Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Ny forsking: Generasjon Z betaler sin skatt med glede
Velferdsstaten står sterkt hos unge, ifølge ny studie.
– Mange av dagens unge stiller høge krav. Dei vil ha ein god balanse mellom jobb og fritid, og dei vil ha makt over sine eige liv. Men dei viser samtidig ei sterk støtte til velferdsstaten, seier Guro Ødegård.(Foto: Colourbox)
Generasjon
Z, generasjonen som vart fødd på slutten av 1990-talet og fram til tidleg
2010-tal, har blitt kritisert for å vere krevjande å leie og ha dårleg
arbeidsmoral, ifølgje
ein NHO-studie frå januar 2025.
Ei gruppe forskarar ønskte derfor å undersøke om det var grunn til uro for velferdsstaten si framtid.
– Generasjon Z skal både finansiere velferdsordningane og dekke det store behovet for arbeidskraft i åra framover, seier Guro Ødegård, forskar og instituttdirektør på Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet.
– Det vi fann i våre undersøkingar, tydar på at velferdsstaten står trygt, seier Ødegård, forskar og instituttdirektør på Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet.(Foto: StudioVest / OsloMet)
Om dei klarer det, i ei tid med eldrebølgje og synkande fødselstal, vil tida vise.
– Men det vi fann i våre undersøkingar, tydar på at velferdsstaten står trygt, seier Ødegård.
Ein
generasjon som stiller krav
Ødegård og kollegaaene Tale Hellevik og Anne Skevik
Grødem analyserte data frå spørjeundersøkinga Norsk Monitor i tillegg til at
dei samla studiar om velferdsstat, ungdom og arbeidsliv. Resultata vart
presenterte på Arendalsuka i august 2025.
– Alle ungdomsgenerasjonar blir påverka av tida dei
veks opp i. Generasjon Z er den første heildigitale generasjonen. Dei er fødde
med internett i lomma, seier Ødegård.
Dette påverkar dei på mange måtar, mellom anna kan
det vere med å forme forventningane deira til eit fleksibelt arbeidsliv, trur
ho.
– Dagens unge stiller høge krav til balanse mellom
jobb og fritid. Dei ønskjer individfokusert leiarskap, og sjølvstende
appellerer meir til dei enn det gjer til eldre generasjonar.
Ho viser til ein studie av Sean Lyons og Lisa Kuron i
2013 som fann nettopp dette, resultat Ødegård meiner framleis gjeld.
Solidaritet
og skattevilje
Velferdsstaten ser likevel ut til å ha ein solid
oppslutnad. For eksempel har unge ein sterk solidaritet med eldre, ifølgje forskarane
sine analysar.
– Dei fleste unge meiner at det er ei viktig
samfunnspolitisk oppgåve å styrke eldreomsorga. Faktisk har unge mykje sterkare
generasjonssolidaritet med eldre enn kva eldre har med for eksempel
barnefamiliar, seier Ødegård.
I Norsk Monitor vart respondentane også spurte om det
er nødvendig med eit høgt skattenivå for å oppretthalde viktige offentlege
verksemder.
– Vi ser at generasjon Z er minst like villig til å
betale skatt som eldre generasjonar. Sidan tusenårsskiftet har skatteviljen
auka mest blant dei yngste, seier forskaren.
Fleire
unge er uføre
Ødegård påpeikar at enkelte utviklingstrekk likevel
kan gje grunn til bekymring. Til dømes viser tal frå NAV at delen unge som
mottar uføretrygd har auka det siste tiåret, særleg i aldersgruppa 25-29 år.
Annonse
– Det er ikkje alle som kan delta i
arbeidslivet, men av unge uføre i dag har nesten sju av ti psykiske lidingar
eller åtferdsforstyrringar som hovuddiagnose, seier ho.
Her veit ein ikkje nok om årsakene, men generasjon Z er
ein bekymra generasjon: Kvar fjerde ungdom svarte i 2021 at dei ofte var
bekymra for framtida, ifølgje Ødegård og kollegaene sine analysar.
Smarttelefonar
og urolege tider
– Framtidsbekymringa blant unge har auka veldig det
siste tiåret, men ikkje for dei over 40. Dette er globale tendensar: Unge har
blitt meir bekymra etter 2010, seier ho.
Ho trekkjer fram sosialpsykologen Jonathan Haidt, som
legg mykje av skulda på digitaliseringa av barndomen.
Ifølgje Haidt er det
ikkje smarttelefonar eller sosiale media som i seg sjølv er årsaka, men
funksjonar som «liker», «del» og «retweet» som blei introduserte i 2010 saman
med frontkamera på telefonen.
– Smarttelefonen kan ha noko av skulda, men vi skal
heller ikkje sjå bort frå at dagens unge veks opp i ei politisk uroleg tid med
fleire krigar, eskalerande klimakrise, global pandemi og usikre økonomiske
tider. Alt dette kan skape ei uro for det ansvaret som følgjer med å bli
vaksen, seier Ødegård.
Meiner
at arbeidsgjevarar må tilpasse seg
I arbeidslivet er det ifølgje Ødegård lite å hente på
å prøve å få dagens unge til å innordne seg hierarkiske maktstrukturar. Dei har
gått gjennom eit skuleløp som verdset medverknad, kritisk tenking og ansvar for
eiga læring, poengterer ho.
– Då vil eg heller snu spegelen: Dagens unge har ein
unik evne til å tilpasse seg og utnytte digitale verktøy. Dette er kompetanse
framtidas arbeidsliv treng. Dei arbeidsgjevarane som klarer å tilpasse seg
krava deira, vinn kampen om dei. Her gjeld det å skape gode arbeidsplassar der
individ blir sett og får brukt kompetansen sin.
Men kanskje må ein også gje unge ein forsiktig dytt i
retning av jobbar som vil vere viktige for Noreg framover, foreslår ho.
– Med ei aukande eldrebølgje, skrik det norske
samfunnet etter arbeidarar som kan vere med å oppretthalde velferdsstaten. Då
kan ikkje alle bli influensarar, seier Guro Ødegård.