Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Dette er hovudgrunnane til at ungdom sluttar med idrett

Ungdom sluttar ikkje berre med idrett fordi dei mistar motivasjonen. Ny forsking viser kva som faktisk ligg bak fråfallet og kven det gjeld.

Forskar Lars Erik Espedalen har analysert over 3.000 svar frå ungdomar om kvifor dei held på med idrett og kvifor dei sluttar. Det kan gje viktig innsikt for norsk idrett.
Publisert

Når barn blir til ungdomar, skjer det store endringar for mange. 

Interessene endrar seg, og kanskje får dei også eit nytt forhold til idretten dei er ein del av.

Det store spørsmålet Idretts-Noreg har lurt på i mange år er: Kvifor sluttar dei og kva dei kan gjere for å halde på ungdomane?

Kvifor sluttar ungdom i idretten?

– Når vi tar utgangspunkt i at vi skal forhindre fråfall, har vi allereie hoppa bukk over ungdom og foreldre sine opplevingar, seier forskar Lars Erik Espedalen ved Norges idrettshøgskole.

Idrettsdeltaking blir fort eit spørsmål om å motivere ungdom og hjelpe foreldre til å ha råd til idrettsdeltaking og skjønne at idretten er viktig meiner han. 

– Ungdom og foreldres opplevelser forsvinn litt, seier han.

Han legg retorisk til:

– Kvifor er idrett meiningsfullt og for kven?

Forskaren har gått djupt inn i kva som skjer når ungdom sluttar i idretten dei siste åra. 

Dette er hovudgrunnane

Vi må ta fysisk og mental tåleevne og behov for tilhøyrigheit meir på alvor. Også for dei som satsar, seier forskar Lars Erik Espedalen.

Han har analysert 3.000 kortsvar frå Ungdata-undersøkinga frå 2018 der ungdomane har svart på kvifor dei driv med idrett og kvifor dei eventuelt har vald å slutte.

Han har også intervjua 40 foreldre med barn i fotball og langrenn.

Svara viser at ungdom ofte sluttar med idrett i overgangen til ungdomsskule og til vidaregåande når andre interesser tek over.

Dette er hovudgrunnane til at ungdom sluttar med idrett:

  • Hektiske kvardagar: Ungdomar sluttar når skulearbeid og vener tek meir plass.
  • Dei fleste er med for «lette gleder» og idretten legg for stor vekt på dei som vil satse.
  • Sosiale grupper går i oppløysing.
  • Skadar og sjukdom.
  • Økonomiske barrierer.

Idrett er gøy – heilt til krava blir for store

Mange ungdomar har stor glede av å vere med i idretten. 

I svara sine trekk dei fyrst og fremst at det er gøy, men også helsefordelane ved å vere aktiv og det å ha ein aktivitet som strukturerer fritida.

– Utfordringa er når dei kjem opp i ungdomsidretten. Utviklinga dei siste åra har gått mot at tilbodet er ganske intensivt med mange økter i løpet av veka. Kanskje får du heller ikkje eit meiningsfullt nok tilbod om du hamnar på andrelaget i fotball for eksempel, seier Espedalen.

Gjennom svara ungdomane har gitt, ser det ut til at det litt forenkla er to grupper ungdomar i idretten.

Ungdom frå denne gruppa sluttar oftast

  • Ein minoritet av ungdommar som driv med idrett fordi det er djupt meiningsfullt. Dei elskar kjensla av å få til ein bevegelse, gløyme alt anna og bli oppslukt av idretten. Desse ungdomane driv også oftare med idrett fordi dei kjenner på sterk tilhøyring, likar kjensla av å vere god og at gruppa jobbar mot same mål.
  • Ei mykje større gruppe driv med idrett fordi det er gøy, dei er med vener, det gir dei noko å gjere på fritida og det held dei i form. Dette er ikkje nødvendigvis så knytt opp mot idretten og er lettare å gjenskape på andre arenaer.

Forskaren ser at dei fleste som sluttar, er i den andre gruppa. Dei vil bruke meir tid på skule, andre fritidsaktivitetar og idretten blir for seriøs og tidkrevjande.

Fråfall treng ikkje å vere negativt

Dette fråfallet treng ikkje alltid å vere negativt, meiner forskaren. Nokre ungdomar finn andre måtar å vere aktive på utanfor idretten.

Men det er andre fråfallsgrunnar der ungdomane sjølv synest at det er dumt at dei sluttar, som idretten kanskje bør fokusere meir på, meiner forskaren:

  • Skadar og sjukdom er den fjerde vanlegaste fråfallgrunnen. Rammar ofte dei som trenar mest og er mest intenst involverte.
  • Den sjette vanlegaste grunnen omhandlar manglande tilbod i klubben. Når sosiale grupper går i oppløysing, lag blir slått saman eller vener sluttar. Dei spelar til dømes på andrelag for moro, men opplever at trenaren ikkje er engasjert og kompetent.
  • Jenter er overrepresentert på begge grunnane over.

– Skadar, sjukdom og å bli flytta mellom lag er nok delvis ein konsekvens av at idretten kan bli for belastande for raskt. Vi må ta fysisk og mental tåleevne og behov for tilhøyrigheit meir på alvor. Også for dei som satsar, seier Espedalen.

Idrettsdeltaking må ikkje handle om å prestere for alle

Tala på fråfall i ungdomsidretten har vore ganske stabile over ei lengre periode.

Forskaren meiner vi må tenkje meir over kva for del av fråfallet som er viktig å gjere noko med.

Som ein av ungdomane skriv om kvifor han eller ho slutta med idretten sin:

«Idrett er et jævla ork. Ikke alle liker idrett. Sånn er det bare».

Meiningsfull idrettsdeltaking må ikkje handle om å prestere for alle.

– Dersom ungdomsidretten på landsbasis skal vere eit tilbod til fleire enn dei som ynskjer å satse og trene mykje, er det ei utfordring at dei som berre er med for dei lette gledene føler seg nedprioriterte, eller får eit lite meiningsfulle andrelagstilbod, meiner Espedalen.

Han meiner det finst eit spennende potensial i ungdomsidretten til å organisere på måtar som fremjar aktivitet.

Forskar foreslår tiltak som open hall

Han foreslår tiltak som opne hallar, kreativitet og fri leik som eit supplement til den organiserte treninga. 

Treningstilbod som tar utgangspunkt i at ungdomar ynskjer å drive med idrett for å halde på venskap, møte nye folk, halde seg i form og utvikle kreativitet.

Og som også tek innover seg at det er mange familiar som ikkje har råd eller tid til mykje reising, dyrt utstyr, treningssamlingar og reising til kampar i helgene.

Det viktige er å løfte fram at ein framleis kan vere med sjølv om ein ikkje vil investere all fritida på idrett og binde seg til fire-fem treningar i veka, meiner forskaren.

– Meiningsfull idrettsdeltaking må ikkje handle om å prestere betre og fylgje utviklingstrapper i idretten, seier han og legg til.

– Korleis ser eit slikt idrettssystem ut? Det handlar ikkje om å ta vekk moglegheitene til dei som satsar, men berre å gje eit alternativ tilbod til dei som vil, seier Espedalen.

Norges idrettsforbund er samarbeidspartner i forskingsprosjektet.

Referanse:

Lars Erik Espedalen: Organized sport in the lives of young Norwegians: Participation, exit, and social inequality. Doktorgradsavhandling, Norges idrettshøgskole, 2026.

 S

Powered by Labrador CMS