Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Christina fekk stygge meldingar da ho trente styrke i svangerskapet: Nå gir forskarane grønt lys

Fitness-profil Christina Strøm Fjære er glad for at forskingar støttar kvinner som vil halde seg aktive.

Christina Strøm Fjære blei verdsmeister i Bikini Fitness i 2013, og har også drive med styrkeløft og crossfit. Ho håpar forskinga inspirerer fleire gravide kvinner til å vere aktive gjennom svangerskapet.
Publisert

– Du kjem til å drepe babyen din.

Christina Strøm Fjære fortel om dei grove meldingane ho fekk da ho la ut bilde og video av at ho trente styrke i svangerskapet.

Både i meldingsinnboksen på Instagram og på treningssenteret var folk bekymra for at ho heldt fram med den tunge styrketreninga ho var van med som fitness-utøvar gjennom heile svangerskapet

– Eldre damer har kome bort til meg og spurd: Kan du det der da? Går det bra?

Nå kan den tidlegare verdsmeistaren i Bikini-Fitness svare med forskingsresultat frå prosjektet ho sjølv var deltakar i.

Dette gjorde deltakarane i Strong Mama-prosjektet

Strong Mama-prosjektet såg i tillegg til høgintensiv trening, også på korleis fosteret hadde det under tung styrketrening.

Dei 48 deltakarane var toppidrettsutøvarar eller godt trente kvinner.

Dei var gjennom styrkeøvingane sumomarkløft, benkpress og skråbenkpress. 

I alle øvingane gjorde dei tre sett med åtte repetisjonar. Belastninga var høg, med berre ein repetisjon i reserve. 

Det betyr at når du har gjort dei åtte repetisjonane, skal du framleis ha styrke til å gjere éin ekstra repetisjon viss det var nødvendig. 

Christina Strøm Fjære var aldri redd for å trene tung styrketrening gjennom dei to svangerskapa sine, men sleit meir med kondisjonstrening på grunn av symfyse-smerter.

Trygt med tung styrke i svangerskapet

Lene Anette Hagen Haakstad er professor på NIH og har vore prosjektleiar for Strong Mama-studien.

Funna er gode nyheiter for gravide som vil halde fram med styrketrening i graviditeten.

– Godt trente kvinner ser ut til å tåle tung styrketrening veldig godt, utan at det ser ut til å påverke verken svangerskapet eller fødselen negativt, seier prosjektleiar og professor, Lene Haakstad.

Ho fortel at dei berre såg små endringar i fosterets hjartefrekvens, med ein gjennomsnittleg auke på omtrent tre til seks per minutt. 

Det var heller ingen negative endringar i blodstrøymen inn til fosteret. 

Det var berre eit tilfelle av låg hjartefrekvens etter benkpress, som vil seie at fosterets hjartefrekvens fell under 110 slag i minuttet i over tre minutt. Men dette normaliserte seg raskt.

Derfor bør gravide unngå øvingar på ryggen

Gravide kvinner har lenge blitt anbefalt å unngå ryggliggande øvingar etter veke 20 av svangerskapet.

Grunnen er at når ei gravid kvinne ligg på ryggen, pressar livmora med foster og fostervatn på den store blodåra som fører blod frå beina og nedre del av kroppen tilbake til hjartet.

– Dette trykket kan redusere blodstrøymen tilbake til mors hjarte, noko som igjen kan føre til lågare mengde blod hjartet pumpar ut per minutt og blodtrykk. I verste fall kan det redusere blodstrøymen og oksygentilførselen til fosteret, forklarar Haakstad.

Strong Mama-studien undersøkte spesifikt benkpress som ein ryggliggande øving og skråbenkpress (som ikkje er ryggliggande) for å sjå på korleis mor og foster reagerte på dei forskjellige øvingane.

Sjølv om det ikkje var negative utslag i prosjektet, understrekar forskarane at dei ikkje gjorde ei heil styrkeøkt med ryggliggande øvingar.

– Myten er nok lagt litt død. Men eg ville likevel ikkje anbefale at ein gjer ryggliggande øvingar gjennom ei styrkeøkt, seier Haakstad.

Styrketrening blir anbefalt for alle gravide

Strong Mama-prosjektet er gjort på godt trente kvinner som har trent høgintensitetstrening eller tung styrketrening som ein del av kvardagen også før graviditet.

Forskarane håpar likevel at også normale gravide kvinner blir inspirert og trygga til å trene styrke under svangerskapet når dei får høyre om forskingsfunna.

– Lett til moderat styrketrening blir anbefalt for alle gravide. Ver oppmerksam på eigen form og kjenn godt etter korleis det kjennes for deg, seier stipendiat i prosjektet, Emilie Mass Dalhaug.

Stipendiat Emilie Mass Dalhaug gjennomførte testinga på NIH. Deltakarane var gjennom ein protokoll både i løping, sykkel og styrketrening.

Trening kan beskytte mot komplikasjonar

I prosjektet har deltakarane også gitt informasjon om helsesituasjon undervegs i svangerskapet og etter fødsel.

Resultata viser at både lengda på svangerskapet og fødselen var lik som den generelle befolkninga. 

  • Gjennomsnittleg fødselsveke: 39,9 (på termin) blant Strong Mama-deltakarane og 39,9 i normalbefolkninga.
  • Gjennomsnittleg fødselsvekt var normal (3487 gram) og ingen av barna hadde låg fødselsvekt (under 2500 gram). Normalbefolkninga: 3485 gjennomnsittleg fødselsvekt og 4,7 prosent låg fødselsvekt.
  • Færre premature fødslar (1,6 prosent) blant Strong Mama-deltakarane samanlikna med normalbefolkninga (5,8 prosent). 

NIH-studien var ikkje laget for å undersøke effekten av trening på fødselsutfall, men basert også på anna forsking kan forskarane ane ei gladnyheit for aktive gravide.

– Det kan tyde på at trening har ein beskyttande effekt, seier Dalhaug.

Ser fleire gravide på treningssenteret

Christina Strøm Fjære var aldri redd for å trene styrke da ho var gravid med sine to barn. Ho kjente kroppen sin godt frå før, og kjente at treninga gav ho mykje i svangerskapet.

Det hjelpte henne også gjennom barseltida.

– Viss du har klart å halde deg i aktivitet, så er jo den barseltida mykje enklare ved å vere fysisk sterk.

Å få forskingsfunn som viser at det er trygt, trur ho kan bety mykje.

– Mange kvinner har sendt meldingar og sagt: Nå tør eg også å trene styrke, etter at resultata har blitt kjent, seier Fjære.

Det har skjedd ei endring på berre få år legg ho til.

– Nå ser eg gravide damer som trenar styrke og kondisjon. Det er kjempekult å sjå, seier Fjære.

Og dei eldre damene på treningssenteret som lurte på korleis det skulle gå med babyen hennar?

– To år seinare har dei kome tilbake til meg og spurd korleis det går med barnet mitt. Da har eg svart at du, det har gått heilt strålande. Reaksjonane har vore blanda, men stort sett er folk nysgjerrige og positive.

Forskarane bak Strong Mama håpar funna vil bidra til at fleire kvinner tør å trene trygt gjennom svangerskapet – utan dårleg samvit. 

Referansar:

Emilie Mass Dalhaug, Lene A H Haakstad mfl.: Pushing limits: the acute effects of a heavy-load resistance protocol and supine exercise on fetal well-being. BMJ Open Sport & Exercise Medicine, 2025. Doi.org/10.1136/bmjsem-2025-002639 

Emilie Mass Dalhaug, Lene A H Haakstad mfl.: Exceeding the guidelines: A descriptive study of exercise, pregnancy, maternal and neonatal health outcomes in elite and recreational athletes. BMC Pregnancy Childbirth, 2025. Doi.org/10.1186/s12884-025-07572-6

Powered by Labrador CMS