Annonse

Ein notis frå Universitetet i Agder - les mer.

Forskarar frå campus Grimstad går saman med indiske universitet for å etablere eit nettverk for tverrfagleg forsking i mekatronikk og IKT.

India og Noreg i nytt samarbeid om forsking

Publisert

Toppforskingssenteret i mekatronikk og WISENET senter på Universitetet i Agder (UiA) får 4,5 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å etablere forskingssamarbeid med anerkjende indiske universitet.

Målet er å etablere eit langsiktig samarbeid mellom India og Noreg om forsking og utdanning innan fagområdet intelligente offshore mekatronikk-system. Mekatronikk er integrasjonen av maskinteknikk, analog og digital elektronikk og styringsteknikk ved design og framstilling/utvikling av produkter og prosesser.

Professor Jing Zhou er forskingssjef for toppforskingssenteret i mekatronikk og prosjektleiar.Saman med førsteamanuensis Linga Reddy Cenkeramaddi, anvendt forskningsdivisjonsleder ved WISENET senter, skal ho koordinere prosjektet.

Eit av måla i prosjektet er å skape berekraftige partnarskap mellom industribedrifter og dei beste institusjonane og forskingsmiljøa i verda. Ifølgje Folke Haugland, leiar for Institutt for IKT og Geir Grasmo, leiar for Insitutt for ingeniørvitskap, opnar prosjektet for at forskarar og studentar på UiA kan samarbeide med nokre av dei beste forskarane på dette feltet i India.

Les meir om samarbeidet på nettsidene til Universitetet i Agder

Powered by Labrador CMS