Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Bestanden er på veg opp: Her samlar dei gravide haiane seg langs norskekysten
Pigghåen var nesten fiska bort frå norskekysten. Forskarar har funne område der gravide haiar samlar seg kvar haust.
Gravide pigghåar og kjønnsmodne hannar samlar seg særleg utanfor Jærkysten og mellom Måløy og Molde, viser ny forsking frå Havforskingsinstituttet.(Foto: Ingrid Marie Bruvold / Havforskingsinstituttet)
Havforskarane har funne samlingspunkt for pigghå langs norskekysten:
– Vi har identifisert område som er dominerte av gravide pigghå-hoer og reproduserande hannar, kvar haust år etter år, seier havforskar Aurélien Delaval.
Dei fruktbare haiane ser ut til å trivst særleg godt på grunna utanfor Jærkysten, og på strekka mellom Måløy og Molde.
– Dette kan vere hotspots for pigghå-rekruttering.
Pigghåen (Squalus acanthias) har fått namnet sitt frå dei to piggane framfor ryggfinnane. Forskarane kan finne ut kor gammal haien er ved å telje lag i piggane.(Foto: Erling Svensen)
Om pigghå
Latinsk namn: Squalus acanthias
Andre norske namn: Hå, Blankhå
Familie: Squalidae
Maks størrelse: 123 cm
Levetid: 25 år
Leveområde: Global utbreiing i tempererte område på både nordleg og sørleg halvkule
Hovudgyteområde: Uavklart
Gytetidspunkt: Ungane vert fødde levande året rundt, men truleg med ein topp om vinteren.
Føde: Som ungfisk et pigghå stort sett dyreplankton, inkludert geéleplankton. Som vaksen et han mellom anna sild, torskefisk, blekksprut og krepsdyr.
Særtrekk: Har ein svakt giftig pigg framfor kvar av dei to ryggfinnane. Desse kan verte benytta til å anslå fisken sin alder. Då tel ein tal kantar av emaljelag, som vert lagde til årleg.
Ting tek tid
Frå 1960-talet og framover vart pigghå-bestanden i norske farvatn gradvis fiska ned. Før årtusenskiftet var bestanden redusert til omtrent 20 prosent av nivået frå etter andre verdskrig.
Historisk har haien vore ei verdifull eksportvare. Han var ettertrakta både for fiskekjøt, leverolje og for huda, og han har såleis vore ein viktig fiskeriressurs for kystbefolkinga.
På same tid er pigghåen sårbar for overutnytting – han veks sakte, vert kjønnsmoden seint og er gravid i opptil to år før nye kull kjem til.
– Men etter fleire år med strenge reguleringar er bestanden no i ferd med å byggje seg oppatt, seier Delaval.
Pigghå har også tendens til å samle seg i større stimar, noko som óg kan skape utfordringar når dei vert tekne som bifangst.(Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet)
Unikt målretta pigghåtokt
Dei nye funna stammar frå data samla i det årlege pigghåtoktet som Havforskingsinstituttet (HI) har gjennomført i samarbeid med Måløy vidaregåande skule kvar haust, dei siste fem åra.
Toktet har dekka den sørvestlege kysten av Noreg, frå Rørvik i Trøndelag til svenskegrensa.
– Toktet er unikt i kor målretta det har vore mot pigghå, seier Delaval.
Overvaking av arten har ofte føregått som ein «biverknad» av overvaking av andre kommersielle artar, der pigghå vert teken som bifangst i trål.
– Vi har brukt linebåt. Difor har vi også fått tilgang til dei grunne, steinete delane av kysten og fjordområda som er utilgjengelege for tråling, men som er biologisk viktige.
Forskarane fangsta pigghå i alle aldrar og storleikar på pigghåtokt. Piggen framfor kvar av dei to ryggfinnene avslører kor gammal haien er. Forskarane kan telje kantar av emaljelag, som årringar på eit tre.(Foto: Ingrid Marie Bruvold / Havforskingsinstituttet)
Unge, gamle, hoer og hannar
Annonse
Pigghå-fangstane på tokt var mangfaldige.
Alle livsstadium for begge kjønn kom med lina – både umodne, så vel som reproduserande vaksne haiar, frå heile toktområdet.
Den største pigghåen strekte seg til 118 centimeter, medan den minste målte knappe 38 centimeter. Nyfødde pigghåar er for små til å verte fangsta med line.
– Resultata stadfester at pigghå i alle aldrar og livsfasar held seg langs norskekysten om hausten. Området ser ut til å ha ei viktig rolle for populasjonen året rundt, seier Delaval.
Til sjøs registrerte forskarane biologiske data om lengde, vekt, kjønn, modningsstadium og tal ungar for kvar pigghå i fangsten, i tillegg til å samle vevsprøver og ei piggprøve.
Piggane fortel kor gammal haien er
Pigghåen har ein svakt giftig pigg framfor kvar av dei to ryggfinnane sine – derav namnet pigghå.
Desse piggane fortel kor gammal haien er. Havforskarane tel kor mange emaljelag ein pigg er sett saman av – på same vis som ein tel årringar i eit tre.
– Til saman dannar desse biologiske prøvene eit fersk datagrunnlag for pigghå i norske farvatn, seier havforskaren.
– Datagrunnlaget rommar både før, under og etter gjenopninga av fiskeriet og dekkjer ein region som er produktiv for pigghåbestanden.
Med ny kunnskap om korleis dagens bestand er sett saman og nye innsikter i livshistoria og vanane til pigghå, ligg grunnen klar for ei langsiktig overvaking av haien.
Til venstre: Maskinist Tommy Haugen, styrmann Freddy Silden og skipper Silje Edvardsen frå MS «Skulebas».(Foto: Ingrid Marie Bruvold / HI)
Samarbeid med Måløy vidaregåande skule:
Mellom 2021 og 2025 samarbeidde Havforskingsinstituttet med Måløy vidaregåande skule om linetokt for å fangste pigghå.
Elevar ved «Fiske og fangst» og havforskarar var saman på tokt med opplæringsfartøyet MS «Skulebas».
Målet med toktet var å vurdere fordeling og korleis storleiken, tettleiken, samansetjinga og utbreiinga til pigghå i norske farvatn endrar seg over tid.
– Toktet er ei suksesshistorie, og Måløy VGS og deira elevar har vore ein entusiastisk og solid samarbeidspartnar, seier forskar Aurélien Delaval.
Den nye studien har brukt dei biologiske dataa samla inn i løpet av dei fem åra med linetokt til å evaluere fordeling og livshistorie-trekk til pigghå langs norskekysten frå september til november.
Forskarane skildrar den romleg-temporale distribusjonen av alder, kjønn og modningsstadium, identifiserer område som er biologisk viktige, og skildrar ei oppdatert livshistorie for den norske delen av bestanden.
Studien gir viktig grunnleggjande kunnskap av dei lokale pigghåbestandane sin dynamikk. Det bidreg til den langsiktige innsatsen for ei berekraftig forvalting av ein spreidd, tidlegare overutnytta bestand, som no er i ferd med å kome seg att.