Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Kvifor skal ikkje alle norske barn få gå på fotballtrening? Slik fylte Årvoll superlag eit tomrom

 Eit nytt tilbod for barn med funksjonsnedsetjingar blir hylla av paraidrettforskar.

Hedda er eit av 11 barn som har vore med på Årvoll superlag gjennom hausten. Spelarane er mellom 8 og 12 år, og alle gående barn med funksjonsnedsetjingar er velkomne.
Publisert

Hedda og ti andre barn spring rundt og rundt både med og utan ball med store glis. 

Endeleg kan dei også fortelje at dei har vore på fotballtrening.

– Det gir barna ein etterlengta kjensle av å høyre til, kommenterer forskar Linn Engdahl-Høgåsen på sidelinja.

Ibrahim (9) var lei seg for å ikkje gå på fotballtrening

Alt starta med Ibrahim (9) som var lei seg fordi han ikkje kunne trene fotball som venene og syskena sine. 

Faren Omar Elabdellaoui er tidlegare landslagsspelar og proff over mange år i Tyrkia og Hellas.

– Vi møtte Ibrahim på fotballbanen og forstod han var lei seg. Da bestemte vi oss for å «steppe opp», fortel styreleiar i Årvoll fotball, Hege Pettersen.

Idrettslaget fekk ein førespurnad frå Norges Fotballforbund (NFF) og far Omar Elabdellaoui før sommaren om det kunne vere mogleg å få på plass eit heilt nytt tilbod.

Hege Pettersen, styreleiar i Årvoll fotball, er ein av mange engasjerte trenarar barna møter i gymsalen.

Få tilbod for paraidrett for barn

For barn under 12 år med funksjonsnedsetjingar er det få idrettstilbod, sjølv i hovudstaden.

I haust var Årvoll superlag eit tilbod for barn med funksjonsnedsetjingar mellom 7 og 12 år på plass.

Linn Engdahl-Høgåsen forskar på kva som motiverer barn og unge til å delta i paraidrett. Ho ser på tilbodet på Årvoll som eit eksempel mange idrettslag kan bli inspirert av.

– Det her er utruleg fint å sjå. Berre sjå korleis barna strålar og viser glede, seier Engdahl-Høgåsen.

Det er bare smil å sjå i gymsalen på Årvoll skole, aust i Oslo denne kvelden.

Ho peikar på fleire faktorar som gjer dette tilbodet så viktig for denne gruppa.

  • Det gir barna ein etterlengta kjensle av å høyre til og ein moglegheit til å vere fysisk aktive framfor å vere inaktive.
  • Det gjer at barna kan delta i dei same samtalane som jamaldrande på skulen, om at også dei har vore på fotballtrening.
  • Foreldra får ein arena for å skape relasjonar med andre i same situasjon.

På Årvoll samlar barn frå heile byen seg i den vesle gymsalen kvar onsdag. Foreldra får ein kaffikopp og heile fem trenarar er med når barna spring ivrige rundt og er klare for nye leikar.

Tips til andre idrettslag

Sit idrettslaget på ei vinnaroppskrift for at enda fleire idrettslag kan tilby slike aktivitetstilbod til barn med funksjonsvariasjonar?

– Eg synest Årvoll IL har gjort mykje riktig som me kan lære av og ikkje minst har dei klart å fylle eit tomrom i byen, i staden for å konkurrere om dei same barna og ungdomane, seier Engdahl-Høgåsen.

Dette kan andre idrettslag lære:

  • Dei har betalte trenarar i staden for berre frivillige. Det viser at klubben tek målgruppa på alvor, sikrar forustigbarheit for barna og aukar sannsynlegheita for at trenarane faktisk møter opp.
  • Handplukka kompetanse: Dei har vald trenarar med kunnskap og pedagogisk erfaring. På Årvoll er det ungdomar som har pedagogisk utdanning eller erfaring frå arbeid med barn med funksjonsnedsetjingar.
  • Identifiser manglar: Årvoll superlag valde målgruppa 7-12 år fordi dei fleste andre tilbod i Oslo fyrst starta frå 12-årsalderen.

Forskaren er også tydeleg på at klubbar kanskje ikkje bør famne for breitt når dei skal i gang med nye tilbod.

Linn Engdahl-Høgåsen er stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap og forskar på deltaking i paraidrett blant ungdom.

– Det kan vere lurt om klubben avgrensar tilbodet. Ein kan ikkje dekke alle behov eller alle typar funksjonsnedsetjingar samtidig. Det kan vere lurt å bestemme seg for enten ei bestemt aldersgruppe eller ei bestemt type funksjonsnedsetjing, rådar forskaren.

For denne målgruppa kan faste rutinar vera avgjerande for meistring og tryggleik. Det kan også vere viktigare for denne gjengen at treningsøktene er gjenkjennelege.

– Å bruke dei same leikane og øvingane kvar gong kan være lurt med nokre grupper, men ein skal ikkje undervurdere kapasiteten til personar med funksjonsnedsetjingar heller. Dei treng også å bli utfordra og pusha, seier Engdahl-Høgåsen.

Kontakt særforbund og paraidrettskonsulentar

I gymsalen på Årvoll strøymar spelarane til når dei høyrer eit velkjent signal. Der brukar dei Disney-filmen «Innsiden Ut» aktivt gjennom heile økta.

– Vi startar ofte med leik og visuelle kort fra filmen for å skape struktur. Og til slutt avsluttar vi alltid med straffekonk, som barna elskar, fortel styreleiar Pettersen.

På Årvoll har dei avgrensa tilbodet til å gjelde gåande, men elles tek dei i mot barn i alderen 7-12 år med alle type funksjonsnedsetjingar. 

Styreleiar Pettersen gir dette rådet til andre klubbar som vil starte liknande tilbod.

– Du må ha ivrige eldsjelar i klubben. I tillegg er det lurt å kontakte særforbund som NFF og paraidrettkonsulentar i Norges idrettsforbund for å få hjelp og støtte i startfasen, seier ho. 

– Samarbeidet med særforbundet gav oss drahjelp i starten i form av rekruttering og sette oss i kontakt med trenarar i Vålerenga, som alt hadde eit etablert tilbod for ungdom med funksjonsnedsetjingar.

Julie Pettersen er ei av trenarane som er spesielt plukka ut til å trene barna i Årvoll superlag.

Verdifullt tilbod, sjølv for to personar

Para-tilbodet i Stovner bokseklubb er eit anna eksempel på godt samarbeid mellom klubb, forbund og paraidrettsrågjevarar i Noregs idrettsforbund (NIF).

Der kan du møte opp uansett funksjonsnedsetjing, og trenar Kumaran Nathan møter deltakarane der dei er, anten ein er nybegynner eller erfaren. 

Dei har hatt tilbodet i eitt år, og sjølv om dei berre har to utøvarar til no, vil dei halde fram. 

– Skal vi snakke økonomi, så får vi ikkje så mykje igjen for det, seier dagleg leiar Mojtaba Ameri og legg til:

– Men for Stovner Bokseklubb er det viktigere å vise at dette er ein stad for alle, og verdien av tilbodet strek seg utover kva det kunne gitt oss av inntekt, meiner han. 

Jobba mykje med promotering

Hani Zaidi, kommunikasjonsansvarleg i bokseklubben på Stovner, seier dei har jobba mykje med å promotere tilbodet til foreiningar for funksjonshemma for å rekruttere fleire. 

Dei er også opptatt av å promotere tilbodet på nettsidene sine og synliggjere at det faktisk finst eit paratilbod hos dei.

– Me blir ikkje rike av dette, men det beriker oss, oppsummerer ho. 

Når forskar Engdahl-Høgåsen vil gje ei oppskrift på korleis klubbar kan få opp og halde ved like paraidrettstilbod betyr ikkje dette at "one size fits all", men at det er nokre generelle prinsipp som går igjen:

– Frå disse to eksempla ser vi at initiativet kjem frå klubbleiinga, og at dei brukar støtte-ressursar som NIF og forbund til å navigere i eit ukjent landskap. Samtidig ser vi at det eigentleg har mest å gjere med at personane som jobber der er typar som bryr seg og tar i eit tak, seier ho.

Referanse:

Bentzen, M. og Engdahl-Høgåsen, L. "En idrett - like muligheter": En evigvarende utopisk visjon? I S. Loland & O. O. Sæle (redaktører): Å løpe en risiko: Etiske refleksjoner om å lede praksis i kroppsøving, idrett og friluftsliv. Fagbokforlaget, 2025. https://doi.org/10.55669/oa610713

Powered by Labrador CMS