Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

– Jenter i lagidrett bør starte med styrketrening tidlegare

Lars Martin Tingelstad studerte den fysiske utviklinga og forskjellane mellom jenter og gutar i handball og fotball frå 13 til 17 år. 

Lyn-spelarane Kristin og Cornelia er i midten av 20-åra. Når dei ser klipp frå da dei debuterte på seniornivå som 17-18 åringar ser dei kor lite rusta kroppane deira var toppnivå. Å starte tidlegare med styrketrening ville dei hatt stor nytte av, meiner dei.
Publisert

Toppseriespelarane Kristin, Cornelia og Anna er i midt i ei viktig styrkeøkt med Lyn.

Dei er glade i og prioriterer styrketrening nå – men ingen av dei starta med styrketrening med vekter før 17-18-årsalderen.

– Du blir liksom passa veldig på, når du eigentleg kan køyre på, seier Kristin Holmen.

– Vi har heile tida fått høyre at ein ikkje skal trene så mykje med vekter, men det viser jo blant anna denne forskinga at vi kan, legg Cornelia Remme Fladberg til. 

Kristin Holmen, Anna Palm og Cornelia Remme Fladberg har jamnlege styrkeøkter saman med toppserielaget Lyn og fysisk trenar.

Gjennomførte fysiske testar i to år

Ifølgje ny forsking på NIH ser det ut til at fotballjentene i Lyn kunne ha fått stor nytte av å trene styrke med vekter tidlegare.

Forskar Lars Martin Tingelstad har gjennomført eit unikt forskingsprosjekt der han har fylgd ei gruppe handball- og fotballspelarar over tid. 

Deltakarane var 13 og 15 år da dei starta.

Undervegs har dei gjennomført fysiske testar og treningsbelastninga deira har blitt målt.

Dei har gjort testar av sprint (30-meter), spenst og beinpress, og meir spesifikke testar på hamstring og lyske.

Stipendiaten brukte også GPS-data for å samle info om treningsbelastning.

Gutta får mykje gratis frå puberteten

Funna viser at både jenter og gutar forbetra fysisk prestasjon betydeleg over to år. 

Yngre spelarar forbetra seg meir enn eldre, og gutar viste større utvikling i dei fleste testane samanlikna med jenter på same alder.

Lars Martin Tingelstad har vore fysisk trenar i Lyn kvinner og herrelaget til KFUM.

– Gutane får mykje meir gratis av puberteten enn det jentene gjer. Dei viser meir markante forbetringar i fysiske eigenskapar, sannsynlegvis på grunn av den auka veksten i puberteten, seier Tingelstad.

Funna viste også at begge kjønn hadde lite utvikling i hamstring- og hoftestyrke. 

Tingelstad meiner det understrekar behovet for å tenkje meir på skadeførebygging i ungdomsidretten.

Fire praktiske råd til trenarar

Han har fire klare, praktiske råd på bakgrunn av forskinga hans til trenarar i lagidrett for yngre utøvarar.

  1. Styrketrening er viktig spesielt for jenter å kome i gang med frå ung alder. Det kan forebygge skader og gjere dei betre rusta når belastninga blir høgare.
  2. Unngå tidleg identifisering av talent basert berre på fysikk. Det er enorme forskjellar i modning. I 14-årsgruppa kan du ha ei som er biologisk 18 år og ei som er 12 år.
  3. Skadeførebygging må målrettast. Det er underprioritert i ungdomsidretten. Forskinga viser at den relative styrken, spesielt hamstring og hofte, manglar i utvikling i alderen vi har fylgd.
  4. Individuell tilpasning – Resultata understrekar behovet for individuelle treningstilpasningar. Den fysiske veksten er veldig forskjellig, og trenarar bør justere treningsprogrammet for å fremje optimal prestasjon og utvikling, og ikkje minst redusere skaderisiko.
  5. Ulikt når treningsformar er gunstige

Førsteamanuensis ved NIH Live Luteberget meiner eit trygt og variert treningsopplegg som ser heilskapen i ungdommanes kvardag er det viktigaste for god utvikling.

Live Luteberget er tidlegare handballspelar og har i mange år forska på lagidrett. 

Trenarar bør hugse på at kroppen er ekstra sårbar i periodar med rask vekst, og at totalbelastninga derfor er viktig å ta omsyn til, seier ho.

– Vi ser at både gutar og jenter får betydeleg framgang i styrke og fysisk prestasjon i ungdomsåra, men gutar aukar ofte meir enn jenter, seier ho.

Samtidig varierer utviklinga mykje frå individ til individ, og jenter kommer i gjennomsnitt tidlegare inn i vekst- og modningsfasane, forklarar ho. 

– Dette kan påverke når ulike treningsformer blir opplevd som gunstige, men trening bør uansett bli tilpassa den enkelte, seier Luteberget.

Ho er forskar ved Institutt for fysisk prestasjonsevne og har rettleia Tingelstad.

Er kroppen klar for å debutere på seniornivå?

Lyn-spelarane hadde tidlegare Tingelstad som fysisk trenar og synest det er spennande å høyre kva han har forska på og funne ut.

– Det er jo noko som har mangla i forskinga. Vi veit jo at vi får meir feitt i puberteten, og at gapet mellom jenter og gutar blir ganske stort i løpet av den perioden, seier Fall.

– Det er fint at vi får eit anna perspektiv enn at vi skal vere så forsiktige heile tida, legg lagvenninne Holmen til.

Mange kvinnelege fotballspelarar debuterer tidleg på seniornivå, men har kanskje ikkje ein kropp som er rusta til den auka påkjenninga.

Kristin Holmen var 18 år da ho fekk sjansen på seniornivå. Når ho ser klipp frå kampane på den tida, ser ho med ein gong at ho ikkje var sterk nok.

– Eg var jo treigare og svakare enn alle der. Eg var jo ikkje akkurat veldig sterk og kontrollert i kroppen. Rørslene er treigare og sløvare. Og det er jo på grunn at kroppen er i utvikling og manglande styrke, meiner Holmen.

Det var ikkje før dei starta på vidaregåande at fotballjentene begynte med strukturert styrketrening. Sett i ettertid ville Cornelia Fladberg og Kristin Holmen ha starta før.

Klubbar må ha god nok oppfylging

Tingelstad har også vore fysisk trenar i eliteserieklubben KFUM. H an meiner det heilt klart er mogleg å begynne med strukturert styrketrening tidlegare, for å vere betre rusta til å takle overgangen og unngå skadar.

– Å ikkje begynne med styrketrening med vekter før vidaregåande er ganske seint. Men det er også andre utfordringar. Det er få klubbar med god struktur for faktisk å få det til, spesielt på jentesida, seier Tingelstad, og presiserer:

– Ein ting er å begynne med styrketrening frå tidlegare alder, viktigare er det å få god nok oppfylging til å gjennomføre det skikkeleg, seier forskaren.

Referanser:

Lars M. Tingelstad, Live S. Luteberget mfl.: Age and Sex Differences in Physical Performance Among Adolescent Team Sport Athletes. European Journal of Sport Science, 2025. Doi.org/10.1002/ejsc.12284

Lars M. Tingelstad, Live S. Luteberget mfl.: The development of physical characteristics in adolescent team sport athletes: A systematic review. PLoS One, 2023. Doi: 10.1371/journal.pone.0296181

Powered by Labrador CMS