En notis fra NIBIO - les mer.

Årets prisvinnar Per Anker Pedersen, førsteamanuensis ved NMBU, og Nina Sæther, leiar for Norsk genressursenter i NIBIO. Det er Norsk genressurssenter som tildeler Plantearvenprisen - eit grafisk blad av kunstnaren Otto Østenstad frå Ås.

Per Anker Pedersen fekk Plantearvenprisen 2020

Per Anker Pedersen, førsteamanuensis ved NMBU, fekk Plantearvenprisen 2020 for sitt omfattande arbeid for å auke mangfald og innslag av norske plantar ved grøntanlegg.

Plantearven-prisen blir delt ut av Norsk genressurssenter ved NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfald.

Pedersen sitt arbeid for å sikre større plantevariasjon og tilgang på norske vekstar til bruk i grøntanlegg vart spesielt vektlagt ved tildelinga.

- Hans engasjement for å utvide bruken av planter frå norsk flora, har bidratt til å bevare genetisk viktig plantemateriale, seier leiar for Norsk genressurssenter, Nina Sæther.

Levande og langvarig engasjert

Alt tidleg på 1990-talet var Per Anker Pedersen i gang med å samle og velje ut norske planter for utprøving i grøntanlegg. Arbeidet vart seinare organisert i prosjekta Planter for norsk klima og Utvalg av norske trær til grøntanlegg og revegetering. Begge vart leia av Pedersen.

Nina Sæther fortel om eit levande engasjement for norsk natur som kjem til uttrykk i utvalsarbeidet til Pedersen:

- Han har ei ekte planteinteresse som blir synleg i alt han gjer. Ein ting er det han gjorde i arbeidstida, men han brukte og feriar til å oppsøke plantesamlingar rundt i landet.

- Mitt inntrykk er at han opplever norsk natur med ein innvevd fagleg refleks for kva som kan vere interessante planter å ta i bruk i norske grøntanlegg.

I Treforsøksparken ved NMBU som Pedersen har hatt fagleg ansvar for, veks i dag meir enn 100 ulike treslag. Dei blir brukte til forsking, undervisning og demonstrasjonar for å stimulere til meir bruk av norske plantar i grøntanlegg og ved landskapspleie.

Parken har mellom anna ei verdfull samling av norske viltvekssande treslag og store buskar som er eigna for etablering i grøntanlegg eller til revegetering etter naturinngrep.

Les mer om prisutdelingen på nettsidene til NIBIO

Powered by Labrador CMS