DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Norske forskarar har utvikla nye metodar for å undersøke giftige kjemiske stoff
Kva er risikoen ved kjemiske stoff? Det vil forskarane få meir kunnskap om.
I eit stort europeisk program (PARC) skal forskarar utvikle og innføre nye verktøy og metodar for risikovurdering av kjemikaliar. Også norske forskarar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) deltek.
Målet er å verne menneske si helse og miljøet. I tillegg ynskjer dei å redusere og erstatte dyreforsøk.
Omtrent 200 institusjonar i 29 land er partnarar i programmet, saman med dei europeiske regulatoriske styresmaktene: European Chemicals Agency (ECHA), European Food Safety Authority (EFSA) og European Environmental Agency (EEA).
For dei norske forskarane har det vore viktig å framheve ulike eksponeringar i arbeidsmiljøet og arbeidstakarar si helse i programmet.
STAMIs rolle i det europeiske samarbeidet
Forskarar jobbar blant anna med å skape ny kunnskap og utvikle nye metodar som skal liggje til grunn for dei nye formene for risikovurdering.
Dei har til dømes utvikla det dei kallar cellekulturbaserte metodar. Dei skal gi nødvendig kunnskap om giftige eigenskapane til kjemikaliar. Det skal ein bruke i risikovurdering.
I slike metodar tek ein celler frå levande vev som blir dyrka under kontrollerte forhold i laboratoriet. Dette gir forskarane eit høve til å teste effekten av giftige substansar i menneske- og dyrevev.
Nyleg har ei prosjektgruppe på STAMI bidrege med kunnskapen sin om arbeidsrelatert eksponering og helse.
Studerer soppgifter
Eit område handlar om kunnskapen vi har i dag og dei kunnskapshola som vi må tette om dei naturlege giftstoffa frå Alternaria-soppane. Alternaria er ein hardfør muggsoppfamilie som veks på mange ulike råmateriale og matavlingar.
Funna vil bidra til å betre det eksisterande kunnskapsgrunnlaget på soppgifter frå soppen.
– Forskarar frå STAMI bidreg med kunnskapen sin om arbeidsrelatert eksponering til naturlege toksin og moglege effektar på helsa til arbeidstakarar. Det fortel Anne Straumfors, forskar på STAMI. Ho har vore bidragsytar i studien.
Nye metodar for risikovurdering
Vidare har dei norske forskarane vore med i ein studie om dei nye metodane for å kartleggje såkalla immunomodulerande eigenskapar av kjemikaliar generelt.
– Desse eigenskapane er evna eit stoff har til å påverke immunsystemet negativt eller positivt, forklarer Solveig Krapf. Ho er forskar på STAMI og jobbar med oppgåver knytt til PARC.
Funna vil gjere oss i stand til betre å forstå grunnlaget for risikovurdering og utforming av grenseverdiar for eksponering.
Forskarane ved STAMI skal teste fleire nye metodar spesifikt for å auke kunnskapen om kva konsekvensar det kan ha å bli eksponert for naturlege toksin i arbeidet.
Referansar:
Henriqueta Louro, Anne Straumfors mfl.: Hazard characterization of Alternaria toxins to identify data gaps and improve risk assessment for human health. Archives of Toxicology, 2023. Doi.org/10.1007/s00204-023-03636-8
Igor Snapkov, Anne Straumfors mfl.: New approach methodologies to enhance human health risk assessment of immunotoxic properties of chemicals — a PARC (Partnership for the Assessment of Risk from Chemicals) project. Frontiers in Toxicology, 2024. Doi.org/10.3389/ftox.2024.1339104
Les også disse sakene fra STAMI
-
Bygg og anlegg: Hvordan forebygge arbeidsulykker og dødsfall i en utsatt næring
-
Slik kan arbeidsgivarar redusere sjukefråværet blant gravide
-
Kulde kan påvirke de indre klokkene i kroppens celler
-
Hjemmestjenesten: Hvordan påvirker Arbeidstilsynets virkemidler arbeidsmiljø og helse?
-
Hørselstap gir høyere risiko for å falle ut av arbeidslivet. Men noe har endret seg
-
Slik kan ledere beskytte sine ansatte mot emosjonelle belastninger i jobben
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER