Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Før dopingsaka: Therese Johaug vann 30-kilometeren føre Marit Bjørgen i VM i Falun 2015.

– Fleire må ta ansvar for dopinga

– Ein som blir tatt for doping, bør ikkje bli gjort til syndebukk. Skal ein dopinga til livs, må idrettsorganisasjonane ta meir ansvar.

– Toppidretten er tent med å forstå doping og antidoping på ein annan måte enn dei fleste gjer i dag. Det meiner Morten Renslo Sandvik, som har gjort dette til tema for doktorgraden sin.

– Målet mitt har vore å utvikle ein ny tankegang eller filosofi som kan gjere antidopingarbeidet både meir fruktbart og etisk forsvarleg: Kva skjer om vi ikkje ser på antidoping som eit hinder mot juks, men heller som eit verktøy for å fremje solidaritet innan idrettsfellesskapet?

Ein veg vidare

Eit svar er ein filosofi som tek oss bort frå fordømminga av dei som juksar og som heller ber oss lytte til kva dei har å seie.

– Skal ein godta billege orsakingar og ansvarsfråskrivingar som desse utøvarane kjem med?

– Skal vi kome lenger, må vi òg høyre på desse. Forteljingane bak, kvifor dei byrja. For det famnar mykje vidare enn berre å bli best, seier Sandvik. Han meiner ein i dag ser altfor lite på alt rundt topputøvarane, som er den gruppa han har konsentrert seg om.

– Utøvarane sine eigne forteljingar handlar i stor grad om strukturelle faktorar, arbeidsforhold, kontrakttypar og sjølve organiseringa av toppidretten. I avhandlinga argumenterer eg for at ei tilnærming som tar desse skildringane på alvor. Det er mykje meir fruktbart enn berre å tenke jakt, kontroll og straff.

Morten Renslo Sandvik er forskar ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap på NIH.

Tar til orde for ei av-moralisering

Sandvik meiner at den gjengse tilnærminga i antidopingrørsla og store delar av toppidretten er prega av dogmatiske beskrivingar av doping som eit moralsk problem.

– At ansvaret i så stor grad blir lagt til utøvarane og såkalla umoralske val er spegla av eit overdøyvande fokus på å oppdage doping, gjerne bokstaveleg talt i utøvarane.

Sandvik tar til orde for ei «av-moralisering», ein parallell til korleis tilnærming til rusmisbrukarar er i endring i samfunnet: Tenk deg at du vil høyre fordomsfritt, utan å dømme, på dopingtatte, omtrent som ein har byrja å høyre på rusmisbrukarar. Dei går eller held på å gå, frå å vere kriminelle til å vere folk med eit helseproblem, noko som fullstendig endrar korleis ein skal kome problemet til livs.

– Berre utøvarane sjølv kan fortelje kva som eigentleg fekk dei utpå, om vi høyrer på dei. Da kan vi mykje lettare ta problemet ved rota.

Medietrøkk

Johaug-saka er eitt døme på kva som kan skje dersom vi verkeleg lyttar til dopingtatte utøvarar. Etter at ho vart teken, kom det fram ei lang rekke ulike røyster i den norske idrettsoffentlegheita.

Dei sette mellom anna lys på fleire problematiske sider ved antidoping­systemet og måten doping har vorte utvikla som mediefenomen.

– Saka opna eit nytt rom for politisk og etisk refleksjon, mellom anna fekk fleire auga opp for korleis både regelverk og massiv medieomtale kan ramme utøvarar hardt sjølv om dei ikkje har dopa seg med overlegg.

Sykkelsporten har vore hardt belasta med doping.

Må gje utøvarane tryggleik

Likevel er det der utøvarar dopar seg med overlegg ein har mest å hente på å få fram historia bak, meiner Sandvik. I avhandlinga har han mellom anna sett på kva for problemstillingar som har kome fram gjennom forteljingane til landevegssyklistar som dopa seg på 1990- og 2000-talet.

– Ein viktig, underliggjande faktor er at toppidretten er ein ekstremt attraktiv karriereveg som mange vil ofre mykje for å vere ein del av. Men samstundes er det ein særs usikker karriereveg der få lukkast.

Idrettsorganisasjonane, og ikkje berre for syklistar, bør absolutt sjå på korleis dei kan sikre utøvarane på lang sikt, gje dei meir tryggleik, betre rettar og meir innflytelse i ein elles kortsiktig og utrygg bransje.

Eit fellesskap

– Men konkurransedelen av idretten er vel litt vanskeleg å fjerne. Det handlar jo om å vinne?

– Det er heller ikkje meininga. Men ein kan gjere mykje med arbeidsforholda til utøvarane. Sandvik seier det er opp til idrettsorganisasjonane å sørgje for at topputøvarar føler seg som del av eit større idrettsfellesskap enn den næraste kretsen av lagkameratar og trenarar, at deira interesser er tatt vare på gjennom styrka rettar og politisk representasjon.

– Når fleire og fleire utøvarar føler solidaritet overfor idretten sin som ein heilskap, trur eg det er gode moglegheiter for at dei djupare strukturane som eigentleg skapar mykje av dopingproblemet forvitrar.

Ein lang rad utøvarar har vorte tekne for doping opp gjennom åra.

Mindre tvil, betre tillit

– Men kva med tilliten, både frå folk flest og andre utøvarar? Han reddar ein ikkje berre med historier og fagre ord?

– Der har eg ikkje noko godt svar. Tvilen kan bli hengande ved. Men det gjer han også i dag, poengterer han. Eit døme er når syklistar som gjer det bra i Tour de France blir sjikanert. Dei får dopingskuldingar slengt etter seg frå publikum langs vegen, sjølv om dei berre har testa negativt på aldri så mange dopingprøvar.

– Om ein av-moraliserar dopinga, trur eg doping vil hengje mindre ved ein enn i dag. Tvilen vil i det minste ikkje ha dei same negative konsekvensane som det han har nå.

– Men får vi bukt med dopinga om vi berre gjer som du foreslår?

– Dette arbeidet er komplekst. Eg trur ikkje på nokon revolusjon, men eg er overtydd om at vi kjem lenger om vi òg lyttar til dei som står nærast nettopp dopinga.

Russisk doping – ei vanskeleg sak

Eit vanskeleg eksempel er russisk doping. Etter OL i Sotsji kom det fram at Russland hadde drive systematisk doping blant landets idrettsutøvarar.

– Korleis skal de internasjonale idrettsorganisasjonane kunne førebyggje liknande hendingar framover utan historiene frå utøvarane? Dei ville fått fram mykje meir om kva som ligg bak, seier Morten Renslo Sandvik og legg til:

– Eksempelet er komplekst for her står det ikkje berre på vilja til å lytte, men og berre det å få fram forteljingane frå utøvarane. Svært få russiske utøvarar vil snakke. Det er eit problem, for slik innsikt kunne få fram faktiske sosiale og strukturelle sider ved russisk idrett.

– Og det kunne gje idrettsorganisasjonane et mykje betre grunnlag for handtere eit elles kanskje varig dopingproblem.

Morten Renslo Sandvik disputerer for doktorgraden på NIH 12. juni 2020.

Referanse:

Morten Renslo Sandvik: Anti-doping as solidarity A philosophical inquiry into anti-doping in elite sport. Doktoravhandling fra NIH, 2020.

Powered by Labrador CMS