Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.
Øl: Forskarane vil ha norsk gjær på UNESCO-lista
Gjærsoppen kveik er brukt i heimebrygging sidan før vikingtida. Dette er no den første mikroorganismen i Noreg med offisiell genarvestatus.
Atle Ove Martinussen, dagleg leiar ved Vestnorsk Kulturakademi og Hans Geir Eiken, forskar ved NIBIO, har gjort ein stor innsats for å bevare gjærsoppen kveik.(Foto: Hans Geir Eiken / NIBIO)
Gjærsoppen
kveik har vore nytta i tradisjonell ølbrygging på norske gardar i generasjonar.
Med tida har likevel mange av desse gamle bryggetradisjonane gått i gløymeboka.
Berre eit mindre tal gardar i indre Vestlandet bryggjer framleis øl med
eigen kveik-gjær, og den levande tradisjonen står i fare for å forsvinne.
Sjølv om
kveik liknar vanleg bakegjær, skil ho seg genetisk og stammar sannsynlegvis frå
forfedrar som levde for fleire tusen år sidan. Med andre ord kan kveika kallast
ein «urgjær».
For å ta
vare på denne levande kulturarven før han går tapt, har Vestnorsk Kulturakademi
og forskarar ved NIBIO samla inn opphavlege kveikstammar knytt til tradisjonsbrygginga.
Geirangerfjorden: Det finst liknande tradisjonar andre stader, men i Noreg har denne gjæren framleis fått leve vidare i fjordar og dalar.(Foto: Siri Elise Dybdal / NIBIO)
Gamal gjær kan vekkast til liv
Med ny
teknologi kan ein finne DNA frå ulike gjærsoppar og artsbestemme dei.
Gamle
gjærkransar, gjærstokkar og øltønner frå bryggjehus og kjellarar har gjort det
mogleg å analysere DNA frå kveik-gjær tilbake i tid.
I nokre tilfelle kan også
kveik, som har lege inaktiv i generasjonar, vekkjast til live – og kan hende
brukast for å gjenskape smaken av det lokale, tradisjonelle ølet på staden.
Kveik har
no blitt den første mikroorganismen i Noreg med offisiell genarvestatus – ein
status som tidlegare berre har vore gitt gen frå plantar og husdyr som kyr og
geiter.
Stammar frå ulike gardar blir lagra i ein nasjonal genbank ved
Vestnorsk Kulturakademi på Voss, med sikkerheitskopi på NIBIO Ullensvang.
Drift av
genbanken er sikra med statlege midlar, og det er inngått samarbeidsavtale
mellom Vestnorsk kulturakademi og Norsk genressurssenter i NIBIO.
Kulturakademiet
arbeider òg med ein søknad om å få kveik inn på UNESCO si liste over menneska
sin immaterielle kulturarv. Målet er å bære vidare den levande
bryggjetradisjonen, løfte fram den kulturelle verdien – og skape medvit om kor
viktig det er å ta vare på lokale tradisjonar.
Stammar kanskje fra Asia
– Kveik
skil seg genetisk tydeleg frå annan europeisk ølgjær, og kanskje stammar
kveik-gjær genetisk frå den første domestiseringa av gjær i Asia for
minst 4000-8000 år sidan, seier Hans Geir Eiken, forskar ved NIBIO.
Ifølgje Eiken finst det to hovudgrupper av kveik i Noreg: Ei i Hardanger/Voss og ei på Sunnmøre.
– Begge kan ha kome til Noreg i sein jernalder eller vikingtid. Kveik finst ikkje som ein kjenner til lenger i resten av Europa, men har overlevd her – kanskje fordi bryggetradisjonane har vore gøymde og tekne vare på i isolerte bygder. Vi kan heller ikkje utelukka at kveiken kan ha komen til Vestlandet for over 2000 år sidan, seier Eiken.
Forskar Hans Geir Eiken pirkar gjærbøs ut or ein gjærkrans av fletta hestehår.(Foto: Atle Ove Martinussen / VKA)
Gjærkrans av fletta hestehår sist brukt i 1973. Her vart det funne restar av gjær, som vart vekt til live igjen i prosjektet.(Foto: Atle Ove Martinussen / VKA)
Detalj av gjærkrans av hestehår. Små gjærbøs er synlege.(Foto: Atle Ove Martinussen / VKA)
Kveika er ein levande tidskapsel
Forsking
frå andre har vist at domestisert gjær (S. cerevisiae) følgjer
spora etter sivilisasjonen: Ho følgjer korndyrkinga, og slik kan også
kveik-gjær ha vandra med menneska gjennom jordbrukshistoria.
Annonse
Tradisjonen med
jordbruk og korndyrking i kyststroka i Vestland er 5000 år gammal. Kornet er
ein føresetnad for å bryggje øl.
Stordal i Fjord kommune på Sunnmøre er ei av bygdene der ein har bevart kveikgjær.(Foto: Siri Elise Dybdal / NIBIO)
– Kveik
er såleis ein levande, mikrobiologisk tidskapsel – eit direkte band til ein
bryggjetradisjon som kan strekka seg heilt tilbake til førhistorisk tid,
påpeikar Eiken.
I 2019
starta Vestnorsk kulturakademi (VK), i samarbeid med NIBIO, eit
forskingsprosjekt med litt støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland.
Arbeidet har halde fram, med til dels lite forskingsmidlar.
I 2023 fekk ein
endeleg forskingsmidlar frå Landbruksdirektoratet, og forskinga kunne forsetje med
større innsats.
Kveika var eldre enn dei trudde
Eit av måla var å DNA-analysere kveikene for å finne ut kor
gammal kveik eigentleg er.
–
Spørsmålet vi stilte var: Kan kveika vere 4000 år gammal? Ved hjelp av
molekylær tidsklokke gjorde vi analysar – og seks år seinare kom svaret:
Kveiken er ikkje berre 4000, men mellom 4000 og 8000 år gammal. Vi hadde rett!
seier Atle Ove Martinussen, dagleg leiar ved VK.
Eiken legg til at måten ein bryggjer på, og korleis ein handterer kveika, heng
tett saman med det genetiske materialet.
– I dag
vert kveik selt kommersielt og brukt av moderne bryggjarar. Men vi må ikkje
gløyme at ho er ein levande mikroorganisme med ei økologisk nisje – ho
tilpassar seg miljøet, forklarar Eiken.
Forskar Hans Geir Eiken fortel at med ny teknologi kan ein finne DNA frå ulike gjærsoppar og artsbestemme dei.(Foto: Siri Elise Dybdal / NIBIO)
Under
innsamlingsarbeidet har dei møtt menneske med djup innsikt i den gamle
bryggjetradisjonen.
Viktig
kunnskap om norsk ølhistorie og verdifullt innblikk i den kulturelle utviklinga
gjennom hundreåra er publisert i fleire bøker dei siste åra.
– Å forstå at dette
faktisk er ein genetisk ressurs som kan bevarast og førast vidare, har vore ei
stor erkjenning – og kanskje noko mange ikkje trudde var mogleg. Det viser at
også immaterielle tradisjonar kan bidra til å ta vare på genetisk mangfald,
seier han.
Annonse
Gjærstokk på Voss museum: Kveik skil seg genetisk tydeleg frå annan europeisk ølgjær, og kanskje stammar kveik-gjær genetisk frå den første domestiseringinga av gjær i Asia for minst 4000-8000 år sidan.(Foto: Hans Geir Eiken / NIBIO)
Ikkje
all kveik er urkveik
Så langt
er det DNA-sekvensert rundt 50 ulike kveiktypar, der 25 er ferdig analyserte og
identifiserte som ekte kveik, fortel Eiken.
Desse er no tatt vare på som
genressursar i kveikbanken på Voss og ved NIBIO Ullensvang. Dette skal danne
grunnlag for videre forsking, innovasjon og utvikling.
– Det som
er viktig med genetikken, er at ho gjev oss innsikt i sjølve lina – det levande
organismens stamtre. Alle artar er gamle, men ulike liner har skilt lag til
ulike tider. Ved å samanlikne kveik med annan ølgjær, kan ein rekne ut når
desse linene skilde lag, forklarar forskaren.
Det syner
seg at moderne ølgjær – som vert brukt i tysk, nederlandsk og engelsk øl – har
eit felles opphav som kan førast attende til 1600- og 1700-talet.
– Kveiken
er eldre. Ho ligg djupare i det genetiske treet og representerer ei tidlegare
utviklingsline, omtrent som dei genetisk mest opphavlege menneskelinene i
Afrika, seier Hans Geir Eiken.
Fakta om kveik
Gjærsoppen Saccharomyces cerevisiae er ein grunnstein i menneskeleg sivilisasjon. Han har blitt brukt til fermentering av mat og drikke i fleire tusen år.
Kveik er ei eiga genetisk gruppe innan arten Saccharomyces cerevisiae.
Kveik si genetiske linje går tilbake mellom 4000 og 8000 år – nært rota til S. cerevisiae.
Kveik tyder «å tenne ein eld».
Kveik er kjend for å ha eit rikare utval av tropiske fruktsmaker enn andre typar ølgjær. Den fermenterer på høgare temperatur enn moderne øl, og fermenteringa skjer mykje raskare. Så lite som 48 timar samanlikna med 10-20 dagar med vanleg gjær.
Kveik blir tilsett når temperaturen er mellom 35 og 40 grader celsius.
forskning.no vil gjerne høre fra deg! Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER
Brakalåg/einerlåg - ein varmer vatn med einer i opp til cirka 80 grader. Lågen er antiseptisk og blir brukt til reingjering av bryggekara og som bryggevatn i meiskinga.(Foto: Atle Ove Martinussen / VKA)
Kornhus i Vossestrand.(Foto; Hans Geir Eiken / NIBIO)