Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Får vi svenske tilstandar på norske fotballtribunar?

Svensk fotball har utfordringar med valdshendingar både på og utanfor fotballtribunen. Men svenske tilstandar i norsk fotball kan likevel vere positivt, meiner forskar.

Det er stadig høgare lydnivå og betre stemning på norske fotballarenaer, meiner både forskar og supportarane sjølv. Her frå vestlandsoppgjeret mellom Viking og Brann tidlegare i år.
Publisert

Svensk supporterkultur har i mange år vore sterkare enn den norske. 

Store lokaloppgjer både i og mellom storbyane Stockholm og Göteborg har gitt rivalisering både på godt og vondt.

– Sverige har ein levande supporterkultur. Det er utruleg trykk på tribunene og mange europeiske supporterar reiser til Sverige for å oppleve svensk supporterkultur. Men så har dei også ein del utfordringar så klart, seier idrettssosiolog og rektor ved Norges idrettshøgskole, Aage Radmann.

Noreg ligg fleire år bak Sverige

Aage Radmann blei i fjor rektor ved Noregs idrettshøgskole. Tidlegare har han i mange år forska på supporterkultur som professor ved Malmö universitet.

Han har budd i Malmö i over 30 år og fylgd svensk fotball og supporterkultur tett som forskar.

Dei siste åra har svensk fotball opplevd fleire alvorlege valdsepisodar både på og utanfor tribunen.

I fjor tok ein supporter seg inn på banen og gjekk til angrep på Öster-spelar Sebastian Hedlund. I april i år blei det slagsmål både på og utanfor banen i toppkampen mellom Malmö og Djurgården.

Radmann trur norsk supporterkultur ligg nokre år bak Sverige både når det kjem til publikumsinteresse rundt kampane og valdsproblematikk. 

Podcast: Slåssing, lidenskap og makt: Hva skjer med supporterkulturen i norsk fotball?

I denne episoden av NIH-podden dykkar vi ned i utviklinga av supporterkultur i Noreg.

Saman med idrettssosiolog og NIH-rektor Aage Radmann og tidlegare leiar i Norsk Supporterallianse, Anders Kjellevold, diskuterer vi skilnadene mellom norsk og svensk fotballkultur, kva som ligg bak hooliganisme og tribunekonfliktar.

Programleiarar er forskar Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø, innhaldsprodusent. Redigerar er Preben Sævartveit Henningsen.

Lenke til episoden finn du nedst i denne artikkelen.

Fotballtribunar er ein spegel på øvrig samfunnsutvikling

Men også her til lands har det vore fleire tilfelle av vald rundt norske eliteseriekampar dei siste åra.

– Eg trur ein skal sjå på fotballtribunar som ein spegel på øvrig samfunnsutvikling. Vi har høyrt at det har blitt meir slåssing blant unge menn. I skulegardar, på festar og det speglar seg også på tribunen, seier Radmann.

Han fylgjer svært interessert med på korleis både svensk og norsk fotball handterer valden som oppstår.

– Det eg er oppteken av som forskar er balansen mellom sikkerheit og tillit. I dagens samfunnsutvikling ser vi at det blir satsa meir og meir på sikkerheitstiltak. Kva gjer det med tilliten mellom oss menneske? spør professoren.

Stadig fleire yngre supportarar

I NIH-podden er han gjest saman med Anders Kjellevold. Brann-supportaren har fram til i år vore leiar av Norsk Supporterallianse.

Han meiner det har skjedd ei stor positiv utvikling på norske fotballtribunar dei siste åra, og meiner vi er i ferd med å nærme oss Sverige med meir trykk på tribunen og spektakulære TIFO-show.

TIFO-show

Tifo er ei forenkling av det italienske ordet tifosi, som tyder supporter. Med tifo meiner ein tribunearrangement utførte av supporterar.

Tifo kan kome i form av store og små banner, flagg, plakatar, kasterullar eller liknande, og blir i hovudsak arrangerte ved spelarane sin entré før kamp.

Kjelde: Wikipedia

Valdshendingane som får mykje merksemd i nyheitene er ikkje representativt for det som skjer rundt i norske supportermiljø, meiner han.

– Dei enkelthendingane vi les om i nyheitene er langt frå vanleg. Det er trygt å gå på fotballkamp i Noreg. Fotballkulturen har endra seg til det betre dei siste åra, nå er det mykje meir slik at ein skal vere ein aktiv bidragsytar til det som føregår på banen, meiner Kjellevold.

Syngande supporterar gjer at stemninga betre

Både han og Radmann trekk fram at det har blitt fleire på kamp i Norge dei siste åra og det er fleire organiserte og syngande supporterar, som gjer at stemninga har blitt betre.

Radmann som i mange år har forska på supporterkultur både ved Malmö universitet og Norges idrettshøgskole ser den same trenden.

– Vi ser også at det er langt fleire unge aktive fotballsupportarar nå enn det var for ti år sidan.

Samtidig som andre fotballforskarar fortel om ei utvikling der unge berre ser korte klipp på sosiale medium og ikkje heile fotballkampar.

– Overordna sett er det nok fleire unge som fylgjer fotball på den måten. Men det verkar å skje begge delar. Det er også stadig fleire som går for å oppleve fotball live på tribunen.

Brann-supporter Anders Kjellevold var inntil nyleg styreleiar for Norsk Supporterallianse. I NIH-podden diskuterte han mellom anna kor mykje meir engasjerte supportarane er også i det som skjer rundt fotballen utanfor banen.

Fotballfolk sakna stadionopplevinga mest under korona

Han ser også ein tendens til at fotballfolk kjenner at den internasjonale superkommersielle fotballen blir fjernare, medan den lokale fotballen kjem nærare.

Det kan vere ei av årsakene til at norsk fotball får ein positiv vekst der fleire søkjer seg til stadion for autentiske opplevingar.

Under og etter korona intervjua forskaren supportarar om kva dei hadde sakna mest.

– Det var jo stadionoppleving dei hadde sakna. Ein pratar om topofili, kjærleiken til ein stad, og det kom veldig tydeleg fram at ein fotballstadion er ein slik stad for mange. Mange hadde sakna fotballarenaen som ein stad å vere for å dele fellesskapet og engasjementet for klubben sin, fortel Radmann.

Fotballarenaen: Ein positiv stad for unge

Sjølv om det er planlagte masseslagsmål og ultras som får mest merksemd i media, meiner begge at ein fotballtribune kan vere eit godt miljø for unge som har havna utanfor å kome inn i.

– Tribunen er ein av dei få stadane i samfunnet der absolutt alle er velkomne. Kriteriet er at du heiar på laget, og fylgjer dei normene som er på tribunen. Eg vil seie at det er ein veldig bra stad for unge. Det er ein stad du kan engasjere deg. Du blir akseptert og det er mykje å bidra med viss du vil vere aktiv, seier Kjellevold.

Han nemner TIFO-arbeid som eit godt eksempel.

Miljøet er ein inkluderande og mangfaldig arena for både unge og eldre med forskjellig bakgrunn og ulike livsvilkår, meiner også supporterforskaren.

Han viser også til studiar som seier at færre unge har tru på tradisjonell politikk, men at dei ynskjer å engasjere seg i noko dei kan påverke direkte, slik som sin eigen fotballklubb.

– Supporterkulturen ein veldig god skule i demokratisering 

– Der er supporterkulturen eit tydeleg eksempel der ein lærer seg foreiningsdemokrati. Ein lagar TIFO saman, så viss du ser slik på det er supporterkulturen ein veldig god skule i demokratisering og medbestemming, meiner NIH-rektoren.

Likevel er det ikkje mogleg å sjå bort i frå hendingane der supportarar trakkar over grensa anten det er vald eller hatefulle ytringar. Tek supportergruppene dette på alvor?

– Ja, her er det ganske sterk indre justis. Det har vi mange gode eksempel på dei siste åra heldigvis, seier Kjellevold.

– Frå Sverige ser vi at supporterklubbane sjølve må vere ein del av løysinga om ein skal løyse problema. For sjølv om det meste med fotballkulturen i Sverige er positivt, så har ein også ein del utfordringar, legg professor Aage Radmann til.

Referansar:

Aage Radmann og  Sara Karlén: Spectators longing for live action - a study of Covid 19´s impact on (football) supporters in Sweden. Sport in society, 2022. Doi.org/10.1080/17430437.2022.2031003

Sara Karlén og Aage Radmann: Swedish supporter culture – restrictions, conflicts, resistance. Soccer & Society, 2023. Doi.org/10.1080/14660970.2023.2179198

Høyr heile episoden i lenka under:

Powered by Labrador CMS