Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

9 ting hestar er betre på enn oss

«Om du har eit problem, skal du ri», erklærte Hippokrates, legekunstens far, for nærare 3.000 år sidan. Norsk forsking frå dei siste åra gir han meir og meir rett.

Bruken av hest innan rusbehandling og psykisk helseteneste er relativt nytt i Noreg.
Publisert

Åse, ei kvinne i sekstiåra, liker å måle hestar. Ho måler dei på mange forskjellige måtar. Gjennom desse måleria og tekst ho har skrive til dei, har ho laga ei lita forteljing om livet sitt slik det er no, og slik det har vore.

Å fortelje om livet sitt er i seg sjølv eit vågestykke for Åse, som eigentleg heiter noko anna. 

I likskap med mange som slit med psykiske utfordringar, har ho vore utsett for noko vondt. Nokon nær henne var ein gong i tida større og sterkare enn henne og ikkje snill. 

Slikt kan gjere at du mister forteljinga di, kjensla av kven du er eller av å vere nokon i det heile.

Men møtet med hestane: Det gløymer ho aldri. 

Å ta ein kalkulert risiko, som å vere med hest, har eit stort helsepotensiale, fortel Tobba Sudmann. – Du må våge noko for å endre livet ditt. Etterpå kan du fortelje om kor modig du har vore til dei som er redde for hest.

Dei helste på henne, og dei trua henne ikkje. Dessutan gav dei henne god tid til sjølv å bli trygg på dei. Om ho var for utrygg, gjekk hestane litt unna henne. Men om dei såg at ho tolte det, kunne ein av dei komme bort og trøyste, legge hovudet sitt på skuldra hennar.

Det blei ein ny start.

Hest og helse i Noreg

Åse er ei av fleire som skriv i aprilnummeret 2025 av Tidsskrift for psykisk helsearbeid, som for første gong er dedikert i sin heilskap til temaet hest. 

Nummeret er redigert av to forskarar frå Høgskulen på Vestlandet: Tobba Sudmann, ridefysioterapeut og professor i folkehelse, og Hege Almeland Hansen, førsteamanuensis i psykisk helsearbeid.

Tidsskriftet viser med vitskapelege artiklar og essay, kritiske blikk og eigenerfaring kva for kunnskap vi har om bruk av hest i psykisk helsearbeid for vaksne. 

Tobba Sudmann (til venstre) og Hege Almeland Hansen har i snart 15 år jobba på gardar med velferdstenester kring Bergen, der dei har inkludert hest i arbeidet med folk i aktiv rus, kvinner som soner langvarige fengselsdommar og menneske med alvorlege psykiske helseutfordringar.

Mens riding lenge har vore brukt i arbeidet med personar med utviklingshemming eller fysisk funksjonsnedsetting, er bruken av hest innan rusbehandling og psykisk helseteneste relativt nytt i Noreg.

Hesten som ein partnar i behandling

Sudmann og Hansen har i snart 15 år jobba på Inn på tunet-gardar i Bergen. Der har dei inkludert hest i helsefremmande arbeid med folk som slit med rusproblem, kvinner som sit i fengsel og menneske med alvorlege psykiske helseutfordringar.

I løpet av denne tida har dei sett at interessa for å inkludere hest i helse- og sosialfagleg arbeid har auka sterkt. 

I denne måten å jobbe på blir hesten ein partnar for psykologar, psykiatrar, fysioterapeutar og andre som vel å inkludere han i behandlingane sine. 

«Den blå hesten» er eit viktig symbol innan psykisk helsearbeid. I mars 1973 blei ein fire meter høg, lyseblå hest laga av tre og pappmasje brukt som symbol i kampen for fridom og likeverd i psykiatrisk behandling i den italienske byen Trieste. Pasientar og tilsette frå det psykiatriske sjukehuset gjekk i tog saman med kunstnarar og andre for å fremje ein meir human psykiatri.

Dei bruker systematisk erfaringane med hest for å hjelpe pasientane til å lære noko nytt om seg sjølve: om slikt som pust, spenning og smerter, relasjonar, personlege grenser, endring og mot. 

Når hestekunnskap og fagkunnskap blir kombinert, har dei profesjonelle fått nytt innhald i verktøykassa si.

Gammal kunnskap blir ny igjen

– At riding og hest er helsebot for menneske, er ikkje noko nytt. Det finst tre tusen år gamle skrifter som handlar om akkurat dette, seier Sudmann.

– Men vi har gløymt eller oversett kunnskapen om korleis naturen og levande vesen kan hjelpe oss. Vi har stolt på at den moderne og sjukehusbaserte medisinen kunne kurere alt som var vondt og vanskeleg.

I dei gamle psykiatriske sjukehusa, ofte plasserte langt ute på landet, tenkte dei annleis: Lys, luft, tid, plass, samhald og aktivitet – til dømes hagebruk, dyrehald eller gardsaktivitetar – blei framheva som vegen til å få det betre. 

Målet var ikkje nødvendigvis å bli frisk, men å tole å vere deg sjølv, og klare å bere og tole det du måtte. 

Når terapeutar bruker hest i psykisk helsearbeid, legg dei opp til ei kroppsleg tilnærming til endring.

Det var mykje som gjekk gale innanfor fleire av desse institusjonane, sett med notidas blikk, men trua på den helsegivande kontakten med natur og dyr var klok, meiner Sudmann. Dei tenkte på fellesskap og folkehelse først og mindre på diagnosar.

Det er på tide å ta denne tankegangen tilbake. Ikkje minst: kontakten med andre levande vesen. Dei har så mykje å lære oss om livet. Særleg hestar.

Her er ni ting dei er betre på enn oss:

1. Dei forstår seg på sjenerte folk.

Mellom dei som deltek i gardsprosjekta med hest, er menneske som er skadeskotne, mishandla eller har skadd seg sjølve. Sudmann ser at mange av dei har ein ting til felles: Erfaringane deira har gjort dei sjenerte, forsiktige og lukka.

– Når eg ser det, seier eg til dei at hestar liker best menneske som er forsiktige, seier ho.

Endeleg får den sjenerte og forsiktige personen bruke og ha glede av det som elles blir sett på som eit problem.

«Sofie» fortel om kva som gjer ho så roleg og glad i lag med hestane: «Eg treng ikkje å prate, komme med artige kommentarar eller ta på meg ei maske. Det er nok for dei at eg berre er der.»

«Sofie» var ein slik person som strevde mykje med å vere rundt andre menneske. I årevis hadde ho slite med bulimi og måtta jobbe med seg sjølv for å halde augekontakt i kvar einaste samtale ho hadde. 

Nokre dagar var sjølvhatet hennar så sterkt at ho måtte avlyse alle avtaler. Men etter at ho begynte å vere med hestar, har ho alltid klart å møte opp på garden, same kva. 

Auga til dyra er mindre skumle enn auga til menneska, forklarer ho i artikkelen sin i tidsskriftet:

«Dei dagane kor eg kjenner meg som mest skitten, verdilaus og ekkel, og eit dyr likevel ønsker å komme bort til meg for å seie hei, eller for å bli klødd litt bak øyret, gjer det noko med meg og sjølvkjensla mi.»

2. Dei har aldri dårleg tid.

I motsetnaden til den typiske sosialarbeidaren sit hesten ikkje på eit kontor. Du treng ikkje å sitte i kø på eit venterom for å treffe han, og det finst heller inga klokke på veggen som hesten følgjer med på medan de er i lag.

Hesten har alltid god, god tid: til å vere saman, gjere ting i lag, oppdage noko nytt saman, sjå, høyre, lukte, smake, kjenne.

– I samfunnet elles får vi heile tida høyre: Skund deg! Bli ferdig! Vi må gå no! og liknande. Det slepp du i lag med hestane. Faktisk skal du aldri ha dårleg tid i lag med hestar, for det likar dei ikkje, seier Hege Almeland Hansen.

Hesten les deg veldig lett. Viss du er oppkava eller stressa, blir dyret også det. Det vel då vanlegvis å fjerne seg frå deg. 

Ser du kor store øyre hestane har? bruker Sudmann å spørje pasientane sine, og forklarer dei at det betyr dei mislikar høge lydar. – Pasientar som er stille og forsiktige, kan då få nytte av det som andre stader kan bli sett som eit problem.

Slik kan hestane fortelje oss korleis vi har det før vi veit det sjølv. Dei gir oss høve til å roe oss ned. Dette får hestane til fordi dei er gode på å roe ned flokken. Og er vi del av flokken, må vi roe oss ned. Det er tryggast for alle.

– I nærleiken av hestar gjer vi automatisk mykje som er bra for oss sjølve. Vi pustar djupare, peilar oss inn på deira rytme, seier Hansen.

3. Dei er akkurat passe farlege.

Dei menneska som kjem til gards og skal jobbe med hestane, må ta det som innan helse- og sosialfagleg arbeid kallast eit vågesteg. Dei tek eit lite skritt ut i det ukjente og kan ikkje vite kva som ventar dei der. Dette er første steget mot betring, og det krev enormt mot.

Dessutan er hestane farlege dyr.

– Dette er litt av magien: Dei er store, sterke og mystiske. Når du er i lag med dei, utsett du deg frivillig for risiko. Viss du får eit fortruleg forhold til ein hest og lærer deg å stelle, sale opp og ri, har du god grunn til å kjenne deg stolt, seier Sudmann.

– Du må våge noko for å endre noko i livet ditt. Og med hestane kan du øve deg på nye måtar å vera i verda på og nye måtar å presentere deg sjølv på.

Sofie har kjent mykje på akkurat det: «Eg er ikkje lenger berre ho som er sjuk, og som ikkje er i fullt arbeid eller studiar. Eg er ho som er på garden, som er modig. Og det kjennest godt.»

4. Dei gidd berre å vere i lag med deg om du er fullt til stades.

Er du distrahert, bekymra, tapt i dine eigne tankar? Då kan du vere ganske sikker på at hesten sansar det. Han er fininnstilt på skiftande sinnsstemningar. Om du ikkje er fullt ut til stades her og no, fjernar han seg frå deg. 

Slik er hestar: Dei trekker seg unna frå slikt som dei synst er ubehageleg.

Dermed har du ikkje noko val om du vil vere i lag med dei: Du må droppe alt anna og berre vere her og no.

Dette har Sofie fått merke under rideterapien, skriv ho. Lenge har ho vore styrt av tvangsprega gåing, som ein del av spiseforstyrringa hennar. Når ho har gått, har ho ikkje eigentleg vore til stades, men stengt inne i sitt eige hovud. Der inne handlar alt berre om kor mange skritt klokka på armen viser og kor mange timar ho har gått.

Når ho rir, skjer det noko heilt anna:

«Eg trudde livet var øydelagt fordi kroppen min kjendest uuthaldeleg å vere i, men så fekk eg sitte på hesten og sjå enger fylte av smørklokker, snakke om uvesentlege ting og kjenne at hesten klarte å bere kroppen min, som eigentleg kjendest altfor tung til å bli boren.»

Åse, ho som liker å måle hestar, opplever også dette – korleis hestane gang på gang hentar henne tilbake til notida, om vonde minne kjem og forstyrrar henne:

«Saman med hesten kan eg tole minna som kjem. Hesten minner meg på at eg er her, ikkje der. Eg er no, ikkje då.»

5. Dei tek deg med i flokken uansett kven du er.

Ein hest bryr seg ikkje ein døyt om fortida di. Dessutan er det akkurat det same for han om du er professor, uføretrygda eller sit i fengsel. Alt han bryr seg om, er korleis du oppfører deg her og no. Aller helst vil hesten ta deg med i flokken.

– Dyr er akkurat som folk. Dei vil gjerne beskytte flokken sin, samstundes som dei konkurrerer om posisjonen sin i han, seier Sudmann.

Av og til ser ho at dei som kjem til gards, speglar seg i hestane. Det hender dei lærer noko om seg sjølve gjennom det. 

Ein mann som stod og børsta ein hest og småprata med han, humra plutseleg litt og snudde seg mot Sudmann: «No forstår eg korleis kona har det. Ho pratar og pratar med meg dagen lang, men eg svarer jo nesten ikkje!»

For Åse har hesteflokken blitt ein plass der ho kjenner seg heime. Den kjensla er uvand, skriv ho, og det vekkjer ei sorg i henne: at ho først no, så seint i livet, endeleg får oppleve dette.

6. Dei dempar urolege stemningar.

For å vere ein god flokk trengst det mest mogleg ro blant dei som er med. Uro er sløseri med energien og går utover evna til å oppdage farar. Difor er ei roleg stemning den beste måten å unngå fare.

– Å dempe alle tilløp til uro er noko hestane jobbar med heile tida, særleg hoppene, seier Hansen.

– Smatting, blikk, rørsler med leppene eller øyra, måtar å røre seg på: Ved hjelp av slikt justerer og balanserer dei stemninga i flokken.

Menneske som ikkje har nær kunnskap om hest, vil ikkje kunne tolke desse teikna. Men på eit djupare, instinktivt plan kan det hende dei forstår det likevel. Dei aller fleste pustar nemleg jamnare, snakkar snillare, roar seg ned, i lag med hestar, ser Hansen.

7. Dei gir deg plass til å gjere det du vil.

På ein gard, i lag med hestar, blir alle like våte, møkkete, trøytte og leie, same om dei er psykiatrar, pasientar, fysioterapeutar, sosionomar eller hovslagarar.

Det i seg sjølv gir ei kjensle av fridom, har Sofie lagt merke til. Sjølv har ho fått stor sans for det å møkke boksar. 

Gjennom livet har ho hatt mykje sinne mot seg sjølv. Det har ofte leia til sjølvskading. Møkking er veldig mykje betre. Sinnet gir henne ei positiv kraft til å gjennomføre den slitsame oppgåva. Samstundes får ho kjensla av å gjere noko bra i verda.

Å vere i dei store, opne landskapa der hestane ferdast, gir også mykje fridom. Dei som jobbar med hestar, må lære seg å gjere det same som dei: veksle mellom mjuk og fokusert merksemd. Det vil seie: Iblant har du fokus på det som er heilt nær deg, det store dyret. Men så kan du la blikket vandre ut i det fjerne. Då kan merksemda kvile litt og dessutan speide etter farar langt borte.

– Når det er så mykje plass på garden og så mange ulike ting å gjere der, kan ein trekkje seg tilbake utan at det verkar rart. Du kan velje mellom å vere med andre eller for deg sjølv, seier Sudmann. 

8. Dei gir deg styrke til å tole det tunge.

Mange av dei som kjem til behandling, har stengt av kroppen, mista kontakten med han. Kroppen hugsar nemleg det vonde. Det er lagra i stive skuldrar, lute ryggar, spente musklar, magekrampar, nomenheit eller trong pust. Difor er kroppen farleg, og dei vil ha minst mogleg med han å gjere.

Men det er umogleg å vere i lag med hestar utan å kjenne at du faktisk har ein kropp. I lag med dei, rører du på deg, ofte på andre måtar enn før. Dette kan vere ei sterk og overveldande oppleving. 

Sudmann hugsar ein mann som sat høgt oppe på ein stor, svart hest og såg ned på henne. Fjeset hans var fullt av forundring. Så sa han:

– Eg føler faktisk noko.

Nett det same sjokket har Sofie opplevd på hesteryggen. Noko har lausna i henne når ho sat der oppe og kjente rytmen frå gangen til dyret under seg og korleis den rytmen forplanta seg i hennar eigen kropp. Det var nesten skremmande.

«Men sjølv på dei tyngste dagane, så orker hesten meg. Hesten orkar å ha meg nær, å bere alt eg kjem med av tøffe netter og vanskelege dagar. Det er som å bli trøysta, som om hesten fortel meg: Eg veit det har vore drit, men no skal du få kvile litt.»

9. Dei får deg til å rette ryggen og sjå folk inn i auga igjen.

Ein bestemt ting skjer med alle som rir: Dei må rette ryggen sin. I tillegg må dei også sjå utover, på verda framfor dei.

Desse to opplevingane kan verke så enkle og ubetydeleg. Men likevel kan dei bety alt.

Sudmann hugsar så godt ein eldre kar som var med på eit av dei mange gruppetiltaka ho har leia. Då han kom med bussen, var han alltid lut. Han såg ned på bakken, aldri rett mot eit anna menneske. I nokre veker vanka han på garden i lag med fleire andre. Stelte dyra, våga seg etter kvart også opp på hesteryggen.

Ein ettermiddag sat dei alle i ein sirkel og snakka om det dei hadde opplevd den dagen. Då sa ein annan i gruppa til den vanlegvis så lute mannen:

- Sånn har eg aldri sett deg før. Du sit jo heilt rett.

Då sa mannen med sjølvsikker og stolt stemme: Det må eg jo, for det har ho sagt. Og peikte på Sudmann.

Ho la merke til korleis han såg rett inn i auga til mannen som hadde spurt.

Referanse:

Tidsskrift for Psykisk helsearbeid, april 2025. Samandrag av innhald.

Powered by Labrador CMS