgjengelege naturområde.