Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

– Konsekvensane av oljesøl kan vere kraftig undervurdert

Skadelege oljedropar og sårbare fiskeegg kan kollidere i hopetal, viser ny forsking. Følgjene kan vere verre enn frå eksponering for løyst olje.

– Om klebrige hyseegg kolliderer med oljedropar, kan dropane klistre seg fast og henge ved som «fluger på eit flugepapir», seier havforskar Håvard G. Frøysa. Bilete til høgre syner seks dagar gamle hyseegg, som ikkje er eksponerte for olje.
Publisert
– Sjølv om olje og egget skil veg igjen etter kollisjonen, kan oljedropar verte med egget vidare som blindpassasjerar. Slik vert egga eksponerte for olje over lenger tid, seier havforskar Håvard G. Frøysa.

Oljeuhell er sjeldne, men dei skjer. 

Heilt nye resultat frå Havforskingsinstituttet (HI) viser at følgjene av eit slikt uhell kan vere større enn tidlegare antatt. 

Ein av risikofaktorane er nemleg kraftig undervurdert: 

– Studien vår viser at ei betydeleg mengd oljedropar vil kunne kollidere med sårbare fiskeegg, noko som det ikkje vert teke omsyn til i dag, seier havforskar Håvard G. Frøysa. 

Tradisjonell risikomodellering vurderer berre effektane av løyst olje. Men oljeuhell fører óg til at mange oljedropar vert sleppte ut – og effektane av desse er ikkje med i risikomodellering. 

No har havforskarane vurdert ei av følgjene oljedropar vil ha på omgjevnadane sine. 

Kvifor er hyseegg sårbare?

Fisk er mest sårbare tidleg i livet, når dei er egg og seinare vert klekte til larvar. Om desse vert utsette for olje kan dei få store skadar, syner lab-forsøk frå HI

Følgjene kan vere akutte: Egga og larvane døyr etter kort tid. Men oljeeksponering kan også føre til skadar som seinare gir fisken dårlege føresetnadar for å overleve. 

Nokre marine artar har egg med ei klebrig overflate – som hysa. Dette gjer dei ekstra sårbare for oljeforureining fordi eggeskalet bind til seg oljedropar. 

Lab-forsøk frå HI har synt at det berre skal ein ørliten oljedrope til før hysehjartet vert påverka

Hysa er opp til ti gongar meir sensitiv for oljesøl enn torsk, grunna det klebrige eggeskalet. 

Frøysa sitt scenario er det som tidlegare forsking har vist gir størst effekt for hyse.

Til venstre er ein hyselarve som ikkje har vorte eksponert for olje, og til høgre ein larve som har vorte eksponert for olje.

Havforskingsdirektøren: – Vi må endre måten vi tenker på 

– Dette er viktig ny kunnskap og eit godt eksempel på kvifor vi kontinuerleg må jobbe med korleis vi vurderer risiko, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. 

Dei siste åra har Havforskingsinstituttet vidareutvikla måten forskarane gir råd på, og gått over til såkalt scenariobasert rådgjeving. 

Det handlar om å lage eit beslutningsgrunnlag for handtering av hendingar i situasjonar med stor uvisse, og der det finst fleire vegval.

– Det er heilt nødvendig i den tida vi no er inne i. Ikkje fordi vi har gitt dårlege råd før, men fordi verda endrar seg raskt. Alt er i spel. Vi er inne i ei klimakrise, der klimaendringane påverkar økosystema. Samtidig har geopolitiske forhold og samarbeid også endra seg radikalt på få år. Då må vi også gjere måten vi jobbar på ein meir dynamisk måte. 

Forsker Frøysa har simulert eit oljesøl sørvest for Lofoten. Dette er nært gyteområda for verdas største bestand av nordaustarktisk hyse.

Dette er eit viktig poeng for havforskingsdirektøren i årets Havtale.

Scenarioet: 90 dagar med oljeutslepp i Lofoten

Frøysa har simulert eit oljesøl sørvest for Lofoten. Dette er nært gyteområda for verdas største bestand av nordaustarktisk hyse. 

Det simulerte oljesølet vara i 90 dagar, frå 1. mars til 30. mai 2001 – midt i gytesesongen til hysa. 

– Det er i denne perioden konsekvensane for hyseegg og -larvar ville vore størst, både akutt og i form av misdanningar og seinskadar, seier havforskaren. 

Lofoten og Vesterålen er området våre viktigste fiskebestandar vandrar til for å gyte. Etter gytinga driv fiskeegg og -larvar med havstraumane opp til Barentshavet, der dei veks opp.

Kvifor Lofoten og Vesterålen?

Det er ikkje petroleumsverksemd i området i dag, men det har vore eit stort politisk tema tidlegare.

Lofoten og Vesterålen er området våre viktigste fiskebestandar vandrar til for å gyte. Etter gytinga driv fiskeegg og -larvar med havstraumane opp til Barentshavet, der dei veks opp.

Her stikker øyane langt ut i havet, og bryt opp havstraumane. Slik vert det næringsrike vatnet frå havdjupet pressa opp til overflata. Kraftige vindar blandar vatnet godt saman. Midnattssola gjer at produksjonen av planteplankton skjer døgnet rundt. 

Desse faktorane gjer at Lofoten og Vesterålen er eit område særs rikt på mangfaldig liv i havet: Det veks og gror i alle ledd i næringskjeda. Her er eit stort artsmangfald. 

Det som skjer i havområdet rundt Lofoten og Vesterålen har igjen store konsekvensar for økosystema i Norskehavet og Barentshavet. 

Det modellerte oljeutsleppet vara like lenge som Deepwater Horizon-ulukka, som vert rekna som tidenes største oljeutslepp. I den ferske simuleringa sleppte forskarane ut omtrent halvparten så mykje olje som ulukka. 

På kollisjonskurs 

Havforskarane har utvikla ein algoritme som reknar ut kollisjonar mellom egg og dropar. Resultata syner at fiskeegga kolliderte med oljedropar gong etter gong i simuleringa.

– Dropar spreier seg langt vidare og dekkjer eit mykje større havområde enn løyst olje for ein gitt grenseverdi. Dei opptrer også generelt i høgare konsentrasjonar, seier Håvard G. Frøysa.

Både den løyste oljen og oljedropane held seg i dei øvste 50 meterane av vassøyla – og det er også her flesteparten av egga er. Fordi hyseegga er klebrig, kan problemet vedvare: 

Figuren viser konsentrasjon av løyst olje (venstre) og oljedropar (høgre). Verdiane er tidsgjennomsnitt for april månad i simuleringa og viser maksimumsverdien over alle djup. Dei innfelte figurane viser konsentrasjon for djup og breiddegrad (maks over lengdegrad). Utsleppspunktet er vist med kvit firkant. Mørkare farge er mykje høgare verdi.

– Sjølv om olje og egget skil veg igjen etter kollisjonen, kan oljedropar verte med egget vidare som blindpassasjerar. Slik vert egga eksponerte for olje over lenger tid, seier Frøysa. 

– I sum viser studien at tradisjonell risikomodellering, der berre løyst olje er med, kraftig undervurderer konsekvensane av oljesøl, seier forskingssjef Frode Vikebø.

Større risiko enn ein har rekna med

Eit stort oljeutslepp kan dimed ha langt større konsekvensar for fisk i slike tidlege livsfasar enn det ein tidlegare har trudd. 

– I sum viser studien at tradisjonell risikomodellering, der berre løyst olje er med, kraftig undervurderer konsekvensane av oljesøl, seier forskingssjef Frode Vikebø.

Vikebø peikar på at den ferske studien kan bidra til å styrke rammeverket for korleis effektane av oljedropar vert risikovurderte. 

Samtidig understreker han behovet for meir forsking: 

– Vi veit framleis lite om eksakt korleis eksponering frå oljedropar påverkar hyse og andre artar. Det treng vi eksperimentelle studiar for å seie meir om.

Referanse:

Håvard G. Frøysa, Frode B. Vikebø mfl.: Oil droplets are severely overlooked in risk assessments. Nature communications earth & environment, 2025. Doi.org/10.1038/s43247-025-02805-0

Om studien

Denne studien er ein del av ei HI-leia arbeidspakke i forskingsprosjektet SYMBIOSES III, som no er avslutta. Prosjektet var leia av Akvaplan-niva med Havforskingsinstituttet, SINTEF Ocean, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Oslo som samarbeidspartnarar.

Powered by Labrador CMS