– Det har lenge vore
kjent at materialisme, eller ønsket om eige fine ting, forklarer statusjag. Vi
fann at konkurransen med andre av same kjønn er minst like viktig.
Det seier Tobias Otterbring, professor ved Handelshøgskulen ved Universitetet i Agder.
Saman med to kollegaer har han publisert ein studie om statusjag.
Der kjem dei med ei ny forklaring på kvifor nokon av oss er meir opptekne av statussymbol enn andre.
Studien har over 4.000 deltakarar frå fem land.
Professor Tobias Otterbring, Handelshøgskulen ved UiA, har forska på samanhengen mellom tilknytingsangst og statusjag.(Foto: UiA)
Røtene ligg i barndommen
Forskarane tek
utgangspunkt i teoriar frå psykologien om korleis vi knyter oss til andre
menneske.
Gjennom banda vi knyter til foreldra våre i barndommen vert mønsteret
for tilknyting forma.
Er foreldra kjærlege og
føreseielege, utviklar barnet ei trygg tilknyting. Er dei ubereknelege eller
fråverande, kan barnet utvikle det forskarane kallar tilknytingsangst.
Det
siste er ei vedvarande frykt for å bli avvist eller forlaten av dei ein er glad
i.
Denne gruppa viser sterkast hang til å jage etter status
– Ein slik angst handlar
om ein grunnleggande relasjonell utryggleik. Spørsmålet vi stilte oss, var om
denne utryggleiken kan få folk til å søke status som ein slags kompensasjon,
seier Otterbring.
Studien skil mellom to
former for utrygg tilknyting, unnvikelse og angst.
Dei som skårar høgt på
unnvikelse, held andre på avstand og undertrykkar behovet for nærleik.
Dei som skårar høgt på
angst, vil gjerne knyte seg til andre, men er stadig urolege i relasjonane sine
og usikre på eigen verdi.
Det er den siste gruppa som i studien viser sterkast hang
til å jage etter status.
Konkurransen er nøkkelen
Det mest overraskande
funnet i studien er korleis samanhengen mellom angst og statusjag eigentleg
oppstår.
Annonse
Tidlegare forsking har peika på materialisme som hovudforklaring, ønsket
om å eige ting som gir status. Den
nye studien teiknar eit anna bilde.
– Vi finn at det er
trongen til å samanlikne seg med og overgå rivalar av same kjønn som driv
statusjaget. Konkurransen med andre av same kjønn er med andre ord like viktig
som å eige fine ting, seier Otterbring.
Forskarane forventa at
materialisme ville spele ei viktig rolle, basert på tidlegare studiar om dette.
– Men dataa peika
konsekvent mot konkurransen med rivalar av same kjønn som ei anna sentral
drivkraft, seier han.
Status erstattar nære
forhold
Tolkinga er at personar
med tilknytingsangst bruker status som erstatning: Dei vinn konkurransen om
synleg suksess, og høg status kompenserer for tapet av trygge og nære
relasjonar.
For å styrke funna
gjennomførte forskarane eksperiment der dei framkalla tilknytingsangst hos
deltakarane.
Resultatet viste ein målbar auke i ønsket om statusprodukt som
dyre bilar og bustader blant dei som samstundes viste auka konkurranse med eige
kjønn.
– Effektane var til
stades hos både kvinner og menn, sjølv om menn generelt hadde ei sterkare
statusdrift, seier Otterbring.
Vond sirkel kan forsterke seg
Eit sentralt spørsmål som
denne studien ikkje stiller, er kva statusjaget fører til over tid.
– Mykje tyder på at det å
jage etter høg sosial status sjeldan løyser den underliggande relasjonelle
utryggleiken. I verste fall kan det bli ein sjølvforsterkande og vond sirkel
der ein aldri vert gjenkjent og godteken som den ein er, seier Otterbring.