Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Kysttorsken slit med varme somrar
Varmare somrar gjer det stadig vanskelegare for torskeyngelen langs Skagerrakkysten å overleve.
Torsken er klemt mellom varmare hav og hardt fiskepress. Det gir lite rom for at bestanden kan ta seg opp att.(Foto: Espen Bierud / Havforskningsinstituttet)
Akkurat no svømmer det bitte små torskeynglar langs Skagerrakkysten. Dei er opp mot fem centimeter lange, lever på grunt vatn og har få stader å gøyme seg om sommaren blir varm.
Forskar Marte Sodeland ved Institutt for naturvitskaplege fag på Universitetet i Agder (UiA) er bekymra.
– Det var låg overleving for torsken i fjor. Og no ser det ut til å bli endå eit varmt år. Det er dårleg nytt for fleire viktige artar i Skagerrak, seier ho.
Sodeland forskar på arvematerialet til fisk og andre artar langs kysten. Mellom anna prøver å ho forstå kor robuste artane er i møte med klimaendringar og korleis dei blir påverka av oss menneske.
Marte Sodeland er evolusjonsgenetikar og forskar på arvematerialet til fisk og andre artar langs kysten.(Foto: UiA)
Ho blir bekymra når sesongvarselet frå Meteorologisk institutt slår fast at det er 70 prosents sjanse for ein varmare sommar enn normalt på Østlandet og i Agder.
– Torsken gyter frå januar til april. Etter at egga klekka, har dei unge småfiskane no funne seg ein stad på botnen tett på land. Kysttorsken lever sin første sommar på grunt vann. Dessverre blir dette vatnet varma for mykje opp om sommaren, seier ho.
Sodeland forklarar at torskeungane begynner å slite når temperaturen blir liggande over 18 grader.
– Langs Skagerrakkysten går overflatetemperaturen jamleg over dette no, seier ho.
To typar torsk med ulike skjebnar
Det finst to typar torsk langs Skagerrakkysten.
Fjordtorsken, også kalla kysttorsken, er den stadeigne, stasjonære torsken som blir her heile livet. Nordsjøtorsken vandrar lengre ute i det opne havet.
Fjordtorsken er den fisken fritidsfiskarar i all hovudsak fangar langs kysten og i fjordane.
– Gjennom sin første sommar fungerer både nordsjøtorsken og fjordtorsken best i vatn på omkring 16 grader. Når sommartemperaturane blir liggande over dette får dei problem, seier Sodeland.
Ein fersk rapport frå Havforskingsinstituttet dokumenterer ein dramatisk nedgang av bestanden langs heile Skagerrakkysten.
Frå 2006 til 2024 fall mengda torsk med 75–80 prosent.
I austre Skagerrak, frå Oslofjorden og ned mot Agder, har nedgangen gått føre seg sidan 1990-talet og er no på eit ekstremt lågt nivå.
Situasjonen spreier seg vestover
Tilstanden er verst frå Oslofjorden og ned langs kysten. Men forskarane beskriv eit tydeleg mønster.
Annonse
– Det vi ser, er at Skagerrakkysten frå Oslofjorden til Lindesnes er i dårlegare forfatning enn strekninga frå Lindesnes og vestover. Verst er det i øst, men problemet spreier seg meir og meir sørover langs Skagerrak, seier ho.
Varme somrar gjer det vanskelegare å snu trenden. Og ifølge Sodeland kan dei neste åra bli kritiske. Prognosane tyder på at 2027 også kan bli eit varmt år.
– Når vi får tre slike ekstremår på rad, og vi veit at torsken ikkje blir særleg gammal fordi vi fiskar han opp, så er det alvorleg, seier ho.
Eit sårbart genpool
Sodeland er evolusjonsgenetikar, og ser nedgangen særleg frå det perspektivet.
Ifølge ho treng torsken eit stort og variert genpool for å tole eit skiftande klima. Det vil seie at det må vere mange torsk. Det sikrar eit rikt og variert genmateriale. Nokre individ overlever kalde år, mens andre overlever varme.
– Jo større mangfald, jo meir robust blir bestanden av fjordtorsk, seier ho.
Problemet er at fiskepress og varme somrar skjer samstundes.
– Når vi fiskar så hardt, krympar genpoolet. Bestanden blir mindre fleksibel og toler klimaendringane dårlegare enn han kunne ha gjort om vi gav han meir rom, seier ho.
Tiltak i Oslofjorden er ikkje nok
Frå 1. januar 2026 innførte regjeringa nullfiskeområde i Oslofjorden. Sodeland meiner det er utilstrekkeleg aleine.
– Det er akkurat som at vi berre sit og ventar på at situasjonen skal bli verre her langs Skagerrakkysten òg. Det må tas ansvar for heile kysten. Vi kan ikkje berre klappe oss sjølv på skuldra for tiltaka i Oslofjorden, seier ho.
Annonse
– Tiltak i Oslofjorden er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg aleine. Vi treng tiltak som og gjeld Skagerrakkysten ned mot Lindesnes, seier Sodeland.
Fritidsfiske er nesten uregulert
Mens laksefiske i elv er strengt regulert, med både registreringsplikt og avgrensa kvotar, er fritidsfiske etter torsk langs kysten i praksis fritt.
Det finst eit minstemål på 40 centimeter, men ingen kvotar, inga påmeldingsplikt og inga rapportering. Turistfiske er like dårleg regulert.
Ifølge ein rapport frå Havforskingsinstituttet er fritidsfisket langs kysten faktisk tre gonger meir dødeleg for kysttorsken enn det kommersielle fisket på nordsjøtorsk.
– Eg har ikkje lyst til å lage ei peikefingersak. Eg har sjølv barn som elskar å fiske. Men sjølv om det ikkje er et tilstrekkeleg regelverk på plass, hjelper det kanskje om vi alle tenker oss litt om før vi målretta fisker etter denne sårbare arten, seier Sodeland.
– Og får du torsk, slepp han ut igjen uansett kor stor han er, seier ho.