Mange nordmenn vil om kort tid ha blikket retta mot fotball-VM i USA, Canada og Mexico.
Der deltar dei norske fotballherrane i eit meisterskap for første gong på 26 år.
Landslagssjef Ståle Solbakken og støtteapparatet hans vil bli sett på si hittil største prøve dei komande vekene.
Ein av nøkkelfaktorane for om meisterskapet blir ein suksess, vil vere vanskeleg å oppfatte gjennom TV-skjermen.
Sju tidlegare norske landslagsspelarar deltok
Ein ny studie leia av professor Rune Høigaard ved Universitetet i Agder framhevar kor viktig det er med samhald på landslaget.
Forskarane kallar det kohesjon. Ordet rommar både kjensle og funksjon. Frå vennskap og trivsel, til roller og samarbeid mot eit felles mål.
Studien er basert på intervju med sju tidlegare norske landslagsspelarar i fotball og handball.
Tre sentrale grunnpilarar
Spelarane trekker fram nokre grunnpilarar som skaper og kjenneteiknar godt samhald.
Tre av desse er:
• Struktur
– Spesielt dette med prestisje er ein av detaljane fleire av spelarane trekte fram som spesielt for landslaget. Den stoltheita er noko attraktivt som vil styrkje vi-følelsen, seier Rune Høigaard.(Foto: Privat)
• Tilhøyrsel
• Tryggleik
– Studien bekreftar mykje av det vi veit om betydninga av samhald frå før, men det har vore spennande å utforske landslagsperspektivet med sine særeigenheiter nærmare. Spelarane får fram nokre interessante nyansar, seier Høigaard.
God struktur skaper ei føreseieleg handtering av stress
La oss sjå nærmare på dei enkelte kategoriane.
God struktur inneber eit lag der spelarar og støtteapparat kjenner rolla si og veit kva som er forventa av den enkelte – både på og utanfor banen.
Annonse
Den er også prega av reglar som skaper ei føreseieleg handtering av dagar som ofte inneheld mykje press.
Det kan vere reglar for møte, måltid, sponsoroppdrag eller mediehandtering.
Eit inkluderande miljø er veldig viktig
Sterke relasjonar kan bli utvikla på kort tid.
I lagidrett kan det gå månader mellom kvar gong spelarane er samla på landslaget, ettersom kvardagen deira er i klubbane.
Kjenneteiknet på eit godt samhald er at gruppa likevel klarer å skape ei kjensle av fellesskap.
«Eg følte meg som ein del av gjengen frå første sekund, sjølv om eg var yngst og eit ubeskrive blad. Eit inkluderande miljø er veldig viktig for at alle skal føle seg som ein del av laget, at vi blir ei eining», blir ei av kjeldene i studien sitert på.
I slike miljø oppstår varige vennskap raskt. Humor, intern sjargong og ein sterk felles identitet forsterkar vi-kjensla.
Alle gjer sitt beste for gruppa
Punkta over bidrar også til den viktige tryggleiken og tilliten som gjer at kvar spelar tør å vere seg sjølve og ikkje blir redde for å gjere feil.
Skal du prestere i situasjonar som fører med seg enorme forventningar, hjelper tillit.
Du må vite at du ikkje blir peikt ut som syndebukk etter eit tap. Alle gjer sitt beste for gruppa.
Annonse
Ein siste faktor, som fotballherrane truleg vil merke særs godt i sommar, har merkelappen «prestisje».
Den statusen og stoltheita som følgjer av å vere del av eit meisterskap for Noreg, er noko eige.
Prestisje er spesielt for landslaget
«Når du kjem inn på landslaget, får du automatisk høgare stjerne og status på klubblaget og i lokalsamfunnet. Det byggjer status og omdøme», seier ei av kjeldene i studien.
Det å ta del i ei hending som betyr så mykje for så mange, har ei samlande kraft.
– Spesielt dette med prestisje er ein av detaljane fleire av spelarane trekte fram som spesielt for landslaget. Den stoltheita er noko attraktivt som vil styrkje vi-følelsen, fortel Høigaard.
Studien er den første i ei rekke av fleire prosjekt som blant anna skal ta for seg landslagstrenarar og landslag der idretten i all hovudsak er individuell.
Forskarar kan bidra med å gi noko tilbake
Resultata av studien har også blitt ein del av den nye boka «Toppidrett i Skandinavia».
Som eitt av 19 kapittel bidreg Høigaard til å belysa ulike perspektiv på det som utgjer velfungerande toppidrettsmiljø i Skandinavia. Boka er open tilgjengeleg for alle.
– I Skandinavia har vi ein sterk, eg vil seie unik, delingskultur. Det er lange tradisjonar for godt samarbeid mellom forskingsmiljøa og praksisfeltet. Når vi får tilgang til ein toppidrett som vi veit held eit så høgt internasjonalt nivå, håper eg vi som forskarar kan bidra med å gi noko tilbake, seier Høigaard.