Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Kor mange treningar i veka er bra for barn?

Ved å studere 47.000 barn, har forskarar funne ut kor mange treningar i veka som gir høgast livskvalitet.

Ved første augekast såg det ut som at gutar blei gladare jo meir dei trena.
Publisert

– Vi veit at å delta i idrett er bra for barn. Det styrker både kropp, hovud og det sosiale. Men det har vore forska lite på kor ofte barn bør trene.

Det seier forskar Erik Grasaas ved Universitetet i Agder. Han har analysert svar frå 47.000 barn mellom 10-12 år frå undersøkinga Ungdata junior.

Og tala er tydelege:

– Det er ein samanheng mellom å trene ein til tre gonger i veka, og å vere meir nøgd med livet. Det gjeld både for gutar og jenter, seier Grasaas.

Moderat deltaking er best

– I ungdomsåra er det gutter og jenter i den individuelle idretten som rapporterer høgast grad av livskvalitet. Det er interessant, seier Erik Grasaas, forskar ved Universitetet i Agder.

Dei fleste barna deltok jamleg i organisert idrett. To og tre kveldar i veka var det vanlegaste. Rundt ti prosent av gutane, og litt færre av jentene, trena fem kveldar eller meir.

Ved første augekast såg det ut som at gutar blei gladare jo meir dei trena. Dei som ikkje trena i det heile, skåra 8 på trivsel, av ein skala som gjekk til 10.

Dei som trena 5 kveldar, låg på 8,6. For jenter var trivselen meir stabil, uansett kor mykje dei trena.

Men då forskarane tok omsyn til andre forhold som kunne påverke resultata, endra bildet seg.

– Når vi justerte for alder, geografi og sosioøkonomisk status, såg vi at samanhengen mellom livskvalitet og antall treningsøkter er sterkast ved éi til tre treningar i veka. Det gjeld både gutar og jenter, seier Grasaas.

Meir trening enn det gav ingen ekstra gevinst. For jenter som trena mest, peika tala til og med svakt nedover.

– Konklusjonen blir at ei moderat deltaking i organisert idrett gir høgast trivsel for både gutar og jenter, seier han.

Leik er viktig

Betyr dette at nokre barn bør trene mindre enn dei gjer i dag? Nei, understrekar Grasaas. Det viktigaste er balansen mellom organisert idrett, egentrening og frileik.

– Mange unge bevegar seg mindre enn tilrådd. Dette handlar ikkje om at barna skal ha eit redusert treningstilbod, seier han.

Han peikar på forskjellen mellom styrt trening og det å leike fritt. Når barna speler på løkka, kan dei ta pausar når dei treng det.

Dei styrer intensiteten sjølv, og leik skal vere ein viktig del av treninga.

– Forsking viser at barn og unge i lagidrett rapporterer svært høg grad av livskvalitet. Men dette endrar seg noe etter kvart som dei blir eldre. I ungdomsåra er det gutter og jenter i den individuelle idretten som rapporterer høgast grad av livskvalitet. Det er interessant, seier Grasaas.

Slik trenar dei som blir best

Grasaas viser til forsking som blei publisert i det vitenskapelege tidsskriftet Science i slutten av 2025. Forskarane hadde sett på kva som kjenneteiknar dei som når toppen i idretten sin.

– Nitti prosent av eliteutøvarane på internasjonalt nivå har ikkje spesialisert seg i idretten sin frå barndomen av, seier Grasaas.

For dei aller fleste er nøkkelen til suksess ein lengre periode med mykje variert aktivitet.

– Det er gjerne dei som har satsa alt på ein idrett siden dei var barn, som vi høyrer om. Sjølv om nitti prosent av suksesshistoriene er annleis, seier han.

Samtidig er han nøktern om kva hans eigen studie kan seie. Idrett forklarer berre ein liten del av kvifor barn er nøgde med livet.

– Det viktigaste for barn er gode relasjonar til foreldre og trivsel på skolen, seier Grasaas.

Forskaren har ei oppfordring til slutt:

– Vi må heie på og legge til rette for massevis av rørsle og uorganisert aktivitet kvar einaste dag for barn i denne alderen slik at vi får vi robuste ungdomar og innarbeider gode vanar tidleg.

Referanse:

Erik Grasaas mfl.: Sport Engagement and Life Satisfaction in Late Childhood: A Population-Based AnalysisFront. Sports Act. Living, 2026. Doi.org/10.3389/fspor.2026.1784535

Powered by Labrador CMS