Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Forsker fra Gaza: – For studentene er utdanning ein måte å overleve og slåst på og vise at dei ikkje gir opp
Midt i den forferdelege krigen i Gaza risikerer unge palestinarar livet for å logge seg på nett og skaffe seg ei utdanning. For mange gir krigen i seg sjølv motivasjon til å lære.
– Dei har eit sterkt ønske om å overleve og bygge ei framtid både for seg sjølv og Palestina, seier forskar Rawia Awadallah.
Ho er sjølv frå Gaza og har jobba ved Det islamske universitetet i Gaza.
No er ho tilsett ved OsloMet gjennom Scholars at Risk-programmet, som skal verne truga akademikarar og fremje akademisk fridom.
Utdanningssystem under angrep
Utdanningssystemet i Gaza har lenge vore svekt på grunn av den israelske blokaden som starta i 2007.
– Men etter oktober 2023 har situasjonen utvikla seg til det vi kallar scholasticide, seier Awadallah.
Omgrepet inneber ei systematisk øydelegging av utdanningssystemet, med angrep på skolar, universitet, lærarar og studentar. Menneskerettsekspertar i FN deler oppfatninga om at det er det som skjer i Gaza.
Scholasticide inneber ikkje berre fysiske øydeleggingar, men også utsletting av kunnskap, kultur og akademisk minne.
Utdanning under krig
Ifølgje ein FN-rapport frå i sommar, har israelske styrkar øydelagt over 90 prosent av skolebygningane i Gaza. Målretta øydelegging av høgare utdanningsinstitusjonar har ramma rundt 87.000 studentar.
Meir enn 57 universitetsbygningar skal ha blitt skadd, og i mars i år var det rapportert at over 190 universitetstilsette var drepne, seier rapporten.
Awadallah viser til den sterke kontrasten mellom situasjonen i Gaza og FNs berekraftsmål om utdanning for alle.
– Det finst ikkje retningslinjer for korleis dette målet skal kunne oppfyllast under krig. Korleis skal folk lære og studere under slike forhold?
Motivasjon midt i krigen
Trass i situasjonen er det mange i Gaza som likevel vel å studere. Nokon har fortset studiane sine gjennom tilrettelegging både frå universitet i Gaza og på Vestbreidda. Andre oppsøker nye arenaer for læring.
– Vi ville finne ut kva som motiverer dei til utdanning under ein krig der dei lever i konstant livsfare, seier Awadallah.
Studien er gjennomført før våpenkvileavtalen som vart signert i oktober.
Nettstudium retta mot yrkeslivet
Prosjektet er eit samarbeid med andre palestinske forskarar i Finland og Skottland, og ein kollega frå Tunisia.
Dei har analysert svara frå over 500 palestinske studentar og akademikarar som har deltatt i utdanningsinitiativet «Free Datacamp, Edx and Coursera memberships to Palestinian Students and Academics».
Initiativet gir gratis tilgang til ei mengde nettkurs innan ulike fagdisiplinar. Det er ikkje ein del av det offisielle utdanningssystemet i Palestina.
– Dette er ekstrakurs som er meir retta mot yrkeslivet og skal hjelpe folk med å utvikle ferdigheiter som kan gi dei fleire jobbmoglegheiter seinare, forklarer Awadallah.
I sommar var det over 13.400 som hadde søkt om å få delta.
Livsfarleg læring
Men dei store øydeleggingane i Gaza gjer det vanskeleg å få tilgang til straum og internett. Det gjer nettstudium svært utfordrande.
– Dei få opne stadene med straum og internett som finst, kan bli bomba når som helst, seier Awadallah.
Studentane må dessutan betale for å få tilgang til desse digitale knutepunkta. Det finst heller ikkje bilar eller kollektivtransport, så dei må ofte gå i fleire timar for å komme dit.
– Svekka av svolt og tynga av uvissa om kva framtida vil bringe, og medan dei førebur seg på å måtte flykte, fortsett mange likevel å ta nettkurs. Det fortel oss kor sterkt ønsket om utdanning er.
Indre drivkraft
For å undersøke motivasjonen til studentane, gav forskarane deltakarane eit spørjeskjema med faste svaralternativ, basert på sjølvbestemmingsteorien om menneskeleg motivasjon.
I tillegg var det opne spørsmål der deltakarane kunne skrive fritt om kva som motiverte dei.
– Resultata viser at det ikkje er ytre press, men ei indre drivkraft og eit personleg ønske om å lære, utvikle seg og bidra som driv desse studentane, seier Awadallah.
Forskarane har funnet sju ulike former for motivasjon.
– Fem av desse kjenner vi frå tidlegare forsking, men to er nye og svært framståande i funna våre, seier Awadallah.
Motstand og protest
Ei av dei nye motivasjonsformene handlar direkte om krigen. Mange ser læring som ein måte å protestere på – som ein del av motstandskamp mot krigen og okkupasjonen.
– Dei vil vere mentalt sterke og bidra til å bygge opp landet etter krigen. For dei er utdanning ein måte å overleve og slåst på og vise at dei ikkje gir opp, seier Awadallah.
Å studere gir ei kjensle av kontroll og meining midt i kaoset, forklarer ho.
– Bombene kan falle når som helst, men desse studentane seier: «Vi er her framleis.»
Trua som drivkraft
Den andre nye motivasjonstypen forskarane fann, handlar om religion.
– Trua er viktig for mange palestinarar. Dei trur Gud vil halde dei ansvarlege for korleis dei bruker livet sitt og at innsatsen deira vil bli påskjønna, forklarer Awadallah.
Ho seier trua er avgjerande for mange under krig fordi ho gir håp og meining.
– Koranen seier at vi er på jorda for å bygge ho, og mange studentar ser det som si plikt mot Gud – også under krig – å bidra til det gjennom utdanning.
Ikkje alle har moglegheita
Awadallah meiner det er viktig å ikkje romantisere studentane som held fram med studiane under krigen.
– Det kan fortrenge alvoret. Vi vil vise kva dei faktisk må ofre for å få tilgang til grunnleggjande rettar, og kor viktig det er å få ein slutt på krigen.
Og sjølv om mange er motiverte, er det langt frå alle som har høve til å studere.
– Fattigdom, ansvar for familie og mangel på ressursar gjer det vanskeleg for mange å prioritere utdanning, seier Awadallah.
I tillegg blir jenter ofte nedprioriterte når ressursane er knappe, og kulturelle normer gjer det vanskeleg for kvinner å bevege seg fritt og trygt til stader med straum og internett.
Hald håpet levande
Awadallah meiner det oppstår eit urettferdig skilje mellom dei som kan ta utdanning og slik finne meining og håp i tilværet, og dei som blir ståande igjen utan moglegheiter.
– Å nekte folk utdanning, er å ta frå dei håpet, seier ho.
Skal vi oppfylle FNs mål om utdanning for alle, må vi sikre at barn og unge får lære – også i krig, påpeker ho.
– Gaza er ikkje eit unntak, men ein spegel som viser kor sårbare dei globale forpliktingane våre er.
Ho vil ha ambisiøs forsking, større prosjekt og internasjonalt samarbeid.
– Vi må utvikle utdanningsmodellar som toler krig – som inkluderer alle og held håpet levande. Først då viser vi at vi meiner alvor med løftet om utdanning for alle, seier ho.
Referanse:
Aldahdouh, Tahani mfl: Waiting for a Better Time Is a Waste of Time’: Motivations of Learning Amid the Genocide in Gaza in Light of Sustainable Development Goal 4. I: Hassoun, A. (redaktør): War on Gaza. Sustainable Development Goals Series. Springer, 2025.
Les også disse sakene fra OsloMet:
-
Analyse av 10.000 boligsalg: En skog eller park beskytter boligverdien
-
Skape en bedre verden? – Engasjer deg personlig. Når folk jobber sammen, skjer endring
-
Smart-TV kan gjøre det lettere for eldre å være sosiale
-
Cannabis-bruken i Norge har økt: – Ikke alle trenger moralprekener eller bekymrede blikk
-
Nordmenn blant de minst ensomme i Europa
-
Dårlig helse og tap av partner rammer eldre ulikt