Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Vi har 80 mil med tunneler: Sjølv etter reinsing kan tunnelvatn vere skadeleg
Vaskevatn frå norske vegtunnelar inneheld miljøgifter.
Forskarane samla vaskevatn frå tunnelen før og etter rensing. Her representert ved Masterstudent Chinmayi Ramaghatta og rettleiar professor Pål Asgeir Olsvik(Foto: Nord universitet)
Noreg har over tusen vegtunnelar. Samla har dei ei lengde på over 800 kilometer. Flesteparten av desse manglar renseanlegg for vaskevatnet etter at tunnelane er reingjort med høgtrykk og såpe.
Dette vaskevatnet inneheld ei kompleks blanding av miljøgifter – mellom anna tungmetall, mikroplast og kjemikaliar frå bildekk og bremser. Vatnet sleppast ofte rett ut i naturen.
Ein ny studie frå Nord universitet har undersøkt kor effektivt renseanlegget i Bodøtunnelen er til å fjerne slike miljøgifter.
Forskarane såg òg på kva effekt både rensa og urensa vaskevatn har på sebrafisklarvar. Slike larvar nyttast ofte i forsking på miljøgifter.
Vaskevatnet frå Bodøtunellen vart analysert før og etter rensning.(Foto: Grete Livik / Statens Vegvesen)
Giftig – også etter rensing
Studien syner at renseprosessen i Bodøtunnelen reduserer konsentrasjonen av fleire miljøgifter vesentleg.
Mellom anna vart nivået av det svært giftige stoffet 6PPD-quinone – eit nedbrytingsprodukt frå bildekk – redusert med heile 1800 gonger etter rensing.
Likevel synte eksperiment med sebrafisklarvar at også det rensa vatnet kunne forstyrre utviklinga, endre åtferda og gje gentoksisk effekt.
Det var litt overraskande å sjå at sjølv det rensa vaskevatnet kunne påverke utviklinga og symjeåtferda til sebrafisklarvar.
Chinmayi Ramaghatta, masterstudent
Chinmayi gjennomførte studien ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur i samarbeid med doktorgradsstudent Shubham Varshney.
– Dette syner at dagens rensemetodar ikkje er tilstrekkelege for å verne vasslevande organismar.
Masterstudent Chinmayi Ramaghatta saman med rettleiar og professor Pål Asgeir Olsvik var overraska over resultata. Her står dei framfor Bodøtunellen.(Foto: Nord universitet)
Bodøtunnelen som testarena
Bodøtunnelen opna i 2019 og er ein av få norske tunnelar med eit moderne renseanlegg.
Vaskevatnet går gjennom sandfang, oljeutskiljar og eit rensebasseng før det slepp ut i det kommunale avlaupssystemet. I studien vart både urensa og rensa vaskevatn samla inn etter ein såkalla "halvvask".
Vatnet vart analysert for innhald av tungmetall, hydrokarbon og dekkrelaterte kjemikaliar.
– Vi fann høge nivå av jern, sink, koppar og aromatiske hydrokarbon i det urensa vatnet, forklarer professor Pål Asgeir Olsvik, som er rettleiar i studien.
– Renseprosessen reduserte nivåa i stor grad, men ikkje fullstendig. Rensevatnet som pumpast ut i avlaupssystemet inneheldt framleis ulike stoff som kan påverke utvikling og genuttrykk hos fisk.
Sebrafisklarvar vart eksponert for både urensa og rensa vaskevatn i laboratoriet.
Larvane viste dødelegheit, redusert vekst, deformitetar og endra symjeåtferd. Særleg i gruppane som fekk urensa vatn, men også i gruppane med rensa vatn.
Annonse
Bør få konsekvensar for praksis
Dette er ikkje ein alarmistisk studie, men den syner at vi må ta miljøgifter frå biltrafikk meir på alvor som ei potensiell kjelde til forureining.
Pål Asgeir Olsvik, professor
Studien er ein av dei fyrste som samanliknar giftigheita av rensa og urensa tunnelvaskevatn, og som samstundes inkluderer kjemikaliar frå bildekkpartiklar som referanse.
– Vi treng meir forsking på korleis desse stoffa påverkar økosystema.
Eit aukande problem
Med aukande trafikk og fleire tunnelar i drift, vil mengda vaskevatn som vert laga i Noreg berre auke.
Ifylgje studien produserer ein nær tre kilometer lang tunnel som Bodøtunnelen kring 1,2 millionar liter vaskevatn per år – berre ved månedleg halvvask.
– Viss dette vatnet ikkje rensast skikkeleg, kan det få konsekvensar for dyrelivet i små bekkar og elver i nærleiken av tunnelane, seier Chinmayi Ramaghatta Venkataramegowda.
– Sebrafisk er ein modellart, men vi veit at også laks og aure kan vere særleg sårbare for desse stoffa.
Behov for meir forsking
Forskarane bak studien understrekar at det trengs fleire og større studier for å trekkje sikre konklusjonar, men håpar at funna kan bidra til auka medvit, betre praksis og meir forsking om temaet.
– Vi håpar dette kan vere eit bidrag til at tunnelvask og avrenning vert teken meir på alvor i miljøforvaltninga, avsluttar Olsvik.