Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Derfor er det bra å ha hest på bygda

Hestehald bidreg til auka omsetnad og næringsaktivitet i lokalsamfunn.

Hestehald har vorte eit viktig bindeledd mellom by og land.
Publisert

Hest er best som pålegg, syng Øystein Sunde, men no har forskarar ved NIBIO rekna ut at hesten gjer mest nytte for seg mens han er levande, både for bygdeøkonomi og trivsel.

Toril Årmot er ei av dei som har erfart at hesten har ein viktig plass i bygdesamfunnet. Ho er leiar for Myrkdalen hestesenter. Det ligg om lag ein halvtime nord for Voss.

Toril Årmot fortel at ho har vore hestegal så lenge ho kan hugsa. Ho er leiar for Myrkdalen hestesenter.

– Eg har vore hestegal så lenge eg kan hugsa, seier Årmot.

Allereie som femåring var ho flittig gjest på eit ridesenter i nærleiken. Som 14-åring fekk ho sin eigen hest og allereie som 19-åring overtok ho gard etter bestefar sin. I mange år dreiv dei med mjølkeproduksjon, men for ti år sidan bestemte ho og familien at dei ville satsa berre på hest.

– Me er eit lite senter med berre åtte hestar. Likevel trur eg det betyr mykje for barn og unge i området, seier Årmot.

I desse dagar er den eine dottera i gong med å involvera seg meir i drifta. Dei ser på moglegheitene for å knyta seg nærare opp mot den omfattande turistnæringa i bygda. Hestesenteret ligg like ved eit stort slalåmanlegg omringa av hundrevis av feriebustadar og hotell.

Hestehald og økonomisk aktivitet

I samarbeid med Högskolan Dalarna i Sverige har dei norske forskarane sett på den økonomiske tydinga av hestehald. 

I prosjektet har dei og rekna seg fram til at det er ein stad mellom 60.000 og 70.000 hestar i Noreg.

– Me har tal for kva hesten tyder for økonomisk aktivitet i norsk landbruk, seier seniorrådgjevar Grete Stokstad. Ho har leia den norske delen av prosjektet.

Sidan hesten fyrst og fremst et gras, er grasdyrking sjølve grunnlaget for alt hestehald. Stokstad har rekna ut kor mykje økonomisk aktivitet norsk hestehald skapar – målt opp mot arealet som vert nytta til å dyrka hestefôr. 

Seniorrådgjevar Grete Stokstad har leia den norske delen av prosjektet.

Ho har også samanlikna dette med andre typar jordbruk. Konklusjonen er klar.

– Omsetnaden per dekar jordbruksareal som vert brukt til hest, kan konkurrera godt med andre vanlege jordbruksproduksjonar i Noreg, fortel ho.

Hestehald legg grunnlag for økonomisk aktivitet

Kvar hest i Noreg krev grovfôr frå fem dekar jordbruksareal i snitt. Mange hestar har også tilgang på beite. 

I reknestykka til Stokstad har ho difor rekna med at ein nyttar om lag ti dekar jordbruksareal per hest. Dette er ganske likt arealbehovet for ammekyr.

Dei fleste hesteeigarane som ikkje har gard sjølv, kjøper mykje av fôret frå landbruksføretak. I tillegg investerer dei i alt frå utstyr og stallplass til trening, veterinær og skoing. Den økonomiske aktiviteten går under omgrepet omsetnad.

– Ei spørjeundersøking me har gjennomført med 1.700 deltakarar syner at samla utlegg per hest ligg rundt 90.000 kroner i snitt per år, sjølv om variasjonen er stor frå eigar til eigar. Det tyder at for kvar tiande dekar som vert brukt til hest, omset ein i snitt 90.000 kroner. Det vil seia 9.000 kroner per dekar, forklarer Stokstad.

 – Til samanlikning ligg korn, sau og ammekyr på mellom 2.500 og 4.000 kroner i omsetnad per dekar. Mjølkeproduksjon ligg på om lag 8.500 kroner. Hestehald konkurrerer altså svært godt med andre produksjonar om å skapa økonomisk aktivitet, understrekar ho.

I snitt nyttar norske hesteeigarar 90.000 kroner på hesten sin kvart år, men det er store variasjonar. Dei som driv med ryttersport har til dømes mykje høgare utgifter til utstyr og transport enn dei som berre nyttar hesten til private rideturar i nærområdet.

Omsetnaden er med på å oppretthalda arbeidsplassar i lokalsamfunn. Han spreier seg til mange tenester og næringar: utleigarar av stallplassar, smedar, veterinærar, fôrleverandørar, transporttenester, trenarar og utstyrshandlarar. 

I tillegg dannar hest grunnlag for rideskular, treningstilbod og turistaktivitetar som styrkar bygdene sin økonomi.

Hest som brubyggjar og landskapspleiar

Hesten er ikkje berre viktig for bygdeøkonomien. Han fungerer ofte som ein brubyggjar mellom folk frå bystrok og landbruket.

– I dag er hest knytt til sport, fritid og oppleving for både barn, unge og vaksne. Mange får sitt fyrste møte med landbruket nettopp gjennom hest og hestehald, påpeikar Stokstad.

Myrkdalen hestesenter ligg like i nærleiken av eit stort slalåmanlegg, hotell og fleire hundre hyttar. Det gir moglegheit for å tilby opplevingar til turistar.

Ho antar vidare at dette kan få ringverknader som gjer det enklare å rekruttera ungdom til landbruksnæringa.

– Hesten bidreg dessutan til å halda kulturlandskapet ope og redusera snyltarplager for andre beitedyr ved at fleire ulike husdyrartar nyttar beiteareala, held forskaren fram.

Meir enn økonomi

I forskingsprosjektet vart det også gjennomført ei spørjeundersøking blant føretak som driv med hest. 

Her kom det fram at økonomisk resultat ikkje alltid er det primære målet. Hestehald er ofte ein del av ei heilskapleg tilnærming der fagleg interesse og personleg motivasjon speler ei avgjerande rolle. 

Det stemmer godt med opplevinga til Toril Årmot i Myrkdalen.

– Her er det utleigehyttene som finansierer drifta, seier Årmot.

Veterinærar, travtrenarar, rideinstruktørar og hovslagarar er berre nokre av yrkesgruppene som er knytte til hestehald.

For Årmot er hest ein livsstil som ho og familien er overtydde om at mange fleire enn dei har glede av.

– Riding og hestehald er eit alternativ for dei borna og ungdomane som ikkje er så interesserte i fotball. Det er bra for psyken og gir ei unik oppleving av meistring. Det å kunna meistra eit så stort dyr er noko heilt spesielt, seier ho.

Hest eller mat?

Men ikkje alle er like begeistra for hestehald. Dersom me legg til grunn at ein hest treng 5–10 dekar, tyder det at ein stad mellom 300.000 og 600.000 dekar norsk jordbruksareal vert nytta til å dyrka hestefôr og dermed ikkje til matproduksjon. 

Stokstad meiner at så lenge den norske marknaden ikkje spør etter meir norskprodusert mat, er hestehaldet viktig for å halda jordbruksareala i hevd.

– For landbruket sett under eitt er det avgjerande å ta vare på alt det norske jordbruksarealet og skapa aktivitet på bygdene. For å få det til må vi rekna med hesten, forklarar Stokstad.

– Om ein treng å produsera meir mat i framtida, kan areala raskt verta nytta til andre produksjonar att. I ei krise er det til og med mogleg å eta hestekjøt.

Men hest er ikkje best som pålegg.

Referanse:

Grete Stokstad: Hestehold, en del av norsk landbruk. NIBIO POP, 2025.

Stiftelsen Hästforskning

HESTEFORSK: In depth understanding and visualization of socio-economic effects of the horse industry» er eit samarabeid mellom NIBIO og Högskolan Dalarne i Sverige. 

Sidan 2009 har Noreg og Sverige samarbeidd om hesteforsking gjennom Stiftelsen Hästforskning. Årleg får stiftinga tildelt 20 millionar kroner til forsking på hest, 8 millionar kroner frå Noreg og 12 millionar kroner frå Sverige. 

Frå norsk side kjem den økonomiske støtta frå NHS, Noregs forskingsråd og Forskningsmidla for jordbruk og matindustri (FFL/JA). Prosjektet Hesteforsk er finansiert via desse midla.

Powered by Labrador CMS